– Utruleg sympatisk og imponerande

FRAMSNAKKING: I dag eit stort litterært talent og ei kjenslefull og var historie.

I denne spalten utfordrer vi en rekke forlagsfolk til A) å løfte frem en bok fra eget forlag (og kun én) som ikke har fått den oppmerksomheten den fortjener, og B) å velge en bok fra et konkurrerende forlag. I dag: Brynjulf Jung Tjønn, seniorredaktør, barne- og ungdomslitteratur i Samlaget.

Plukka ut som mobbeoffer

– Denne hausten debuterte Peter F. Strassegger som ungdomsbokforfattar med Aleksander den store på Samlaget. Dette er ein sterk og annleis ungdomsroman, som eg trur også gutar vil fatte interesse for. Hovudpersonen er fødd og oppvaksen i utlandet, men flyttar til Norge som 15-åring. Her blir han plukka ut som mobbeoffer. Det er ei rolle han har hatt før. No han finne ut korleis han skal takle situasjonen. Skal han ta igjen, slik som sist? Eller finst det ei anna løysing? Ei spanande bok om utanforskap, migrasjon og vald blant unge, skrive av eit stort litterært talent.

Kjenslefullt og vart

Frå eit anna forlag:

– Eg vil trekke fram teikneserieforlaget Blokk forlag, drive av Anja Dahle Øverbye og Ingrid Flognfeldt Brubaker. Eit utruleg sympatisk og imponerande prosjekt, som gir ut fanziner, antologiar og omsette teikneseriar. Det er fleire bøker eg kunne ha trekt fram der, men vil spesielt peike på Lysning av tyske Antonia Kuhn, omsett av Gina Tandberg. Ein ung gut prøver å finne ut av historia til sin døde mor. Her vekslar det mellom draumesekvensar og minner og ei handling i notid. Kjenslefullt og vart teikna fram i svart-kvit.

Se også hvilke bøker årets tidligere framsnakkere har valgt:

Gine Jonassen, Res Publica

Edvard Thorup, Dreyers Forlag

Cecilie Kirkaune Bodahl, Cappelen Damm

Inge S. Kristiansen, Vigmostad & Bjørke

Maiken Grønning Fotland, Kagge

Nora Campbell, Aschehoug

Evy Singstad, Mangschou

Dan Aksel Jacobsen, Verbum

Harald Fougner, Gyldendal

Ingrid Eia Ryvarden, Strawberry Publishing

Karen Forberg, Vigmostad & Bjørke

Stian Hjelvin Andersen, Pitch

Hilde Rød-Larsen, Aschehoug

Elisabeth Øvstebø, Saga Bok

Reidar Mide Solberg, Gyldendal

Frederik Lønstad, Cappelen Damm

Mariann Fredin, Bladkompaniet