Julelys, julepynt og lukta av pinnekjøt

Brit Bildøen har hatt stor suksess med sin siste roman "Tre vegar til havet", som omhandlar ei delvis selvopplevd historie. Jula feirar ho i havgapet på Nordvestlandet.

Brit Bildøen er nyleg utnemnd til Festspeldiktar i Bergen 2019, og er godt i gang med å legge planar for Dei litterære Festpela.

Samstundes haustar ho stadig flotte meldingar for si siste bok Tre vegar til havet, der ei kvinne som blir nekta å adoptere eit barn, tar til å stalke ein saksbehandlar i Staten.

Du kan lese meir om boka og forfattaren her

***

– Hvor tilbringer du julen i år?

I år blir det jul heime hos mor og far på Aukra.

– Det blir ikke jul uten … hva?

Julelys og julepynt og helst lukta av pinnekjøt.

– Hva har vært årets store leseopplevelse for deg?

Da har eg lyst til å nemne tre romanar som alle bevegar seg i eit dystopisk landskap. Vilkår for liv av Ingeborg Arvola, som er ei av dei underlegaste og vakraste bøkene eg har lese. Nullingen av Paul Abel av Bjørn Vatne, ein uhyre spennande sci-fi frå kjente trakter, nemleg min fødeby Ålesund. Og til slutt ein av haustens debutar, Det er lenge til skumring av Tharaniga Rajah, som har skapt eit scenario der det foregår etnisk reinsking og terror i Finnmark. Dette er bøker som med dristige litterære grep tar fatt i nokre av vår tids store utfordringar.

– Hvilke tre bøker vil du gjerne gi bort i år?

Dei tre eg har nemnt ovanfor utgjer ein nokså dyster julepakke, så eg må vel spe på med juleheftet frå Samlaget. Mange i familien ventar å få Juleroser i år også!

– Hvis du skulle invitere en i bokbransjen til å være julenisse – hvem ville du valgt (og hvorfor)?

No har nettopp Nasjonalbiblioteket delt ut nær på tredve millionar til bibliotek og institusjonar som jobbar for å fremme leselyst – ingen andre i Bok-Norge klarer vel å matche dette! Aslak Sira Myhre og Liv Gulbrandsen er så absolutt årets julenissar.

– Hva står på bordet på julaften?

Eg har med meg ein tradisjon for å servere både pinnekjøt og ribbe på julaften. Men om eg må velje ein av dei, blir det pinnekjøt.

– Beste julegaven du noensinne har fått?

Det er umuleg å rangere. Men eg hugsar godt at eg fekk mobiltelefon i julegave av mannen min. Eg hadde vegra meg ganske lenge, og han var vel lei av å ikkje få tak i meg. No trur eg han synest at eg godt kunne ha sett litt opp frå mobilen iblant.

– I julenissens slede eller i selskap med Hovmesteren?

Tar gjerne plassen til grevinna for ein kveld.

– Ditt beste juleminne?

Det må vere den første jula eg feira med min eigen, nye familie – mannen min og hans to barn.

– Og ditt verste?

Eg har ingen vonde juleminne, faktisk. Eg er eit heldig menneske.

– Har du et nyttårsønske på vegne av bokbransjen?

At Bokåret faktisk skal føre til auka leselyst, slik at folk begynner å lese og kjøpe bøker igjen.

***

Tidligere kalendergjester

LUKE 1: Gunnar Staalesen
LUKE 2: Maja Lunde
LUKE 3: Jan Ove Ekeberg
LUKE 4: Wiggo Andersen
LUKE 5: Ingunn Myklebust
LUKE 6: Martin Tesli
LUKE 7: Therese Lund Stathatos
LUKE 8: Bjørn Sortland
LUKE 9: Kari Slaatsveen
LUKE 10: Per Sandberg
LUKE 11: Bjørn F. Rørvik
LUKE 12: Simon Stranger
LUKE 13: Silje Tretvoll
LUKE 14: Rita Mundal
LUKE 15: Ken André Ottesen
LUKE 16: Trude Marstein