– Eg e’ soft for Askepott

Bjørn Sortland er klar for toskansk raudvin og juleevangeliet.

LUKE 14: Bjørn Sortland har skrive mange bøker for barn og ungdom, sist den reinspikka action-serien «Johnny777».

– Kor feirar du jula i år, Bjørn? 

– I Bergen og på Bømlo.

– Det blir ikkje jul utan …. kva?

– Ungane mine, Mahalia Jackson, juleevangeliet, blodfersk torsk og ein passe dyr raudvin frå Toskana.

– Skrivefri i jula eller jobbar du med eit manus?

– Jobbar dessverre med eit manus.

– Kva for bok har vore den store leseopplevinga for deg i år?

Verden på vippepunktet av Dag O. Hessen.

– Kva for tre bøker vil du gi bort i år?

– Heile Jon Fosse-septologien.

– Kva for bok som har betydd mykje for deg gjennom livet, vil du anbefale andre å lese?

– Vanskeleg, men altså Bibelen og romanen Elskeren av Marguerite Duras.

– Kva er den beste julegåva du har fått?

– Ein raud og kvit brannbil som plinga så fint når eg kjørte med den.

– Kva spår du blir snakkisen i litteraturfeltet i 2022? 

– Klima og pengar.

– Om du berre kunne velje éin: Prøysen, Sissel, Donald, Sølvguttene eller Askepott?

– Heilt ærleg: Eg e’ soft for Askepott. Hu e’ så himla fine.