Bursdag og tre boktips

STOLT DIKTAR: Lars Ove Seljestad er ute med ny diktsamling og der finn vi diktet for dagen. Foto: Niklas R. Lello

I helga kom Lars Ove Seljestad heilt til enden av femtiåra. Her deler han tre boktips og fortel litt om si eiga diktsamling.

Den siste boka mi, diktsamlinga Lyden av stein som flyttar seg under vatn, kan seiast å vera eit slag poetisk reisebrev frå livet mitt som vaksen. I det første diktet møter vi diktaren som ung mann, full av ungdommeleg livskraft og pågangsmot, der han stolt proklamerer: Eg gir meg aldri/ Eg brenn. Etter dei første dikta, som hentar inspirasjon frå industriarbeid og klassekamp, legg diktarsubjektet bak seg industrien og drar ut i verda.

I dei neste avdelingane møter vi eit diktarsubjekt på reise, både geografisk og kulturelt. Dikta flyttar seg saman med diktaren og skildrar naturopplevingar og møte med tre, fugl, fisk og dyr langs vestnorske fjordar, Finnmark og Spania. Også byar som Berlin og Helsinki får sine dikt frå denne reisa.

Likeins vil ein her finna dikt om kunst og litteratur som har prega og gjort inntrykk på diktaren, t.d. dei litterære førebileta Olav H. Hauge og Tarjei Vesaas, samt den tyske biletkunstnaren Anselm Kiefer.

I dei to siste avdelingane i samlinga møter vi eit meir audmjukt diktarsubjekt. Erfaringa med faren som døyr opnar opp ei ny sårbarheit og eit nytt medvit om eiga forgjengelegheit som først kjem til utrykk i form av dikt om den døde faren, men som sidan utviklar seg til refleksjonar rundt det eigne livet som også ein gong vil vera over. Det siste diktet  Heim er skrive fram som ein samtale med det sikre ukjende som ventar oss alle ved slutten av reisa.

 

Tre favorittar:

Olav H. Hauge: Dropar i austavind

Å lesa denne diktsamlinga forandra synet mitt på kva poesi er – og kan vera. Meir enn nokon gong tidlegare står Hauge her fram som «meisteren av norrøn haiku». Leikande lett og suverent koplar han norrøne og klassiske tema med kvardagslivet ved Hardangerfjorden og inspirasjon frå moderne europeisk og asiatisk dikting.

 

Kjartan Fløgstad: Fyr og flamme

Etter å ha vore på veg bort frå industristaden og industrien i mange år, viste denne boka meg vegen heim igjen. Fyr og flamme er ei stor og mektig forteljing om framveksten av det moderne Norge, både økonomisk og politisk, skildra gjennom familiane og utviklingshistoria i industristaden Lovra.

 

Michail Bulgakov: Mesteren og Margarita

Denne grensesprengande romanen er ei av mine aller største lesegleder. I to parallelle univers, Stalins Moskva og Jerusalem på tida til Pontius Pilatus og Jesus, spinn Bulgakov ei imponerande forteljing der den kjende verda blir snudd på hovudet. I Mesteren og Margarita skjer det fantastiske og overnaturlege i Stalins Moskva, medan skildringane frå Jerusalem og det vi til vanleg kjenner som «påskebodskapen» er skrive fram nøkternt og realistisk.