Bildøen blir Festspeldiktar

Brit Bildøen. Foto: Tove K. Breistein

Brit Bildøen blir Festspeldiktar i Bergen 23. til 26. mai 2019.

Det melder Norsk Forfattersentrum, som arrangerer Dei Litterære Festspela i slutten av mai.

I grunngjevinga for valget av Brit Bildøen skriv Bildøens kollega Olaug Nilssen, som er i komiteen:

«Sjølv om Brit Bildøen skriv om ei kvinne som lempar ein død katt på dørstokken til ein byråkrat, inviterer bøkene hennar først og fremst til refleksjon, ikkje emosjon. Dei er litterært solide, gjennomtenkte og sobre. Brit med lang I er ein sofistikert forfattar, som behandlar sine tema med språkleg og strukturell sikkerheit. Forfattarskapen er ikkje mild, men han sprett ikkje uføreseieleg rundt som ein ball heller.»

Den døde katten er frå Bildøen si siste bok, Tre vegar til havet, der ei kvinne som blir nekta å adoptere eit barn, tar til å stalke ein saksbehandlar i Staten.

Boka har fått flotte meldinger og føyer seg inn i ei rekke kritikerroste bøker i eit stort forfattarskap.

Les også: Tre skjebner i én

Gildt selskap

Nå har altså forfattaren fått den æra å vere Festspeldiktar 2019, og ho er naturleg nok glad og stolt over tilliten.

– Ja, når eg ser dei forfattarene som har vore festpeldiktarar tidlegare, så er klart at dette er eit gildt selskap å bli ein del av, fortel Brit Bildøen til BOK365.

– Hvorfor ble det deg, tror du? 

– Vanskeleg å svare på. Eg har aldri hatt følelsen av å være «big in Bergen», så det var ei overrasking dette. Men eg har jo vore forfattar i 27 år og har ei viss produksjon etter kvart.

Fem nynorskdronningar

– Kan du røpe noko av vi får sjå og høyre under Festpela?

– Det fine med Dei Litterære Festpela er at Festpeldiktaren får vere med på å lage programmet. Og er har visst om dette ei tid, så eg har tenkt masse. Blant anna skal eg ha eit program som heter «Gullrekka», der du får treffe ei rekke nynorskdronningar. Fem nynorskdronningar kommer. Så kan jo lesarane gjette hvem det blir.

Så blir det nokre musikalske innslag, og fleie andre spennande gjestar, sier Bildøen.

– Du har fått ei rekke utmerkingar for diktinga di, men hvor høgt rangerer du dette?

– Dette set eg særs høgt. Dette er en aktiv pris. Den varer ei stund, og er få også vere med og planlegge programmet, sier Bildøen.

Prisa og feira

Brit Bildøen er fødd i 1961 og oppvoksen på  Aukra, utanfor Molde. Ho er utdanna bibliotekar, har studert sosiologi og på Skrivekunstakademiet i Hordaland. I 1991 debuterte ho med diktsamlinga Bilde av menn og har siden skrive romanar, barnebøker og essay, samt vore oversettar og redaktør.

Bøkene til Bildøen er omsett til fleire språk, og ho har mottatt ei rekke litterære prisar, blant anna Nynorsk Litteraturpris, Melsomprisen og Sunnmørsprisen. For romanen Sju dagar i august fikk hun i 2015 P2-lytternes romanpris. Årets roman, Tre vegar til havet, er av fleire meldarar blitt utropt til forfattaren si beste roman.

Tidlegare Festspeldiktarar

Det gilde selskapet Bildøen snakkar om, inneheld blant anna Vigdis Hjorth, Gunnar Staalesen. Øyvind Rimbereid, Frode Grytten, Inger Elisabeth Hansen, Lars Saabye Christensen, Tomas Espedal, Hanne Ørstavik, Per Petterson og Ragnar Hovland, som har vore Festpeldiktarar dei siste ti åra.

Blant dei tidlegare Festspeldiktarane finn vi mellom anna Jon Fosse, Kjartan Fløgstad, Jan Erik Vold, Dag Solstad, Kjell Askildsen og Olav H. Hauge.

I sanning eit gildt selskap.

 

Dei Litterære Festspela arrangeres i Bergen 23. til 26. mai 2019.

 

Du kan lese meir på Forfattersentrum Vestlandet sine hjemmesider her

 

 

.