LUKE 21: - Eg er overvelda over mottakinga boka har fått no når tredje opplaget har komme, fortel forfattaren Arill Riise.
Arill Ingvald Riise (f. 1958) har fleire års fartstid i NRK og TV 2. Han byrja i NRK i 1983, men han har vore nyheitsanker i TV 2 sidan 2010. Han har fått prisen Årets nynorskbrukar frå Nynorsk kultursentrum i 2012 og Kringkastingsprisen i 2016.
I haust har han fått varm respons på den sjølvbiografisk baserte boka; Der ingen var einsam: klyngjetunet som vart utsletta (Samlaget).
Då Arill Riise var ni år gammal vart heimen han budde i, og resten av klyngetunet Riise ved Hjørundfjorden, tatt av snøskred. Eit heilt lite samfunn vart utradert denne skjebnemorgonen i februar 1968. Av dei tre som omkom, var fire år gamle Ivar, veslebroren til Arill.
Dette er ei gripande, nær og varm forteljing om menneske som levde tett på kvarandre og fargela livet når det blei for mykje kvardag. Som mora til Arill, Ragna Riise, sa: «Det var eit godt liv. For ingen var einsam på Riise».
– Kvar er du jula i år, Arill?
– Det blir i vår nye heim i Bergen i Skjoldneshagen på Nesttun. Vi skal ha nesten alle våre til bords på julaftan og det gler vi oss stort til.
– Det blir ikkje jul utan?
– Lukta av dampa pinnekjøt og at Mahalia Jackson syng «Silent Night». Så har eg ein tradisjon til. Meir om det seinare.
– Kva har vore årets store leseoppleving for deg?
– Eg har jobba så mykje med mi eiga bok at eg har prioritert vekk lesnad som ikkje har med boka å gjere, men eg blei begeistra over Jon Fosses «Kvitleik». Han skriv om folk og landskap eg kjenner meg igjen i, og dette meisterverket om døden er poesi. Som eit langt dikt egentleg. Så bladde eg meg humrande gjennom Are Kalvøs «Berre bønder lengtar heim». Forestillinga hans er enda betre.
– Kva tre bøker vil du gjerne gi bort i år?
– Edvard Hoem «Ung kar vil ut». Eg er ein Hoem fan også. Det er så inspirerande å lese han og nynorsken hans er mjuk som musikk. «Ferjefolket» av Halvor Folgerø gler eg meg til å lese. Det er «må lese» for oss vestlendingar, og mormor trilogien av Trude Teige. Ho er god ven og tidlegare kollega i NRK og TV2 som tidleg gjorde det klart at ho måtte skrive. Det er ei glede for hundretusenvis av lesarar i Noreg og utlandet at ho gjorde og gjer det!
– Beste julegåva du nokosinne har fått?
– Oransj DBS-sykkel. Den fekk eg til 10 års dagen i desember 1968, og han var så dyr at det blei julegåve også. I dag får eg det eg ynskjer meg mest – bøker.
– Kva spår du blir snakkisen i litteraturfeltet i 2025?
– Mange seier kunstig intelligens her, men eg håpar på ei bokbombe. Når ei bok slår ned i eit samfunn og utfordrar liva til folk er det stort. Eg tenkjer på Mykles «Sangen om den røde rubin» frå 1956. Åhå, det var ei oppvakning som reiv opp folk mentalt og rista i både preikestol og domstol. Boka blei først forboden og Riksadvokaten greip inn på moralsk grunnlag. Det er ikkje til å tru sjølv i dag. Kanskje eg skal skrive bokbomba? Det er berre å ta for seg norsk presse på åtti/nittitalet så er vi der, ha,ha. Lenge før Meetoo og HMS.
– Om du kunne sett ei bok på pensum i norske skular i 2025, kva ville det vore?
– Eg er usikker, men eg hugsar då eg sjølv las «Fluenes herre» av William Golding som var pensum på Volda Gymnas. Uforgløymeleg og livsendrande. Eg meiner skuleungdom må freistast inn i bokverda med kvalitet. Men klassikarane må gjerast levande av ein engasjert lærar. Eg hadde ein fantastisk norsklærar på ungdomsskulen som såg oss og fekk oss til å bli nysgjerrige på litteratur sjølv om vi knapt var kjønnsmodne.
– Har du et nyttårsønske på vegne av Kultur-Norge?
– At kulturen blir meir synleg. Forlaga må vere meir på plattformer der dei nye lesarane er. Så ville eg spørje kvifor NRK ikkje har faste kulturnyheiter. Svenskane har jo det. Svensk tv er mykje kjedelegare enn NRK og TV2, men NRK burde ha daglege kulturnyheiter laga av ein eigen redaksjon. Såpass må vi kunne forlange av ein rikskringkastar som får 7,3 milliardar kroner av staten i året. Då ville kunst, dans, teater, litteratur og musikk bli meir synleg på fleire plattformer og det treng vi.
– Om du berre kunne velja éin: Prøysen, Sissel, Donald, Sølvguttene eller Askepott?
– Sølvguttene og så må eg ha «Karl-Bertil Jonssons julafton». Det må vere den gamle versjonen som NRK sender kvar julaftan etter «Sølvguttene». Det blir ikkje jul utan. Gjennom åra har dei tre sønene våre også gjort det til tradisjon , og det kan ikkje etast eit gram pinnekjøt før Karl-Bertil har fordelt gåvene. Slik blir det i år også.
God førjulstid!
SE DE ØVRIGE LUKENE HER
Luke 12 – Kristine Rui Slettebakken
Luke 15 – Roy Conradi Andersen