– Ein biperson i dei vaksnes liv

Elen Betanzo Foto: Vindblikk

- Eg ville skrive om eit barn som er ein biperson i dei vaksnes liv, seier vekas barnebokprofil Elen Betanzo om si våraktuelle bok, "Nordsjøen".

Elen Betanzo kjem opprinneleg frå Stavanger, men bur i Oslo. Ho er utdanna journalist, og debuterte i 2008 med romanen Å skrive kjærlighetsbrev. Boka blei nominert til ein av Kulturdepartementets prisar for barne- og ungdomslitteratur. Denne våren er ho aktuell med ei ny bok for barne og ungdom.

 

Forfattar: Elen Betanzo

Aktuell med: Nordsjøen (Gyldendal)

 

 

 

Kvifor skreiv du akkurat denne boka:

– Eg hadde lyst til å skrive historia til ein gut som opplever at faren ikkje er den han gir seg ut for å vere. Eg skreiv fram ein fyr som heiter Mathias, som veks opp i ein veldig rik familie i Stavanger. Ein dag står politiet på døra og skal ransake huset deira, og det viser seg at faren har drive med grovt underslag på jobben, at denne store rikdommen som Mathias har vokst opp med, er falsk. Eg ville skrive om eit barn som er ein biperson i dei vaksnes liv, ein gut som er temmeleg underlagt dei strukturane som foreldra hans har laga til for seg.

Tre barnebok-favorittar:

– Berre tre? Det er jo heilt umuleg! Eg får trekke fram nokre av dei eg har lese og likt i det siste: Marianne Kaurin: Syden, Arne Svingen: En himmel full av skyer og Ruth Lillegraven: Eg er eg er eg er.

Sjekk ut:

– Svenske Hanna Gustafsson teikneserie Nattbarn.

Korleis jobbar du?

– Eg jobbar veldig sakte, men innimellom har eg små spurtar kor eg kjem meg eit stykke vidare i teksten. Og så begynner eg heilt frå starten av igjen etter nesten kvar einaste redaktørrunde.

Din eigen favorittillustrasjon?

– Eg kan jo ikkje teikne, men av andres illustrasjonar? Eg elskar Anna Folkestads forteljing om Besta som tar feil av rekeosten og solkremen, så eg svarer den illustrasjonen kor det heng krabbar frå heile kroppen til den rekeostinnsmurte Besta på stranda. Den er frå boka Krabbekrise.

Kva barnebok gjorde størst inntrykk på deg som barn?

– Det må vere boka Vi kaller ham Anna av Peter Pohl. Eg leste alt av Pohl då eg gjekk på barneskulen, men det er denne historia eg hugser aller best. Det er ei rå mobbehistorie satt til ein feriekoloni på femtitalet i Sverige. Eg hadde aldri møtt ei slik historie før, og eg hugser framleis den sjokkerande sistesetningen i boka, den brann seg fast og skremte vettet av meg. Det stod rett og slett: ”Verden vil aldri bli bedre.”

Kva barnebokskikkelse ville du helst møtt?

– Eg ville ha møtt Anders, han som dei kallar Anna i svaret over. Eg ville ha passa på han og gjort alt eg kunne for at ingen nokon gong skulle vere fæle med han igjen.

Og kven ville du helst selv ha vore?

– Eg kunne godt tenkt meg litt av motet til Ronja Røvardotter.

Kva må ein verkeleg god barnebok innehalde?

– Ei god barnebok må fortelje ei viktig historie frå eit barns perspektiv.

På eventyr med Potter eller over dei sju hav med Pippi?

–  Eg trur eg må svare Potter. Eg set historiane om Pippi høgt, sånn litterært sett, men eg trur ho hadde overkjørt introverte meg ganske greit viss vi møttes i det verkelege livet. Så det kunne blitt nokre lange dagar til sjøs. Difor: Potter. Han verkar litt meir sensitiv.