Einsemd og skuldkjensle

FRAMSNAKKING: – Boka gjorde sterkt inntrykk på meg da eg las den, og gjer det ennå.

Vi ruller videre med vår Framsnakker-spalte, hvor vi utfordrer en rekke forlagsfolk til A) å løfte frem en bok fra eget forlag (og kun én) som ikke har fått den oppmerksomheten den fortjener, og B) å velge en bok fra et konkurrerende forlag. I dag Audhild Solberg, forlagsredaktør for barne- og ungdomslitteratur i Samlaget.

Alvorleg sjuk

Rune F. Hjemås debuterte som barnebokforfattar på Samlaget i haust med Ein bror i verdsrommet, om 12 år gamle Elias, som har ein storebror som er alvorleg sjuk. Skildringane av forholdet deira er så fine, dei tippar aldri over i det sentimentale; Elias er som sjuandeklassingar flest, lite opptatt av døden. Her kjem broren heim på permisjon frå sjukehuset:

«– Elias, seier han da han får auge på veslebroren i døropninga. Han drar ut a-en i namnet hans på ein kul, storebroraktig måte. Elias blir varm heilt ned i magen.»

I misjonens vald

Om du sit med ein ørliten klump i halsen nå, vil den garantert vekse når du les den sterke teikneseriedokumentaren O bli hos meg av Lene Ask (No Comprendo Press). Her gir Ask stemme til ti misjonærbarn som blei plasserte på internatskular langt unna foreldra, aleine og i misjonens vald. Nokre blei utsette for overgrep, andre hadde det greitt, men alle er fortsatt prega av ein oppvekst der dei undertrykte einsemd, sakn og det dårlege samvitet overfor Gud, seier Audhild Solberg og legg til:

Apropos, eg vil også anbefale Ingrid Storholmens nyaste roman Støvberar (Aschehoug). Her ligg synsvinkelen hos misjonæren, i form av ei jordmor som drar til India på 1980-talet. Også ho blir dratt mellom einsemd og skuldkjensle fordi ho ikkje er oppofrande nok. Det er så smertefullt å lese om den indre kampen hennar! Boka gjorde sterkt inntrykk på meg da eg las den, og gjer det ennå.