– Kjente litt for godt på pakkene

LUKE 23: Herborg Kråkeviks beste juleminne er fra julen hun snek seg til å kjenne på pakkene før julaften.

Herborg Kråkevik er ein engasjert kulturformidlar. Ho har alltid vore oppteken av å fornye og aktualisere gamle tradisjonar, om det no er den franske kabaretforma: Herborgs verdenEg og EdithKjære landsmenn, eller songane våre: Kråkeviks songbok. No har Kråkevik vekt til live den gamle tradisjonen med litterære julehefte; Juleroser har blitt eit av dei aller mest etterspurde julehefta i juletida.

Hvor tilbringer du jula i år?

I Drebrekke, Jondal. På barndomsgarden min hjå foreldra min og bror min sin familie

– Det blir ikke jul uten … hva?

Julemusikk og røykelse.

– Hva har vært årets store leseopplevelse for deg?

– Eg vert nøydd til å velgja to verk; Kristin Lavransdatter-trilogien av Sigrid Undset og fyrste bind av Ketil Bjørnstad sine årti-bøker, 60 tallet. Den fyrste arbeide så intenst med for å spela Kristin i musikalen om ho på Dns i Bergen, den andre er eg ikkje ferdig med enno, men gler meg til kvar vesle lesestund!

– Hvilke tre bøker vil du gjerne gi bort i år?

– Leselyst av Tone Selbo, Europa er ikke et sted av Jens Christan Grøndahl og som alltid noko av Karen Blixen.

– Hvis du skulle invitere en i bokbransjen til å være julenisse – hvem ville du valgt (og hvorfor)?

Herbjørg Wassmo – fordi det ville vore så fint å snakka med ho igjen! Eg vart litt kjent med ho då me laga den fyrste utgåva av Juleroser i 2015 og eg skulle gjerne snakka meir med ho!

– Hva står på bordet på julaften?

I år vert det pinnekjøtt.

– Beste julegaven du noensinne har fått?

Det må vera hunden vår, Blicher. Eigentleg var det ei gåve til døtrene våre, men han er jo vorten alle sin i familien. Og han er ein kjær ven.

– Ditt beste juleminne?

– Det var sjølvsagt fantastisk å opne pakkane, men eg hugsar betre at me hadde vore og kjent på dei, førestilt oss kva som kunne vera inni. Eitt år hadde eg kjent litt for godt etter. Eg visste kva me skulle få: kvar vår rattkjelke med handbrems. Tida fram til julaften var enda meir uuthaldeleg enn ho pleidde. Snøen kom, kjelkevêret var perfekt, og eg visst kva som låg og venta oppe på loftet. Då me endeleg opna pakkane, fekk bror min sin fyrst – blå med metallicstriper. Eg ropte i fryd, for då visste eg at den svarte var til meg. Men då det byrja å verta tomt under treet, så eg ingen pakke som likna på ein tøff kjelke. Berre ein rund klump låg att. Foreldra mine overrekte han høgtideleg til meg: «Dette er frå oss i år».  Eg var i sjokk. Hadde eg sett dobbelt der oppe på loftet? Var det berre ein til bror min? Eg pakka ut strikkegenseren og kjempa med tårene. Det var heilt stilt i stova. Mor må såg at dei ikkje kunne dra det ut lenger, så ho dunka borti far min, og han trylla fram ein stor kasse frå bak gyngestolen og gav han til meg mens han sa: «Og så går du vel ikkje og ser i posane til neste år…?»

–  Og ditt verste?

Då eg gjekk imot legens råd og tok fly med 6 mndr gammal baby som hadde lungebetennelse fordi eg måtte heim til jul. Det var ikkje klokt.

– Har du et nyttårsønske på vegne av bokbransjen?

Ja, at me alltid lagar ting fordi ideen og innhaldet er påtrengjande viktig, ikkje for at det  skal selgja!

Tidligere kalendergjester

LUKE 1: Gunnar Staalesen
LUKE 2: Maja Lunde
LUKE 3: Jan Ove Ekeberg
LUKE 4: Wiggo Andersen
LUKE 5: Ingunn Myklebust
LUKE 6: Martin Tesli
LUKE 7: Therese Lund Stathatos
LUKE 8: Bjørn Sortland
LUKE 9: Kari Slaatsveen
LUKE 10: Per Sandberg
LUKE 11: Bjørn F. Rørvik
LUKE 12: Simon Stranger
LUKE 13: Silje Tretvoll
LUKE 14: Rita Mundal
LUKE 15: Ken André Ottesen
LUKE 16: Trude Marstein
LUKE 17: Brit Bildøen
LUKE 18: Susanne Skogstad
LUKE 19: Helge Torvund
LUKE 20: Bokhandler Beth
LUKE 21: Kristin Storrusten
LUKE 22: Roy F. Conradi Andersen

.

(Hovedfoto: Agnete Brun)