Typisk Ingelin-bok

BARNEBOKPROFIL: – Stjålet venn er ei ganske typisk Ingelin-bok, sier Ingelin Røssland selv om sin våraktuelle bok.

Ingelin Røssland (f. 1976) er utdannet journalist og skuespiller, og har blant annet jobbet i NRK med programmmet Newton og som journalist i Hardanger Folkeblad og Haugesunds Avis. Hun debuterte i 1998 med boken Viss du vil. Sentrale temaer i hennes hittil 15 bøker er å finne seg selv i en kaotisk verden, og slik er hennes våraktuelle bok en «typisk Ingelin-bok» – slik hun beskriver den selv.

 

Forfatter: Ingelin Røssland

Aktuell med: Stjålet venn (Cappelen Damm)

 

 

 

Hvorfor skrev du akkurat denne boken:

– Det var ein sånn idé som dukka opp i hovudet ein dag, og var som ei heil historie med det same. Stjålet venn er ei ganske typisk Ingelin-bok med ein hovudperson som ønskjer å bli sett, gjer noko dumt, blir nøydd til å innrømma sine feil, rydda opp i kaoset og som endar opp med å få det ganske greitt likevel.

– Boka er eit kvardagsdrama, som truleg mange kan kjenna seg igjen i. Det var også viktig for meg å skriva om det å vera bra nok for kvarandre i ein familierelasjon. Både mor og son har sine feil, og særlig mor er jo heilt fjern i starten, likevel så er ho god nok.

Tre barnebok-favoritter:

Gorm er en snill orm av Camilla Kuhn.

Barbie-Nils og pistolproblemet av Kari Tinnen (Illustrert av Mari Kanstad Johnsen)

Jo visst kan Lotta sykle av Astrid Lindgren.

Sjekk ut: 

Hjertet er en knyttneve av Ingrid Ovedie Volden

Hvordan jobber du?

– Som regel byrjar det med ein idé som stadig poppar opp i tankane. Viss ikkje ideen lar meg vera i fred, sjekkar eg om ideen er ei historie, vidare teiknar eg opp ei handlingskurve og når det er gjort lagar eg synopsis. Dette kan høyrast veldig teknisk ut, men det er ein viktig kreativ fase der eg kan tenka ut heile historia utan å gå inn i alle detaljar. Reint praktisk er mykje tid og frustrasjon spart ved å ikkje slurva med grunnarbeidet. Når synopsis og handlingskurve er på plass, begynner eg å skriva første utkast.

– Det er helt normalt for meg å skrive om boka 10-12 gonger før den kommer ut. Eg likar å skriva om og om igjen. No skal det seiast at arbeidsmetoden min har endra seg sidan eg debuterte for 20 år sidan. Dei første bøkene er skrivne utan synopsis, eg berre flaut av garde. Det er fint å prøva ut ulike metodar å jobba på frå prosjekt til prosjekt.

Din egen favorittillustrasjon?   

– Det er vanskelig å plukka ut ein favoritt, sidan nivået blant illustratørane er høgare enn nokon sinne. Eg har fire favorittillustratørar, og elskar stort sett alt dei gjer. Favorittane er; Anna Fiske, Camilla Kuhn, Jenny Jordal og Mari Kanstad Johnsen.

Hvilken barnebok gjorde størst inntrykk på deg som barn?

Frendelaus av Hector Malot. Det er ei spanande, dramatisk og rørande bok om tap, vennskap og det å finna heim. Det står mykje på spel for hovudpersonen.

Hvilken barnebokskikkelse ville du helst ha møtt?

– Snusmumrikken, då kunne eg spurd kvar han reiser og kva det er han opplever kvar vinter når han vandrar sørover frå Mummidalen.

Og hvem ville du helst selv ha vært?

– Eg hadde stor sans for Torill Torstad Hauger sine bøker frå vikingtida, så det må bli nokon frå hennar bøker, kanskje Tir i boka Flukten fra vikingene.

Hva må en virkelig god barnebok inneholde?

– Dramatikk og spenning. Noko viktig må stå på spel for hovudpersonen.

På eventyr med Potter eller over de syv hav med Pippi?

– Eg kunne godt tenkt meg ein tur inn i Harry Potter si magiske verd, særlig viss eg også kunne få vera trollkunnig.

 

(Hovedfoto: Joar E.M. Klette)