Dobbel seksløpar frå Vuong

TIL NORGE: Ocean Vuong er ein litterær sensasjon i USA. Begge bøkene er ute på norsk. Foto: Tom Hines

Litterært tung tilgjengelegheit er vel det kunstdelen av skrivekunst handlar om og Ocean Vuong kan det allereie. 

Ocean Vuong er årets komet i omsattlitteraturen. Han har to bøker på norsk i haust. Romanen har tatt over tre veker å lese og det har hindra anna lesing. Eg er normalt ein mang-lesar som kan ha tre-fire bøker gåande samstundes. Men over tre veker tok På jorda er vi glimtvis vakre. Ikkje fordi boka er vanskeleg, snirklete eller 300 sider med motbakke, men fordi eg streka under, gjekk tilbake, las på nytt, følgde utviklinga i tone og språk og til slutt satt og gapte, i beundring: Korleis gjer han det? Korleis går det an å formidla opplevingar på dette viset? Kvifor går hans opplevingar slik inn på meg?


Ocean Vuong:
På jorda er vi glimtvis vakre
Skjønnlitteratur
Pelikanen
300 sider
Omsett av Rune F. Hjemås

Romanen er ein eksplosjon av godt språk og presise observasjonar og dreier rundt erfaringane til forteljarens mor, ein krig som enno sit i og framandgjering, vald og konflikta heimland / nytt land.

Ocean Vuong (f. 1988) er fødd i Saigon, men bur i USA. På jorda er vi glimtvis vakre er hans debutroman og er ei slik historie ein ung forfattar berre MÅ fortelje. Édouard Louis har skrive om fattigdom, arbeidarklassebakgrunn og homofile erfaringar. Vuoungs utgangspunkt er ein spørjande, ikkje anklagande stil. Han prøvar å forstå mora på, hennar val og deira plass i eit nytt land. Bestemor Lan er også med. Vietnamkrigen, som ennå er eit ope sår i det politiske USA, er deira fortid. Dei overlevde, men er det nok når ungdomane pressar gulingen i småbyens skulegard opp mot veggen, når gulingen på mange vis må ta seg av familien, når gulingen forelskar seg i Trevor under ein sommarjobb på ein tobakkslåve? Kva ventar mora av han og kor mykje er ho i stand til av livet etter eit tilvere med krig både innanfor og utanfor husveggar? Familievalden kjem inn i teksten i glimt, men han er sylskarpt skildra. Det er så ein ser kniveggen blenkje og kjenner fikane og dette er vald mora fører vidare:

Da døra blei opna, sprang guten opp, men det var for seint. Før han rakk å tolke mora sitt ansikt, small handbaken hennar mot sida av hovudet hans, så ein gong til, så meir. Eit heilt regnvêr. Ein storm av mor. 

Kjærleik i toppklasse

I tillegg er mora analfabet og avhengig av sonen. I dette spennet veks han opp, i dette spennet skapar Ocean Vuong stor litteratur. Valdsscenene skriv han i tredje person, som for å halde alt på ein viss avstand. Dei fine erfaringane, dei han gjer sjølv utanfor mora sin radar, står han for i førsteperson. Kjærleiks- og sexskildringane i denne romanen er av ypperste merke og dei framstår som heilt naudsynte erfaringar for at han skal halde ut det andre. Sjølvsagt fortel han det til mora og like sjølvsagt er det ikkje heilt greit i hennar verd, men før det:

Blikket forteljaren har på sitt eige kammer og i sine eigne rom, er utskuande, nysgjerrige og fortel svært presist om framandgjeringa. Her er poetisk sterke opninga:

La meg begynne på nytt.

Kjære mamma, eg skriv for å nå fram til deg – sjølv om kvart ord eg skriv, tar meg eitt ord lenger vekk frå der du er. Eg skriv for å dra tilbake til den gongen ved rasteplassen i Virginia da du stira forskremd på det utstoppa hjortehovudet som hang over brusautomaten ved toaletta mens skuggen frå geviret fall på ansiktet ditt. I bilen rista du stadig vekk på hovudet. «Eg fattar ikkje kvifor dei gjer slik. Ser dei ikkje at det er eit lik? Eit like burde få forsvinne, ikkje hengast fast for evig tid på den måten». 

Eg tenker på den hjorten no, på korleis du stira inn i dei svarte glasauga hans og såg gjenskinet av deg sjølv, heile kroppen din forvrengd i den livlause spegelen. At det ikkje var det groteske i å henge opp eit halshogt dyr som sjokkerte deg – men at utstoppinga lekamleggjorde ein død som ikkje tok slutt, ein død som fortsette å døy mens vi gjekk forbi han for å gå på do. 

Eg skriv fordi dei lærte meg at eg aldri skal begynne ei setning med fordi. Men eg prøvde ikkje å få til ei setning – eg prøvde å gjere meg fri. Fordi fridom, har eg blitt fortald, er ikkje meir enn avstanden mellom ein jeger og byttet hans. 

Det er berre store forfattarar som opnar romanar på denne måten.

Men først kom diktsamlinga

På jorda er vi glimtvis vakre er Vuongs andre bok, men tilfeldigheitene vil ha det til at hans første, diktsamlinga Natthimmel med kulehòl, kom ut på norsk den samme veka i november, på eit anna forlag. Det vanlege er at forlag kjøper eit verk og får opsjon på bøker både før og etter, men det blir likevel ikkje overdose Ocean Vuong på den norske marknaden denne seinhausten.


Ocean Vuong:
Natthimmel med kulehòl
Skjønnlitteratur
Samlaget
106 sider
Gjendikta av Mathias R. Samuelsen

Natthimmel med kulehòl speglar den same tematikken og er djupt i slekt med romanen, men slepp seg meir laus i referansar og modernistiske oppsett. Til dømes det svært gdoe diktet Jordas sjuande krins som er ei side med tal frå 1-7 spreidd over sidene, men der sjølve teksten står i fotnotane. Dikta er både intense, observerande og så presise at ein kan bli sjalu. Eg las diktsamlinga først og tenkte på korleis han har tatt med språket inn i romanen som han skreiv etterpå. Dei er halvbrør med same genar og oppdraging, men med forskjellig stil og veremåte. Om han fortset utviklinga, er det han skriv om ei kjelde som aldri går tom eller av moten, om no nokon bryr seg om slikt.

Kritikaren John Freeman har skrive forordet og siterer imponert strofa: Far din er berre far din / til ein av dykk gløymer. Ho burde vere ein nyklassikar på sitatmarknaden. Litterært tung tilgjengelegheit er vel det kunstdelen av skrivekunst handlar om og Vuong kan det allereie.

Skriv fram skuggane

Ocean Vuong er ikkje redd for popkulturelle referansar i skrivinga si (50 Cent er sentral) og heller ikkje humor (som verkar naudsynt i det tilveret han skildrar). Men først og fremst er det døden som ligg på lur. Der han skriv fram ein skugge, er slutten alltid mogleg.

Eit lite utdrag av diktet For evig og alltid:

 

og der, dempa i knitret av gulna avispapir,

           ligg ein Colt. 45 – still og tung

 

som ei amputert hand. Eg held våpenet

           og undrar på om eit skothòl i natta

 

kunne vekse til ein soloppgang. Og om 

           eg ville sjå slutten på denne setninga

 

om eg såg gjennom hòlet. Eller kanskje berre ein kar som knelte

ved senga til guten, med grå arbeidsklede som lukta bensin

 

Romanen er omsett av Rune F. Hjemås og diktsamlinga av Mathias R. Samuelsen, to forfattarar som har gjort mykje fin gjendikting og poesiformidling på fleire forlag dei siste åra. 2019 har lagt nye alen til sitt stykke: Dette var året da Ocean Vuong først blei omsett til norsk. Norsk det første språket Ernest Hemingway blei omsett til.

VIDAR KVALSHAUG