– Ei nydeleg og varm historie

DAGENS FRAMSNAKKER: Åsne Bruvik Lie.

FRAMSNAKKING: Ei leseoppleving som når opp til klassikarnivå, hevdar Åse Bruvik Lie.

Me er i avslutningsveka for årets Framsnakker-spalte. Her utfordrar me ei rekkje forlagsfolk til A) å løfta fram ei bok frå eige forlag (og berre éin) som ikkje har fått den merksemda ho fortener, og B) å velja ei bok frå eit konkurrerande forlag. I dag går stafettpinnen vestover, til Bergen og redaktør Åsne Bruvik Lie i Mangschou.

Uforgløymeleg juleselskap

– Eg skulle ønska at mange fleire barn – og vaksne – fekk lesa Radio Popov av Anja Portin, godt omsett av Mikael Holmberg. Ei nydeleg og varm historie om einsame barn som finn eit fellesskap i radiosendinga til Radio Popov, med Alfred som kanalvert og hjelparen Amanda som leverer eple og ullsokkar og andre nødvendigheiter til barna. Det heile kulminerer i eit uforgløymeleg juleselskap og er difor ei bok som er perfekt å lesa på denne tida. Eit evig aktuelt tema og ei leseoppleving som når opp til klassikarnivå! Store og små sit at med kjensla av at alle kan gjera noko for andre og at verda kan vera magisk.

Stiller utruleg sterkt!

Kva med anbefalinga frå eit anna forlag?

– I klassen nordiske mellomtrinnsromanar som burde fått meir merksemd meiner eg at Johan Rundbergs Stockholms-trilogi med fyrste bok Natteravnen (omsett av Kjersti Velsand) på Cappelen Damm også stiller utruleg sterkt! Forfattaren er så god til å skriva for målgruppa og skildringane hans av den fattige og skitne delen av Stockholm på 1800-talet er fantastiske. Spanande og medrivande og eg gler meg til bok 3.

 

Se også våre øvrige framsnakkere:

Anitra Figenschou, Figenschou forlag: Startskudd med data og dikt

Marius Hjeldnes, Spartacus: Kollaps og traumer

Helle Sommerfelt, Dreyers: Ny støy og gammel visdom

Per Arne Drangsholt, Saga Bok: Sagakonger og familiefeider

Malene Vilnes, Frisk forlag: Skeiv anbefaling

Håkon Strand, Strand forlag: To sterke historier

Gerd Johnsen, Res Publica: Coffee table for arbeidsfolk

Anja Gustavson, Kagge forlag: River i hjertet

Christian Kjelstrup, Vigmostad & Bjørke: Supertruse, turbodass og Pessoa

Marie Lexow, Memo forlag: Ga meg mange aha-opplevelser

Johanna Birkeland, Bonnier: Deilig irriterende og sta

Mattis Øybø, Tiden: Formsikker debutant

Kristin Tinmannsvik, Solum Bokvennen: Full av humor og varme

Victoria Jelsø Selbæk, Gyldendal: Blant selvopptatte forfatterdivaer

Camilla Mangelrød, Cappelen Damm: Om naturlengsel og naturtap

Camilla Brønnich Eikeland, Vigmostad & Bjørke: Blir stemoderlig behandlet