Kva eg ønsker meg

Øystein Hauge (foto: Ola B. Nøst)

LYRISK: Fræna-dikteren Øystein Hauge er i vinden. Intet dikt har denne førjulstiden vært delt så ofte i sosiale medier - men også fra scenen og i pressen - som diktet «Treet».

Forrige lørdag fikk det lille verset plass på en helside i VG, diktet er med i Ellen Wisløffs bestselgende antologi «Mer Poesi – Juleheftet» – og diktet har også fått være med Anita Skorgan på årets juleturné.

Hauge forteller selv at suksessen har kommet overraskende:

– Ikkje sidan eg skreiv om søndagsåpne butikker for eitpar år sidan har pågangen om å få bruke diktene mine vore så stor. Det er litt rart. Er jo vant til å sitte for meg sjøl og skrive tekster svært få leser. Eg tenker på desse nye dikta mine som frikvarta mine. Sette seg ned og skrive fram øyeblikksbilete eg veit mange vil lese blir viktig for meg.

Noe av bakgrunnen for diktet har røtter i barndommens juledrømmer for snart seksti år siden og som står i kontrast til den kommersialiserte utgaven av jula i dag:

– Eit juleminne eg kan vende tilbake til den dag i dag ligg snart seksti år tilbake i tid. Eit godt minne. Men også litt sårt.

– I dagane før jul sette handelsstanden i Risør opp gratisbussar til Risør frå heimbygda mi Vegårshei. I Risør by stod eg saman med mor mi utanfor ein leiketøysbutikk der ein stor Märklin modelljernbane var utstilt. Kva som der og då kunne ha fått meg på tanken om at dette togsettet kom til å bli mitt til jul forstår eg ikkje heilt. Korleis eg kunne drøyme om noko så fint og dyrt. Eg som var midt i ein søskenflokk på åtte der julegåver til fleire hundre kroner var noko ein bare kunne se langt etter.

Eit sårt minne fordi det jo aldri blei noen modelljernbane på meg. Men samtidig eitt av dei finaste juleminnene eg har. Minner frå ei anna tid. Frå ei tid som står i slik ein kontrast til kjøpejula i dag.

Eg veit ikkje kva som ikkje var heimelaga den gongen. Julemiddagen lagt ned på Norgesglas like etter griseslaktinga. Sokkane og gensarane og jakkene, strikka og sydd og pakka inn før dei blei lagt ned under juletreet. Kakeboksane med sandkaker, sirupsnitter, krumkaker og kokosmakroner. Flaskene med Tomtebrygg. All juletrepynten klipt ut av farga papir. Juletreet henta ut frå ein stad inni skogen.

Men altså ingen Märklin modelljernbane.

Vi ønsker alle lyrikkvenner en velsignet julefeiring.

 

Treet

Kva eg ønsker meg
under juletreet

Aller mest ønsker eg meg
sjølve treet og

skogen og lufta
havet og elvene

i tusenvis av år framover