– Går attende til røtene

SKALD-FORLAG: Forleggar Lars Nes, forlagsredaktør Janne Nygård, forlagssjef Simone Stibbe og ansvarleg for digital marknadsføring Åsta Urdal. (Foto: Skald)

SKALD-BOKHØSTEN: – I haust går vi attende til røtene med fleire bøker om norske tradisjonshandverk og nær kulturhistorie, seier forlagsredaktør, Janne Nygård.

Ute blir fargane endra, og i bokhandlane kjem det nye bøker inn. Det betyr berre éin ting: Det er bokhaust – og vi blar oss gjennom bokhausten til forlaga. No er turen komen til Skald.

Vi startar med tre bøker ein burde merka seg:

– Om eg må velje ut tre bøker frå ei allereie nøye kuratert haustliste, så må det bli Sidereventyret av Camilla Aasen, Søvn – ei kulturhistorie av Bjørn Sverre Hol Haugen og haustklassikaren vår Å vere ein annan av Fernando Pessoa, seier Janne Nygård.

Sider, søvn og portugisisk klassikar

Sidereventyret av Camilla Aasen og Bernt Bucher-Johannessen og Eivind Haalien er ei frisk og sprudlande bok som går tett på eldsjelene som har løfta den norske sidernæringa til nye høgder. For 20 år sidan var det ikkje mogleg å få tak i norsk sider på vinmonopolet, men i dag vinn den gullmedaljar i internasjonale konkurransar og blir servert på dei beste restaurantane. Å lage sider og fruktvin er ein gamal tradisjon i Noreg, og endeleg blir forteljinga om norsk siderproduksjon samla mellom to permar. Eit spennande og velskrive eventyr – ispedd ein del praktisk info og råd om sider!

Å vere ein annan er ei samling velkuraterte tekstar av portugisiske Fernando Pessoa, ein av dei verkeleg store europeiske modernistane, omsett av Øystein Vidnes. Utvalet i denne boka er sett opp kronologisk og følgjer den mangfaldige forfattaren og eit utval av hans sentrale forfattaridentitetar gjennom heile livet. Det er ei bok som vil vere ein veldig fin inngangsport til forfattarskapet for dei som ikkje kjenner han frå før, men her vil også vere mykje å oppdage for dei mange Pessoa-fansane rundt om i landet.

Søvn – ei kulturhistorie er ei fascinerande bok som viser at søvn er meir enn biologi. Kvar kjem dagens søvnrytme frå? Korleis sov vi før i tida? Forfattar og kulturhistorikar Bjørn Sverre Hol Haugen boblar over av formidlingsglede når han tar oss med tilbake i tid og opp i sengene til 1700-talsbøndene – for å vise korleis søvnen alltid har tilpassa seg ulike tider og samanhengar.

Bøker som tar oss nærare røtene våre

– I haust går vi attende til røtene med fleire bøker om norske tradisjonshandverk og nær kulturhistorie. Felles for utgivingane er at dei utforskar tema som ikkje er skrive mykje om, men som likevel er ein sentral del av den felles kulturarven vår, som tørrmuring og siderproduksjon, seier Nygård, og legg til:

HAUST-FORFATTAR:

– Dette er bøker som tar oss nærare røtene våre, men også oss sjølve som menneske. Å sitje på ein liten sjølvmura mur med eit glas sprudlande sider i handa. Kan det vere ei betre haustoppleving? Ja, kanskje om ein held ein nyomsett verdsklassikar i handa! Interessa for utgivingane i Skalds klassikarserie har auka enormt denne våren. Vårklassikaren vi gav ut er trykt i tre opplag allereie, og vi håpar trenden held fram for den komande haustklassikaren!, seier Nygård.

Eit heilt spesielt far-og-dotter-portrett.

Blant bøkene på haustlista finst det ein debutant som skriv utradisjonelt om det tradisjonelle:

– Ein debutant som har imponert oss stort i år er Kjersti Aase Winjum, som kjem med Mur, far og dotter – ei utradisjonell og spennande bok om å lære kunsten å tørrmure, eit tradisjonshandverk som står oppført på UNESCO si verdsarvliste. Far hennar, Haakon Aase, er ein av landets fremste tørrmurarar, og i boka følgjer vi dei gjennom eit heilt år medan dei murar ein støttemur på garden hans utanfor Bergen. Winjum skriv litterært og lett utan å hoppe bukk over det faglege og har samtidig klart å skrive fram eit heilt spesielt far-og-dotter-portrett.

Forlaget har og barnelitteratur på haustlista:

– Barneboka på lista vår i år er ei lita nyoppdaga perle! Pelikan her, Pelikan der er ein levande amerikansk barneklassikar som no for første gong kjem ut på norsk. Forfattaren og illustratøren Leonard Weisgard har i fleire tiår hatt ein plass i hjarta til amerikanske barn – og dei store, vakre illustrasjonsflatene i denne boka er overraskande moderne, sjølv om boka kom ut for første gang i 1948.

 

MER FRA BOKHØSTEN 2022:

TIDEN-BOKHØSTEN: – Står foran et gjennombrudd

EGMONT-BOKHØSTEN: En slagferdig høstliste

FIGENSCHOU-BOKHØSTEN: Dovregubber og eldgammel ondskap

MANGSCHOU-BOKHØSTEN: Bøker med landeplagepotensial

ASCHEHOUG-BOKHØSTEN: Potensielle suksesser og prisvinnere

PITCH-HØSTEN: Skal finne meningen med livet

OKTOBER-BOKHØSTEN: Forfatterveteraner og amerikanske drømmer

CAPPELEN DAMM-BOKHØSTEN: – En overbevisende start

FRISK-BOKHØSTEN: Følger og skaper trender

RES PUBLICA-BOKHØSTEN: Bjørn, Bitsch og Bullough

SPARTACUS-BOKHØSTEN: Nye fortellinger om Norge

MEMO-BOKHØSTEN: Satser på tidløse faktabøker