Bak fasaden er Høgre eit kulturfiendtlig parti

    Frode Grytten band i Odda (Foto: Asgeir Ravndal)

    LUKE 22: Med sjølvaste Frode Grytten.

    Frode Grytten (f.1960) har som alltid fleire jern i elden. Seint i går kveld avslutta Frode Grytten Beat Band julekonsertane sine på Ole Bull Scene i Bergen.

    Grytten fekk i haust Bibliotekets litteraturpris for romanen Den dagen Nils Vik døde. For same bok fekk han i fjor dessutan Brageprisen. Han har òg vunne Rivertonprisen og Nynorsk litteraturpris. Bøkene hans er omsette til 17 språk.

    – Kvar er du jula i år, Frode?

    Heime, som alltid, som David Byrne syng: I’m just an animal looking for a home/ And share the same space for a minute or two/ And you love me ’til my heart stops/ Love me ’til I’m dead.

    – Det blir ikkje jul utan?

    Showbiz. No har eg i mange år rota meg opp på scena før jul, både med Stein Torleif Bjella og hans Innegubbens drøymejul, og med vårt eige Juleambivalens, med Frode Grytten Beat Band, så eg er blitt ein kynisk og sleip juleartist, spekulerer rått i folks sentimentalitet, men det er fine tradisjonar, fine konsertar, fint publikum, fine folk å lage lyd saman med. Og etter showbiz kan jula komme, stille og seig og sakte.

    – Kva har vore årets store leseoppleving for deg?

    Då må eg nesten seie Timothy O’Gradys I Could Read The Sky, som eg fikk tilsendt til jul i fjor, av ein kjekk og oppegåande bokhandlar i Oslo by, ein skarp og lyrisk roman som eg las i byrjinga av året. Fantastisk. Og Long Island av Colm Tóibín. Nydelig prosa. Og den nye til Ali Smith, Gliff. Annleis og opnande.

    – Kva tre bøker vil du gjerne gi bort i år?

    Då vil eg gi bort Kyrre Andreassens siste roman, Ikke mennesker jeg kan regne med, alle er einige om at han er knallgod. Og Bjørn Olaf Johannessens roman Marianne fra topp til tå, vittig og skrudd og absurd, god frå topp til tå. Og Per Dybvigs bildebok De står i kø. Jæskla bra.

    – Beste julegåva du nokosinne har fått?

    Eit skikkelig godt stereoanlegg. Eg kjøpte det rett nok til meg sjølv, for eigne pengar, i jula 1999. No har vi vore saman i 25 år. Det stereoanlegget har gitt meg mange av mine beste stunder. Varm og flott lyd i heimen.

    – Kva spår du blir snakkisen i litteraturfeltet i 2025?

    Vill tipping her. Kanskje Høgres forslag om å fjerne momsfritaket på bøker, for å kunne auke barnetrygda? Dette meiningslause forslaget har dei pusja ei god stund, og om dei kjem til makta i 2025, blir det gjerne ein realitet. Forslaget seier alt om partiet Høgre, det er smålig, ulogisk, pengepugande og viser at bak fasaden er Høgre eit kulturfiendtlig parti.

    – Om du kunne sett ei bok på pensum i norske skular i 2025, kva ville det vore?

    Kathrine Nedrejords Sameproblemet. Her er det dessverre framleis ein lang, lang veg å gå. Eg trur det ville vere flott om landets skuleelevar fikk lese den romanen.

    – Har du et nyttårsønske på vegne av Kultur-Norge? 

    Ja, rydd opp i rotet med Nationaltheatret. Det er pinlig. Vi må ha eit nasjonalteater i hovudstaden, i eit funksjonelt bygg, med fleire scenar, det er stusselig når Senterpartiet nyttar sjansen til å vere populistisk og bygdeteit og antielite på veldig trist vis. Nationaltheatret sjølv kan gjerne sjå på dette som ein sjanse til å spele teater på utradisjonelt vis ein periode, vere nyskapande og folkelige og tilgjengelige over alt, både i hovudstaden og i nasjonen. Uansett, snakk saman og fiks greiene.

    – Om du berre kunne velja éin: Prøysen, Sissel, Donald, Sølvguttene eller Askepott?

    Kva er galt med Shane MacGowan?

     

    SE DE ØVRIGE LUKENE HER

    Luke 1 – Kristina Quintano

    Luke 2 – Trude Teige

    Luke 3 – Egon Holstad

    Luke 4 – Kathrine Nedrejord

    Luke 5 – Tonje Tornes

    Luke 6 – Ragnhild Holmås 

    Luke 7 – Aslaug Gaundal

    Luke 8 – Tormod Løkling

    Luke 9 – Gudrun Skretting

    Luke 10 – Marianne Teie

    Luke 11 – Sarah Herlofsen

    Luke 12 – Kristine Rui Slettebakken

    Luke 13 – Nora Brech

    Luke 14 – Brynjulf Jung Tjønn

    Luke 15 – Roy Conradi Andersen

    Luke 16 – Erika Fatland

    Luke 17 – Caroline Heitmann 

    Luke 18 – Steinar Suvatne

    Luke 19 – Ayesha Wolasmal

    Luke 20 – Bjørn Vatne

    Luke 21 – Arill Riise