Utforsker det stygge

FRAMSNAKKING: – I mine auge ein av dei mest interessante forfattarane i vår tid.

I denne spalten utfordrer vi en rekke forlagsfolk til A) å løfte frem en bok fra eget forlag (og kun én) som ikke har fått den oppmerksomheten den fortjener, og B) å velge en bok fra et konkurrerende forlag. I dag: Kjersti Instefjord, seniorredaktør i Forlaget Oktober.

Levande og sann

– Elena Ferrante skriv at for henne er kampen og motoren i all litterær utforsking å vere oppriktig i litteraturen, og vidare, at den litterære sanninga ikkje er basert på noka som helst pakt med det sjølvbiografiske eller journalistiske eller juridiske. «Kva ord, kva setningsrytme, kva tone er den rette for det eg har erfart og kan? Utan dei rette orda, utan lang øving i å sette dei saman, kjem det verken liv eller sanning inn i teksten», skriv ho. Eg har tenkt på Ferrante i arbeidet med Ulla Lies debutroman Tretthetsanalyse, ein roman som eg opplever som både levande og sann. Det er ein roman om ei kvinne som har blitt bedratt og forlatt, og som bruker heile sitt repertoar av overlevingsmekanismer for å halde seg oppreist. Romanen er skriven både med intellekt og kropp, i ein uanstrengt prosa, ein medrivande strøm. Det er ein roman eg set høgt og ein forfattar eg gler meg til å arbeide meir med!

– Ei enorm tilfredsstilling

– Frå andre forlag fell valet på Elena Ferrante sjølv, i mine auge ein av dei mest interessante forfattarane i vår tid, som med romanen Dei vaksnes løgnaktige liv (Samlaget) stadfester akkurat det. Eg liker så godt korleis Ferrante set i gang romanane sine. Her opnar det med at Giovanna, ei ung jente, overhøyrer faren seie at ho er stygg, som set i gang eit hendelsesforløp som fører til at foreldrenes løgner blir avslørte. Romanen utforsker det stygge, som er tett samanknytt med klasse og med seksualitet, og måten ho skriv om dette på er levande og vedkommande, og gir denne lesaren ei enorm tilfredsstilling. Omsett av dyktige Kristin Sørsdal.

 

Se også hvilke bøker årets tidligere framsnakkere har valgt:

Gine Jonassen, Res Publica

Edvard Thorup, Dreyers Forlag

Cecilie Kirkaune Bodahl, Cappelen Damm

Inge S. Kristiansen, Vigmostad & Bjørke

Maiken Grønning Fotland, Kagge

Nora Campbell, Aschehoug

Evy Singstad, Mangschou

Dan Aksel Jacobsen, Verbum

Harald Fougner, Gyldendal

Ingrid Eia Ryvarden, Strawberry Publishing

Karen Forberg, Vigmostad & Bjørke

Stian Hjelvin Andersen, Pitch

Hilde Rød-Larsen, Aschehoug

Elisabeth Øvstebø, Saga Bok

Reidar Mide Solberg, Gyldendal

Frederik Lønstad, Cappelen Damm