Vuong til Framtidsbiblioteket

TIL NORGE: Ocean Vuong er ein litterær sensasjon i USA. Begge bøkene er ute på norsk. Foto: Tom Hines

Ocean Vuong er den neste forfattaren som leverer manus til Framtidsbiblioteket i Oslo.

I fjor kom det to bøker av Ocean Vuong (f. 1988) på norsk, på to forskjellige forlag. Diktsamlinga Natthimmel med kulehòl kom ut i norsk omsetjing på Samlaget hausten 2019, omsett av Mathias Samuelsen. Da kom også romanen På jorda er vi glimtvis vakre ut på norsk på Pelikanen forlag, omsett av Rune F. Hjemås.

BOK365 melde begge bøkene under tittelen Dobbel seksløpar frå Vuong, og det gir ein pekepinn på terningkasta.

Framtidsbiblioteket er eit bibliotek der verdas største forfattarar leverer eit manus som først skal opnast om 100 år. Den amerikansk-vietnamesiske litterære sensasjonen kjem til skogen i Nordmarka og Deichman Bjørvika våren 2021. I Nordmarka skal han plante trea som skal brukast til å trykke bøkene når den tid kjem.

Begivenheita har også fått stort oppslag i The Guardian i dag

«Ein av dei mest fengslande lovnadane litteraturen gir, er at den snakkar både til samtida og, viss ein er heldig, til framtida. Så det å vere del av Framtidsbiblioteket, eit prosjekt som så fryktlaust håpar på og bygger opp mot ei menneskeleg framtid som ligg nesten eit hundreår framfor oss, minner om den dristige og medrivande optimismen som kvart litterære verk krev. På ein måte er ikkje dette prosjektet annleis enn prosjektet å leve på jorda, forstått slik at kvar ein død også er slutten på eit bibliotek. Så det å bevare eitt på denne måten, kjennest som antitesen til det å døy, og likevel må vi døy for å komme dit.» seier Vuong sjølv i pressemeldinga.