Jul heime på Ogna

Helge Torvund tar jula på alvor.

LUKE 19: I dag med besøk av selveste Helge Torvund. Tidligere i år gav Torvund ut samlingen "Tidslys" (Aschehoug) - dikt om tiden sitt lys. I høst er han videre aktuell med diktantologien "101 dikt om kjærleik" (Cappelen Damm).

– Hvor tilbringer du jula i år?

Eg skal vera heime på Ogna, i år som alltid. Me snakkar av og til om å feira jul i York, livskjærasten og eg, men til nå har det vorte «same procedure as every year».

– Det blir ikke jul uten … hva?

Døtrene våre har laga nokre fabelaktig flotte, varierte og nydelege vegetar-julemiddagar nokre år, men helst vil eg ha pinnekjøt, juleøl og akevitt. Då er det jul.

– Hva har vært årets store leseopplevelse for deg?

– Killing Commandatore av Haruki Murakami var ein sann svir, men nå har eg byrja på den ambisiøse diktsamlinga The Five Quintets av den irske poeten Micheal O’Siadhail, og det ser faktisk ut som om den kan toppa det meste.

– Hvilke tre bøker vil du gjerne gi bort i år?

– Verden ønsker at se seg selv av Inger Christensen. 101 dikt om kjærleik vil vera ei glede å gje. Dikt frå mange land og tider, som eg har plukka ut sjølv. Og så veit eg om ein som skal få eit eksemplar av Alt brenner, som nettopp har kome i sitt 5.opplag.

– Hvis du skulle invitere en i bokbransjen til å være julenisse – hvem ville du valgt (og hvorfor)?

Svein Størksen frå Magikon forlag. Eg har stor respekt for hans fokus på det visuelle, at bøkene frå Magikon fungerer som eineståande visuelle heilskapar. Så kunne han jo gjerne svinga Rudolf og gjengen innom til meg med dei kinesiske utgåvene av to av mine barnebøker. Dei gler eg meg til å få i samlinga av bøker på andre språk.

– Hva står på bordet på julaften?

Eit telys-beger i kvit porselen med innskrifta «lyset/du treng/finst»

– Beste julegaven du noensinne har fått?

Ingenting slår barndommens gåveopplevingar, og der står eit par gåver høgare enn dei andre: Mormor og de åtte ungene i skogen av Anne Cath Vestly.

I julenissens slede eller i selskap med Hovmesteren?

Eg er ikkje så glad i anten eller, så kvifor ikkje invitera julenissen med til Hovmeisteren?

– Ditt beste juleminne?

Som barn og ungdom feira eg ofte jul i kafeen som farmor mi dreiv. I tillegg tile besteforeldre, mine foreldre og søsken var tanter, onklar og søskenbarn samla der. Og eit spesielt juleminne frå tidleg ungdom er den gongen me rydda golvplass og sette på musikk på jukeboksen, og eg fekk vera med å dansa.

–  Og ditt verste?

Ein gong me hadde feira jul på kafeen på Sandnes, og skulle køyra heim att utover Jæren, var det tett snødrev, dårleg sikt, kaldt og glatt. Så fekk me motorstopp.

– Har du et nyttårsønske på vegne av bokbransjen?

At det om natta den andre januar vert slik, at alle, både dei som bestemmer vilkåra for bokbransjen, og alle potensielle lesarar og bokkjøparar, hadde den same innsiktsvekkjande draumen der det å ta vare på den verdien som ligg i forteljinga og diktekunsten brått vart ei udiskutabel felles oppgåve, der alle plutseleg bare visste kva som måtte til for å leggja alt best mogleg til rette for å vidareføre tradisjonane og løfta alle dei involverte, frå forfattar, via formidlar og bokhandlar til lesaren, trygt inn i vår felles framtid.

Tidligere kalendergjester

LUKE 1: Gunnar Staalesen
LUKE 2: Maja Lunde
LUKE 3: Jan Ove Ekeberg
LUKE 4: Wiggo Andersen
LUKE 5: Ingunn Myklebust
LUKE 6: Martin Tesli
LUKE 7: Therese Lund Stathatos
LUKE 8: Bjørn Sortland
LUKE 9: Kari Slaatsveen
LUKE 10: Per Sandberg
LUKE 11: Bjørn F. Rørvik
LUKE 12: Simon Stranger
LUKE 13: Silje Tretvoll
LUKE 14: Rita Mundal
LUKE 15: Ken André Ottesen
LUKE 16: Trude Marstein
LUKE 17: Brit Bildøen
LUKE 18: Susanne Skogstad