Tredagers coronatilpassa festival

Frode Grytten og Marit Eikemo + smittevernansvarleg under det litterære talkshowet Hallo Odda! (Foto: Litteratursymposiet i Odda)

– Eg er kjempestolt over at vi klarte gjennomføre ein festival under desse vilkåra, seier festivalleiar for Litteratursymposiet i Odda, Ingvild Ystanes.

Som alle andre festivalar og kulturarrangørar, måtte staben bak Litteratursymposiet i Odda ta ein tenkepause i vår. Var det mogleg å arrangere festival under pandemien?

Fram til mars var planen å arrangere ein festival med tema Attrå. Men på grunn av pandemien valde arrangørane å endre program og innhald til ein koronatilpassa festival. Festivalen vart i staden programmert som ein jubileumsfestival, med tema frå dei 15 føregåande festivalane.

Resultatet blei ein tredagars festival i veke 41, omlag halvparten så stor som i normale år.

– Eg er kjempestolt over at vi klarte gjennomføre ein festival under desse vilkåra, seier festivalleiar Ingvild Ystanes. Det var nervepirrande heilt til nokre veker etter festival, då vi kunne konkludere at det ikkje kom eit smitteutbrot lokalt som følgje av symposiet.

Fekk mykje skryt

Sjølv om programmet og festivalen vart nedskalert, vart det mykje ekstraarbeid for arrangørane pga. smitteverntiltak.

– Vi hadde med oss ein veldig liten, men kjempededikert gjeng frivillige, som jobba mange og lange vakter, for å sørge for at smittevernsarbeidet vart høgt prioritert under arrangementa, seier Ystanes.

God stemning blant publikum (Foto: Litteratursymposiet i Odda)

– Vi fekk mykje skryt, både frå smittevernoverlege over korleis vi jobba målretta med smittevernarbeidet og frå gjestene våre. Sjølv om enkelte publikum nok opplevde at vi var veldig strenge på kven som kunne sitte kor, og kor nære dei kunne vere, trur eg dei fleste opplevde det som trygt og positivt at vi tok det på alvor. Det var svært gledeleg å oppleve at vi klarte skape ein god festivalstemning på tross av krav om avstand.

Mange elevar i publikum

I 2019 var det 7500 besøkande på symposiet. Då gjekk festivalen over fem dagar, og hadde 100 arrangement. Dette har vore eit normalnivå på publikum dei siste åra på symposiet.

Fullt hus, corona-style (Foto: Litteratursymposiet i Odda)

Av dei 3444 gjestene på årets arrangement var det naturlegvis nokon som var på mange arrangement. 1170 av desse var born og unge på barnehagar i Odda, grunnskulane i heile kommunen og elevar ved vidaregåande skule.