Pressemannen Vinje

Fredag er det 200 år siden diktaren, journalisten og friluftselskaren Aasmund Olavson Vinje vart fødd. Men allereie torsdag opnar utstillinga "Journalistikken – fridomens sjanger? A.O. Vinje og norsk pressehistorie" på Nasjonalbiblioteket i Oslo.

– Aasmund Olavsson Vinje er blitt kalla vårt første journalistiske geni, seier fagansvarleg for utstillinga Trond Haugen. – Allereie i 1851 la Vinje fram ein programartikkel om journalistikkens historiske og demokratiske grunnlag. Prinsippa han la fram, er framleis høgst relevante og gyldige for norsk presse i dag.

Ikkje berre Vinje

A.O. Vinje. Diktar og pressemann.

Med utgangspunkt i Vinjes programartikkel  trekkjer utstillinga fram nokre skilsetjande hendingar og markante journalistar som har prega historia vår, frå ytringsfridomsdebatten i den eldste norske avisa Norske Intelligentz-Seddeler på 1770-talet, via kampen om sanninga i dei illegale avisene under krigen, og fram til politiaksjonen mot vekeavisa Ikkevold hausten 1983. Dette er den foreløpig siste gongen politiet har gjennomført ein razzia mot ein redaksjon på grunn av artiklar basert på opne kjelder her til lands.

– Utstillinga minner om ytringsfridomens skjøre og skiftande vilkår i det moderne demokratiets historie, seier Trond Haugen. – Vi tek opp spørsmålet om kva som skjer med fridomen når han blir sett under press av aktørar og sosiale medium som unndreg seg ytringsansvar, eller strategisk set røyndomen på spel, i eit samfunn der det ikkje lenger er lett å skilje mellom sant og falskt.

Arrangement knytt til utstillinga

Ukebladet VG etter Vinjes død i 1870.

Vinje og norsk pressehistorie vert òg sett i fokus under ulike arrangement knytta til utstllinga.

Olav Vesaas, Ane Farsethås, Ottar Grepstad og fleire tek for seg Vinje som nasjonsbyggjar og forfattar, og Aasmund Nordstoga tolkar tonesetjingar av Vinjes lyrikk.

I løpet av våren skal Trond Haugen trekkje linjene frå Vinjes tankar om journalistikken til dagens aktuelle debatt om falske nyheiter, mens Bjørn Westlie og Hans Fredrik Dahl møtest til samtale om journalistikk som makt og motstand under 2. verdskrigen.

I samarbeid med Nasjonalbiblioteket gir Det norske språk- og litteraturselskap ut alle bevarte korrespondentbrev av Vinje i Drammens Tidende. Jon Haarberg er redaktør for den tekstkritiske utgåva som blir lansert i Nasjonalbiblioteket 4. april.

Vinjes programartikkel

Vinje skreiv sin programartikkel «Journalistiken» då han byrja som hovudstadskorrespondent i Drammens Tidende januar 1851. Artikkelen gjorde greie for journalistikkens historie og funksjon fram til Vinjes eiga tid. For Vinje var den journalistiske historia til eit folk også dette folket si fridomshistorie. Han fann sitt journalistiske ideal i dei kritiske avisene i Storbritannia.

«Journalistiken begynder med den moderne Civilisation; Friheden fostrede og beskyttede den, og i de Lande, hvor der ingen Frihed er, der er heller ingen Journalistik; dens Historie er saaledes de enkelte Folks politiske Frihedshistorie.»

Dette skreiv Vinje i Drammens Tidende, 1. januar 1851.


Arrangementsprogrammet

Ei rekke arrangement er knytta til utstillinga. Det vert sett fokus på Vinjes som journalist, men også pressefridom, «fake news» og norsk pressehistorie.

Trond Haugen seier til BOK365 at på grunn av ombygging på biblioteket er det uklart kor lenge utstillinga vert ståande, men at det truleg blir til midt i august.

 

Du kan lese hele programmet her

 

(Foto: Nasjonalbiblioteket)