Norge sett gjennom tyske øyne

– Forfattere er nok glade i blomster, men også de spiser mat når ingen ser det. Med disse ordene stiftet blant andre Einar Økland Norsk Forfattersentrum for femti år siden.

Einar Økland har i "Norwegen, schönes Land!" samlet tidligare ukjente malerier som blei brukt som tyskprodusert fredspropaganda.

– Formålet med denne kunsten var å berolige heimeopinionen i Tyskland. Den skulle tildekke at mange nordmenn var negativt innstilte til Tyskland. Den skulle også forsterke det kulturelle sambandet mellom Norge og Tyskland, og «fortyske» norsk kultur, fortel Einar Økland.

Frå 1940 og til maidagane i 1945 var tyske og austerrikske kunstnarar i uniform engasjerte i å lage teikningar, akvarellar og måleri med norske motiv. Dette er materiale svært få kjenner, men under okkupasjonen blei desse masseproduserte i postkort, bøker, store plansjemapper og som separate vedlegg i tyskproduserte månadsmagasin og tidsskrift.

Einar Økland har ei generell interesse for bruksgrafikk, og det var hans personlege kjennskap til mange av desse tyske kunstreproduksjonane med motiv frå det okkuperte Norge som fekk han til å leite etter relevante omtaler om dei:

–  Då eg ikkje fann nokon samla informasjon om emnet, bestemte eg meg for å gjere litt småforskning og bøte på mangelen ved sjølv å lage ein oversikt over det eg skjøna var ein propagandasjanger.

Resultatet av hans informasjonssøken blei bildeboken Norwegen, schönes Land! (Samlaget). Her presenterar Einar Økland 144 illustrasjonar i utval, og gir eit oversyn over kva som blei publisert, og kven utgivarane og kunstnarane var.

 

Kunstar var også soldat

– Å inkludere billedkunstnarar i oppbygginga av Wehrmacht sprang ut av den nazistiske sjølvforståinga og sjølvhevdinga som tilsa at tyskarar rasemessig både var eit herrefolk og eit kulturfolk. Ein tysk kunstnar var også ein soldat. Alle skulle dra i same retning og vere stolte, fortel Økland.

Maleriene var eit ledd i nazistenes krigspropaganda, og Økland hevdar at dei viste at dei tyske soldatene hadde det godt i Norge.

– Dei massereproduserte versjonane av bilde som tyske kunstnarar i uniform hadde malt, viste Norge som ein vakker, stundom naturmessig eksotisk, men elles fredeleg og attraktiv stad. Her hadde tyske soldatar det godt. Og nå var dette eldgamle landet tilknytta, skildra og verna av det germanske Tyskland.

Einars sakprosafavoritter:

Rikard Berge: Myllarguten.
Kanskje den første norske kunstnarbiografien basert på grunnforsking.
Tom B. Jensens bibliografiske prosjekt.
Tre oversyn over bøker, hefte og tidsskrift utgitt i Norge av pronazistiske utgjevarar under den tyske okkupasjonen 1940-45.
Guttorm Guttormsgaard: ARKIV.
Vital kunstformidling og -tradering på tvers av sjangrar, tids- og landegrenser.

Målgruppa var eit tysk publikum. Med stort sett nøytrale og fredelege motiv og landskapsskildringar frå Norge kunne dei med desse reproduksjonane vise den nordiske delen av det storgermanske riket.

– Norden – og Norge spesielt – hadde heilt sidan keisartida vore eit attraktivt turistmål for folk i desse landa. Norge hadde dramatisk og vakker natur. Og folket her hadde mytologiske og rasemessige røter sams med turistane. I slutten av 1930-åra sende Hitler-Tyskland hotellskip fulle av arbeidsfolk på tvangsferie hit for å hente seg ny kraft («Kraft durch Freude»). Og Norge sjølv hadde i sidan midten av førre århundre henta kommersielle, tekniske og kunstnarlege kunnskapar og inspirasjonar frå Tyskland.

 

Hovedfoto: Tove K. Breistein / Samlaget

 

-- annonse --