Med crush på Ferrante

– Imponerande, regelrett, meiner Karin Helgøy og gler seg til å gje ut Elena Ferrantes Ferrantes The Days of Abondonment neste vår.

Sjølvfiska mat, lukta av sol og saltvatn i seigt barnehår, og ein passe balanse mellom utflukt og ro. Då er det sommar.

 

Dagens sommergjest: Karin Helgøy – informasjonssjef i Samlaget

 

Hvor tilbringer du ferien?

– I huset til søster i Andalucia, i hytta i Maridalen (som bildet er frå) og på nausthytta på Helgøy i Ryfylke der eg kjem frå.

 

Ferie med eller ferie fra bøker?

– Med bøker!

 

Hva ligger øverst i bokbunken i ferien?

– Har lese tre skikkeleg gode bøker til no i ferien. Om våren av Knausgård, den finaste til no av årstidsbøkene hans.  Klassereiseboka Farvel til Eddy Bellegueule av Edouard Louis og The Days of Abandonment av Elena Ferrante. Eg gler meg til å lese Mørk vår av Unica Zürn som kjem på norsk i august (omsett av Runa Kvalsund). Og til å forsetje på klassikaren Frendelaus som eg og niåringen er i gang med.

 

Hvilken er den beste boka du har lest i år?

– Det er nok Ferrantes The Days of Abondonment. Ein roman Ferrante skreiv før Napoli-kvartetten og som Samlaget gir ut til våren med tittelen Svikne dagar. Det handlar om ei kvinne, Olga, med to barn som vert forlaten av ektemannen for ei yngre kvinne. Ferrante skildrar så Olgas veg ned; nådelaust, rått og tett på. Ein kjenner igjen den nærmast fysiske leseopplevinga frå Napoli-kvartetten, berre at her er grepet endå tettare og meir komprimert. Ferrante viker ikkje unna ubehaget, men graver og borar, og held lesaren i grepet.  Imponerande, regelrett.

 

En nykommer eller ukjent forfatter det kan være verdt å sjekke ut?

– Ei bok som rørte meg stort, er Guri Sørumgård Botheims lyrikksamling Heime mellom istidene, frå i vår.  Tematisk handlar det om å vere i den første generasjonen som flyttar frå slektsstaden. Botheim undersøker kva som skal til for å kalle ein stad ”heime”.  Ho skriv vakkert og inderleg, og med eit stort alvor. Personleg synes eg sjeldan litteratur svingar på dialekt, men her smeltar Lesja-målet heilt naturleg inn.

 

 

IMG_8367

Karin Helgøy (Foto: Linea I. Helgøy)

 

 

Hva står på bordet hvis du får velge ditt perfekte sommermåltid?

– Det må vere eit eller anna sjølvfanga på Helgøy – krabbe, lyr eller makrell.

 

Hvem ville du invitert til bords, hvis du ikke kunne velge familie eller kjæreste?

– Nei, det må nok vere Elena Ferrante, som jo er mitt litterære crush for tida. Eg skal lese to andre av romanane hennar på engelsk også no i ferien. Erfaren, intelligent og briljant kvinne på 60+ må vel bli ein bra samtalepartnar?

 

Hva har gledet deg mest i Bok-Norge så langt i år?

– Frankfurt 2019 og at norske lesarar elskar bøkene til Ferrante.

 

… og hva er du ikke fullt så glad for?

– Som nesten alle i bokbransjen nok vil seie; at det er så utfordrande å få fram eit større mangfald av dei litterære stemmene, i bokhandel og i pressa.  Men her er det bare å stå på og insistere, sjølvsagt.

 

Hvis du fikk være kulturminister for en høst – hva er det første du ville gjort?

– Eg ville samarbeida med Kunnskapsministeren og fått det til å skinne av Skulebiblioteket, på papir og digitalt, for film og litteratur, på bokmål og nynorsk. Og etterpå var det Kulturskulen sin tur.

 

Et jordbærsted utenom det vanlige på nettet:

– ut.no slik at eg kan fantasere om alle dei strabasiøse fjellturane eg vil leggje ut på ein gong. På Vestlandet, og helst i Sogn og Fjordane.

 

Hva en god sommerferie inneholde?

– Forutan den sjølvfiska maten; lukta av sol og saltvatn i seigt barnehår og ein passe balanse mellom utflukt og ro.

 

Hvilket spørsmål burde vi ha stilt deg?

– He he, dette må vel halde? God sommar!

 

 

Les også:

Kristin Jobraaten: Krabber og kviteseidsmør

Kari Spjeldnæs: Bøker og salt sjø

Tine Kjær: Vi marsjerer for mye i flokk

Kristenn Einarsson: Seks etter Jagger

Inger Merete Dyring: Med Buffon til bords

Harald Engelstad: Sørlandsidyll og fulle krabber

Ann-Kristin Vasseljen: Langbord med tapas og jordbær

Frode Molven: Bøker og byer på B

Ann Helen Brendehaug: Ferie i tre delstater

Knut Ola Ulvestad: Metheny og lange millionstup

Kari Marstein: En bok ingen har sett maken til

Elizabeth Sellevold: Sensommerbryllup i Kenya

Vidar Kvalshaug: Single malt, Coltrane og baccalao

Marta Breen: Sommer med krabbe og svensk loppis

Christian Kjelstrup: – Sommeren har for lite lidelse

Ellen T. Hogsnes: Med bøker under palmene

Arve Juritzen: – Trollbundet av Ullmann

Gunn Reinertsen: Åh, det er deilig, det!

Anne Fløtaker: Sommer på travbanen