Ein krans for den løpande poeten

LØPANDE POET: Vennen Andreas Hompland fortel om Obrestadløpet på 18 km i sitt minneord om forfattaren Tor Obrestad (1938-2020)(Foto: Lars Aarønæs)

MINNEORD: «Den største heider ein poet kan få, må vera å få eit løp kalla opp etter seg», sa Tor Obrestad. Og det fekk han. Her skriv forfattar, journalist og løpar Andreas Hompland om den aktive sida ved sin venn, som døde i helga.

Tor Obrestad døydde lørdag etter fleire år med fysisk nedbrytande sjukdom. Han kom frå Jæren og enda livet på Jæren, gamle Jæren. Han dikta til det siste – for å overleva. Han ville ha blitt 82 år 12. februar.

Les også: Tor Obrestad er død

Skrivelivet hans vil andre ha mye å seia om. Eg vil her minnast den seige springaren, med 2,37,06 på maraton i veteranklassa i 1981. Det var mens han var sjølproletarisert på Vel-Vask på Majorstua og sprang tur-retur Grorud kvar dag. Han har skildra det i romanen Vi skal kle fjellet med menneske og våpen (Gyldendal, 2006).

Etter løypebeskrivelsen der fann poeten Jan Jakob Tønseth og eg i løynd opp «Obrestadløpet» til 70-års dagen hans. Sidan har det gått kvar Allehelgensdag frå Grorud, gjennom sørenden av Lillomarka, via Vel-Vask til Livshjulet. Det er er med lyriske pausar, i respekt, men også med ein dose harselas over dei hyllande m-l-dikta frå hans revolusjonære raptus. (Partisekretæren vår er ein god mann)

Då Tor fekk høyra om arrangementet, sa han: «Den største heider ein poet kan få, må vera å få eit løp kalla opp etter seg».

Så lenge helsa tillet, stilte han opp ved start på Grorud torg eller ved innkomsten i Frognerparken og las tid-og-stad tilpassa dikt. Ved Livshjulet var det «Gamle Paavo Nurmi drøymer»: «Han famlar etter stokken og merkar varmen svinn, stivheten krev sin rett».

Han gav oss eit dikt som me framfører, med tonefylge av Vangelis frå Chariots of Fire, i urskogen i Lillomarka. Det heiter Tre kransar og er trykt i den siste diktsamlinga som kom rett før jul. (Folk, forlaget Kusymre, 2019). Det blei også løfta fram av Jan Erik Vold i diktspalta i Dag og Tid 17. januar.

TAKK FOR LIVSLØPET, TOR.

 

TRE KRANSAR
Skotten Eric Liddell skulle springa 100 meter finale
i olympiaden i Paris 1924, han var favoritt
Finalen på ein søndag
så han stilte ikkje; han gjekk for ein større krans
Seinare i veka sprang han 400 meter og seira
sette ein olympisk rekord som stod i tolv år
Slik vann han både den store og den vesle
kransen, og laga ein mal for seinare konkurrentar
både på løpebanen og utanfor
I 1943 enda misjonæren Liddell i japansk fangeleir
døydde der i februar 1945
og fekk nok ein udøyeleg krans
Han var fødd og død i Kina, kinesarane
reknar han som sin første olympiske meister
Dette vesle notatet handlar ikkje om å springa
eller om kinesarar, det handlar om
den usløkkelege ånd som lyser

 

***

(Minneordet blei først skrive på Facebook i går. Andreas Hompland har gitt BOK 365 lov til å publisere det.)