– Vårens villaste leseeventyr

​Frå Nordkapp i nord til Mandal i sør – 200 skular påmelde til lesedøgn.

– Vi er svært godt nøgde med responsen, og gler oss stort til det som blir vårens villaste leseeventyr, seier prosjektleiar Guro Kvalnes.

Under fana Nynorsk lesefest har forlaget invitert inn 1.–4. klasse i grunnskulane til eit nasjonalt digitalt lesedøgn 25. april. Døgnet vil bli avvikla i skuletida, og elevane får nytte den digitale lesetenesta Lesemeister.no  til å lese nynorsk litteratur ein heil skuledag.

10 000 elevar

Lesedøgnet er del av markeringa av 150 års jubileet til Det Norske Samlaget og er kome i stand med støtte frå Kunnskapsdepartementet.

Det er påmeldt heile 200 skular med 10 000 elevar med geografisk spreiing frå Nordkapp i nord til Mandal i sør.

Ambisjonen med det digitale nynorske lesedøgnet er å setje søkjelys på nynorsk barne- og ungdomslitteratur, held Kvalnes fram.

Vere der barn og unge er

– Som forlag ønskjer vi å vere til stades der barn og unge er, og såleis er det naudsynt at vi heng med på det digitale. Vi er stolte over det som lesemeister.no har fått til med sin plattform, og gler oss til å teste teknologien i stor skala dette døgnet, seier Kvalnes.

Lesedøgnet vil ta form som ein konkurranse mellom dei påmelde skulane. Sjølve konkurransen vil gå føre seg mellom 9.00 og 16.00 den aktuelle dagen. Via Lesemeister.no kan vi hente ut statistikk på kor mange sider og bøker kvar skule les, og dei tre beste skulane får premie. I tillegg trekkjer vi ut heldige vinnarar blant dei påmelde skulane.

Over 100 nynorsk-bøker

Lesemeister.no er ei interaktiv leseplattform som inneheld over 100 bøker på nynorsk frå ulike forlag. Der kan ein finne lesestoff tilpassa sitt lesenivå, lese sjølv, bli lesen for eller spele inn eiga ”lydbok”. Etter at elevane har lese ferdig ei bok, kan dei teste kva dei fekk med seg ved å ta ein tilhøyrande quiz. Alle skulane som melder seg på til lesedøgnet, får fri tilgang til lesetenesta under oppkøyring og avviklinga av døgnet. Ein loggar seg på Lesemeister.no via Feide. Det Norske Samlaget har vore med i utviklinga av plattformen.

 

Foto: Prosjektleiar Guro Kvalnes og direktør Edmund Austigard)

 

-- annonse --