– Hylgrein av Vesaas på t-bane

NOMINERT: Ane Barmen Foto: Maria Olivia Rivedal.

LUKE 10: Ane Barmen fekk Bragepris for barn og unge med "Draumar betyr ingenting". Ho har grine av klassikarar i år og håpar på enda fleire kvinnelege erfaringar i litteraturen i 2020.

– Kvar er du i jula i år, Ane Barmen?

– Det blir Oslojul med mann, barn og bikkje. Mannen skal jobbe, så det blir ikkje vestlandstur på oss. Men det blir fredeleg og fint (eller så fredeleg det kan bli med ein toåring i hus).

– Det blir ikkje jul utan … kva?

– Ekte, dryssande, luktande gran i stova, (fåre)ribbe, Tre nøtter til Askepott og minst åtte knuste julekuler. Dotter og bikkje samarbeider om å øydelegge det som heng på treet.

– Kva har vore årets store leseoppleving for deg?

– Eg har hatt opptil fleire! Eg var på eit klassikarkøyr i vår og hadde stor glede av Camilla Collett si Amtmannens Døtre (så fin og deprimerande!), Charlotte Brontë si Jane Eyre (vittig og spanande og dødsromantisk!) og Tarjei Vesaas si Fuglane.

Fuglane var nok den mest overraskande. Eg tykte starten var ufatteleg treig og keisam og las vidare berre fordi det er så pinleg å ikkje takle Vesaas, men undervegs blei eg fullstendig hekta. Eg tilrår ingen å lese dei siste kapitla av Fuglane på t-bana (med mindre du syns det er kult å hylgrine over Tusten på offentleg transport).

– Kva for tre bøker vil du gjerne gi bort i år?

– Til dottera: Pølsetjuven av Marianne Gretteberg Engedal, for den er både morosam og innmari fint illustrert. Til alle med barn: nydelege Velkommen til Dyrehagen av Silje Bekeng-Flemmen. Til tenåringsniesene mine: Dette er ikke oss av Neda Alaei. Det er ei klok og vakker ungdomsbok.

– Beste julegåva du har fått nokon gong?

– Eit varmeteppe til å ha under lakenet, så kan du varme opp senga før du legg deg. Mannen gav meg det til jul for nokre år sidan, og det er heilt alvorleg talt LIVETS gåve.

 – Om du skulle invitere ein i bokbransjen til å vere julenisse – kven ville du valt (og kvifor)?

– Jon Fosse. Eg trur han ville ha blitt ein alvorsam, men lun nisse. Det kunne vi ha trengt i desse hektiske tider.

– Har du eit nyårsønske på vegne av bokbransjen?

– Ja: at ein skal pushe meir ungdomsbøker på samfunnet, og at media skal få opp auga for desse viktige bøkene. Som ungdomsbokforfattar merkar ein jo tydeleg skilnaden på interesse frå media i samanlikning med for dei som skriv for vaksne. Og så ønskar eg at ein skal bli samde om å ta i bruk sjangeren «unge vaksne» i både forlag og utover i butikkhyllene. Det er svært i utlandet, så kvifor kan ikkje vi også vere med på leiken?

– Kva spår du blir snakkisen i litteraturfeltet i 2020?

– Eg håpar på endå fleire bøker om kvinnelege erfaringar, som vi har sett starten på dei siste åra med den såkalla barsellitteraturen. Det var på høg tid, og det er deilig og naudsynt at slike bøker kjem opp og fram. Det blir garantert murring frå mannlege bokmeldarar, men det må dei tole. Meir pupp og vagina til folket, seier eg!

– Under pleddet med Petter Stordalen, god bok og raudvin – eller kanefart og karsk med Anne B. Ragde?

– Eg er eigentleg ein pledd-og-raudvin-person, men eg ser ikkje for meg at Petter Stordalen er typen til å gje deg lesefred. Han verkar hyggeleg, men så utruleg energisk. Det orkar eg ikkje.

Gje meg kanefart og karsk med ho Anne! Ho trur eg er ei festleg dame, og så tippar eg ho byr på ein digg heimelaga middag med dyr vin etterpå. Då skulle vi skravla om mat og skriving til det blei altfor seint, og eg ville garantert hatt hovudverk dagen derpå, men det skulle eg stått i.

LUKE 1: Ole Robert Sunde: – Ekstrem dumhet og dårlig smak

LUKE 2: Shazia Majid: – Mangfold må bli bransje-snakkis

LUKE 3: Ken André Ottesen: – Jeg er fra Toten – karsk og kanefart any time!

LUKE 4: Helene Flood: – Les mer, scroll mindre!

LUKE 5: Arne Svingen: – Dette bør bransjen IKKE gjøre 

LUKE 6: Mari Andreassen: – Håper Tromsø-bølgen blir nordnorsk skjelv

LUKE 7: Martin Ernstsen: – Kjøp inn flere tegneserier

LUKE 8: Unni Lindell: – Mitt største kulturøyeblikk

LUKE 9: Halldór Gudmundsson: – Norske forfattere må hentes hjem