15 millionar til biblioteka

Nasjonalbiblioteket

Nasjonalbiblioteket har fordelt 15 millionar kroner til 45 utviklingsprosjekt i folkebibliotek, fag- og fylkesbibliotek over heile landet.

Gjennom Nasjonal biblioteksstrategi 2020-2021, som regjeringa la frem i 2019, skal tiltaksmidler deles ut til utviklingsprosjekter i biblioteka. Satsingsområda i denne tildelingsrunden har vore samarbeid, berekraft og open forsking.

– Fleire av prosjekta som får støtte handlar om samarbeid og drift i etterkant av kommune- og regionreforma. Til dømes skal fylkesbiblioteket i Nordland prøve ut nye former for bibliotekleiing i kommunar som manglar bibliotekfagleg kompetanse, seier avdelingsdirektør ved Nasjonalbiblioteket Svein Arne Tinnesand.

Vestfold og Telemark fylkesbibliotek har fått støtte til å greie ut løysingar for felles drift av digitale innhaldstenester for fylkesbibliotek. Dette er eit døme på utprøving av nye samarbeidsformer, eitt av dei tre prioriterte satsingsområda.

Særlig aktuelt med skulesamarbeid

– Biblioteka sitt samarbeid med skule og innbyggartorg er særleg aktuelt, og biblioteka i Drammen og Indre Østfold har fått støtte til saman å dokumentere beste praksis på dette området, fortel Tinnesand vidare.

FNs berekraftsmål er eit anna satsingsområde. Nokre av prosjekta som får støtte er praktisk retta, medan andre har eit meir strategisk perspektiv. Eit døme på det siste, er forprosjektet Bærekraftstigen i Skien, som skal greie ut kva berekraftstiltak som kan gi størst effekt i folkebiblioteka.

Det siste satsingsområdet skal fremme open forsking i fag- og forskingsbibliotek. Innanfor dette området er Universitetsbiblioteket i Oslo sitt prosjekt med å utarbeide eit rammeverk for arbeid med forskingsdata i universitets- og høgskulebibliotek.

Dei fordelte midla blir finansierte gjennom speleoverskot frå Norsk Tipping og føreset at overføringane til Nasjonalbiblioteket blir verande på same nivå som i fjor.

Ei oversikt over tildelingane finn du her.