Vennskap på tvers av generasjoner

Erna Osland (Foto: Lene Løtvedt)

BARNEBOKPROFILEN: Erna Osland skriver i "Spring" om vennskap mellom barn og eldre.

Erna Osland er fødd i Høyanger i Sogn og utdanna lektor. Hun debuterte med ungdomsromanen Natteramnen i 1987, og har sidan skrive omlag 60 fag- og skjønlitterære bøker – hovudsakleg for barn og ungdom.

 

 

Forfatter: Erna Osland

Aktuell med: Spring (Omnipax)

 

 

Hvorfor skrev du akkurat denne boken:

– Spring! er ei bok om ein gut som spring seg inn nye, stadig tettare relasjonar. Det han er redd for, fører han inn i sterke vennskap. Vennskap mellom barn og eldre. Her i landet, blir det jo stadig fleire eldre i høve til barn, og desse eldste kan bety nye venner for barn, venner med heilt andre interesser og erfaringar enn det dei sjølve har.  I Spring! har eg prøvd å finne ut kva det er for barn å hente i slike aldersmessig skeive forhold. Kan kvardagen bli lettare, meir spennande for begge partar?

Tre barnebok-favoritter:

– Sola klappar meg, ei diktsamling av Per Olav Kaldestad, ein fest av ei bok om alt det fine som livet har å by på anten du er barn eller vaksen.

– Og låste med ein hengelås, ein roman av Marit Kaldhol om ein bestefars rolege død. Ei lita bok med stor innsikt og stor omsorg for barnelesaren.

– Her er en liten gris, er også ein av mine veldig mange favorittartar. Ulf Nilsson klarer å skrive både for barn og vaksne i ei og same bok. Den vesle romanen kan nytast av alle som bryr seg kjærleiken. Boka er meisterleg illustrert av Fibben Hald.

– Din egen favorittillustrasjon?

– Min eigen favorittillustrasjon kjem også frå ei svensk bok: Stian går på posthuset av Lena og Olof Landstrøm. Her er det store i det vesle — barnelivet — meisterleg rissa opp på siste side. Stian har henta pakken sin, ein globus som lyser. Og for å verkeleg sjå han lyse, trenger Stian, vennene og mor seg inne i det mørke kottet, med leidningen ut til verda, ut av boka!

Hvordan jobber du?

– Eg går tur. Arbeider i huset eller hagen. Gjer nokre kast etter ein lyr eller ein makrell frå flytebrygga. Kjem det noko dalande ned i hovudet på meg mens eg står og stirer utover havet, eller støvsugar, går eg til skrivebordet. Om eg trur det som kom til meg, er verdt å feste på papiret, da! Og når det er på papiret, er det å lese det, undersøke det, stryke i det, og forme det på nytt, så det blir greitt  å lese for eit barn.

– Spring! er illustrert av Per Ragnar Møkleby, så det avsluttande arbeidet har vore særs kjekt. Per Ragnar og eg har laga bøker saman før, han er eit oppkomme av gode framlegg til å opne tekst for små lesarar.

Hvilken barnebok gjorde størst inntrykk på deg som barn?

– Eg er velsigna med ei rekke sterke bokminner, høgst ulike. Må eg velje eitt, må eg velje Veiene til Agra av Aimée Sommerfelt. Boka kom ut i 1959; og da var eg verdast tryggaste jente i verdast beste land, med mor og far og snille søsterer, eg var frisk og trygg. Sommerfelt skriv ærleg om barns levekår i den tredje verda. Ho skriv med omtanke for dei unge, naive lesarane sine, ho gir dei sanning – og håp.

Hvilken barnebokskikkelse ville du helst ha møtt?

– Ååå, det mange. Barnebøker har rikeleg av små, interessante venner. Men eg vel ein vaksen, ein liten vaksen! Teskjekjerringa. Den vesle dama er både barn og vaksen. Når ho blir lita, blir kvardagen hennar magisk, hennar eige hus og hage blir ei eventyrverd. Slik er jo barneverda også. Barneblikket skaper om verda, gjer ho ny, også for oss som har levd ei stund. Og med dette valet får eg jo nemnt Alf Prøysen, som skreiv, fortalde og song for barn, utan at nokon kom på å spørje om det han skreiv for desse yngste, var av lågare kvalitet enn det han skreiv for vaksne. Kanskje var det tvert om? Utan at han er aleine om det.

Og hvem ville du helst selv ha vært?

– Klara i Nøff, nøff, Benny. Akkurat der ho tar Benny inntil seg! Det er Olof Landmark som har teikna henne, og Barbro Lindgren som har skrive henne, gjort henne trygg og kjærleg. Senn får han (Benny)  også sitte i Klaras kne med trynet mot hennens kinn. som det heiter når Benny har kasta seg uti ein søledam berre for å bli redda og trøysta av Klara.

Hva må en virkelig god barnebok inneholde?

– Ei barnebok, ei god barnebok, bør ha det same som ei god vaksenbok. Litteratur er litteratur. Men boka til barnelesaren, må vere kortare, og språket må vere enklare, barnebokforfattaren må ta omsorg for barnelesaren undre heile skrivinga. Og der er vi sjølvsagt ved det som gjer det så vanskeleg —  og morosamt  — å skrive for barn.

På eventyr med Potter eller over de syv hav med Pippi?

– På havet med Pippi. Heia, Astrid Lingdgren! Takk for alt det gode og høgst varierte du har gjort for barnelitteraturen! Det er eventyr, det!