– Særleg sterk haust

Halvor Folgerø tar leserene med tilbake til Vestlandet denne høsten (Foto: Tove Breistein)

SAMLAGET-BOKHØSTEN: – Samlaget har ei stolt historie som biografi-forlag og denne hausten er vi utan tvil særleg sterke der, seier forlagssjef Håkon Kolmansskog.

Ute blir fargane endra, og i bokhandlane kjem det nye bøker inn. Det betyr berre éin ting: Det er bokhaust – og vi blar oss gjennom bokhausten til forlaga. No er turen komen til Samlaget.

– Samlaget har ei stolt historie som biografi-forlag og denne hausten er vi utan tvil særleg sterke der, med solide utgjevingar av to av dei fremste sakprosaforfattarane i Noreg: Arnhild Skre har i fleire år arbeidd med biografien om Berge Furre og Alfred Fidjestøl har biografert Georg Johannesen. Dette er bøker ingen med ei viss ålmenndanning kjem utanom, for å seie det pompøst, men slik det berre er, seier Håkon Kolmansskog.

Forlagssjef Håkon Kolmannskog (t.v.) saman med adm.dir. i Samlaget, Edmund Austigard.

Samlaget utgir denne hausten Halvor Folkerøs oppfølgjar til suksessen Vestlandsvegar. I Fleire vestlandsvegar tar Folgerø oss med til kjende turistvegar som Sognefjellsvegen, Aursjøvegen og Dollarvegen.

– Og kulturredaktør i Bergens Tidende, Jens Kihl, har skrive ei viktig bok om kanskje Vestlandets fremste politiske representant: Liv Signe Navarsete.

I Eg veit kva eg snakkar om! gir tidlegare Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete endeleg sin versjon om nederlag og gjennomslag – og ufine mannfolk.

– Eit sylskarpt samfunnsgeografisk kammerspel

– Vi har sjølvsagt nokre knall gode romanar som eg trur vil prege bokhausten, ikkje minst Agnes Ravatn sin roman Gjestene. Marknadsavdelinga vår likar nok ikkje pitchen min, men eg tykkjer den er eit sylskarpt samfunnsgeografisk kammerspel, slik berre Ravatn kan gjere det, sier Kolmannskog.

På haustlista finner vi òg Anders Totlands andre vaksenbok, Til jord skal du bli. Her blir lesaren kjend med Jacob Juul, som på få dagar går frå å væra pensjonert prest og spritseljar, til å bli enkemann og nybakt bestefar for ei 7 år gammal jente. Om ikkje det var nok, blir han òg drapsmann.

I tillegg gir Samlaget ut romanen til Martin Baldyz, Vardane. Eitt år etter den 17 år gamle seterjenta Kirsten forsvinn etter å ha drepe ein mann, byrjar rykta å gå om at Kirsten har vorte sett i fjellheimen. Den danske presten i bygda melder seg til teneste, han skal få frelst drapskvinna og henta ho ned frå fjellet.

Utestenging, fotball og jul

– Vi markerer oss med fleire sterke, realistiske ungdomsromanar, sier Kolmansskog.

Helene Guåker kjem blant andre med boken Ein venn som meg. Sofie blir fryst ut av alle de andre i niende klasse. Men så kjem det ei ny jente i klassen, Carla. Ho er så sjølvsikker at ho ikkje ser ut til å ha eit einaste problem i verda. Kan Sofie få ein ny venn i Carla?

Samlaget utgir ein rikt illustrert bok om Erling Braut Haaland. I Ørjan Zazzera Johansens Historia om Erling Braut Haaland får leserne vite hvordan Erling frå vesle Bryne eit av dei største fenomena i den største idretten på verdsbasis?

Det blir ikkje noe meir juleroser for barn – men Samlaget utgir praktboka Jula er her. Den byr på 24 nye julefortellingar for barn, skrivne og illustrerte av Noregs fremste forfattarar og illustratørar – som Maja Lunde, Maria Parr, Bobbie Peers, Simon Stranger, Agnes Ravatn, Tom Egeland, Frode Grytten, Tegnehanne og Herborg Kråkevik.

– Perfekt for høgtlesing

– Kan du trekke frem ein «skjult skatt» frå Samlagets haustliste? 

– Alf Kjetil Walgermo og Anna Fiske (ill): Barnebibelen. Dette er ikkje noko «skjult skatt», men ei annleis utgjeving, er det definitivt. Det er i alle fall ikkje kvar dag at vi gir ut Bibelen!, sier Kolmansskog, og legger til:

– Desse fortellingane er blitt fortalde i hundrevis av år, men dei må bli fortald på nytt, på nye måtar til stadig nye generasjonar. Historiene i Bibelen er grunnlaget for den kristne trua og ein sentral del av den vestlege kulturen. I tillegg er bibelfortellingane spennande! Eg kan ikkje tenkje meg betre formidlarar enn Alf Kjetil Walgermo og Anna Fiske. I Barnebibelen har dei slått seg saman for å formidle dei gamle historiene på nytt, med fleire historier om jenter og kvinner, og med friskt og nytt uttrykk. Det har blitt ei fantastisk flott bok, som eg trur vil vere perfekt for høgtlesing for barn og som mange av oss vaksne også kan setje stor pris på.

Debutanter finest det òg på Samlagets haustliste:

– Det blir mykje barne- og ungdomslitteratur frå meg her, men så ligg no denne oss særleg tett på hjartet i Samlaget. Thoralf Fagertun debuterer med ei herlig sprø, munter og fengjande fortelling om Familien Gnork. Eg lo høgt og lenge og kosa meg stort då eg las denne overskotsprega Roald Dahl-aktige historia, rikt illustrert av Line Halsnes.

 

 

MER FRA BOKHØSTEN 2022:

TIDEN-BOKHØSTEN: – Står foran et gjennombrudd

EGMONT-BOKHØSTEN: En slagferdig høstliste

FIGENSCHOU-BOKHØSTEN: Dovregubber og eldgammel ondskap

MANGSCHOU-BOKHØSTEN: Bøker med landeplagepotensial

ASCHEHOUG-BOKHØSTEN: Potensielle suksesser og prisvinnere

PITCH-HØSTEN: Skal finne meningen med livet

OKTOBER-BOKHØSTEN: Forfatterveteraner og amerikanske drømmer

CAPPELEN DAMM-BOKHØSTEN: – En overbevisende start

FRISK-BOKHØSTEN: Følger og skaper trender

RES PUBLICA-BOKHØSTEN: Bjørn, Bitsch og Bullough

SPARTACUS-BOKHØSTEN: Nye fortellinger om Norge

MEMO-BOKHØSTEN: Satser på tidløse faktabøker

SKALD-BOKHØSTEN: – Går attende til røtene