Tynnar ut kvitvin med regn

HEIMOVER: Alfred Fidjestøl skal til Vestlandet i sommar. I haust kjem hans biografi om Drillo, "Mine kamper".

Drillo-biograf Alfred Fidjestøl skal til Vestlandet i sommar. Han insisterar på å ete grilla makrell ute, uansett vér.

Kor går ferien? 

Til Bygstad i Sunnfjord og Jondal i Hardanger. Og i Oslo, sjølvsagt.

Har ferieplanane blitt endra på grunn av corona-pandemien?
Ja, eg skulle ha vore to veker i Hellas, og eg skulle ha heia og trøysta både på Norway Cup og Dana cup.

– Kva  ein god sommarferie innehalde?
Ein tur på Storehesten i Sunnfjord, eller Kvamshesten som fjellet heiter på kartet. Det er den finaste turen eg veit om og ein obligatorisk del av alle somrar.

Kva er den beste boka du har lese så langt i år? Og kva for ei ligg øverst i bokbunken i ferien?
Torgrim Eggens Axel Jensen-biografi, som eg først no nettopp har fått lese. Den var like god som lova, mykje takka vere at Axel Jensen levde eit heilt koko liv og tilsynelatande tok omsyn til den framtidige biografen sin heile vegen. Men Eggen har også løyst det strålande. Til ferien har eg som vanleg pakka ein altfor høg bunke, men øvst i den ligg Bjørn Hatteruds Mjøsa rundt med mor.

– Kva står på bordet hvis du får velge ditt perfekte sommarmåltid?
Grilla sjølvfiska makrell. Og kvitvin som blir stadig tynnare ettersom det alltid regnar tungt under desse måltida og eg likevel insisterer på å ete ute.

– Kven ville du invitert til bord, hvis du ikkje kunne velge familie eller kjærast?
Bent Høie. Så kunne han kanskje ha forklart meg kvifor han gjenopnar pubane før barne- og ungdomsfotballen.

– Kven i Bok-Norge vil du helst gi ein blomsterbukett?
Ingvild Herzog, dagleg leiar i Norsk forfattarsentrum, som har jobba dag og natt sidan landet gjekk i lockdown for å redde stumpane av forfattarøkonomien då all formidling stansa over natta.

… og kven ville du gitt ein brennmanet?
Cato Schiøtz som ikkje forstår at æresretten i 1945 var eit naudsynt tiltak for å gjenopprette ein slags sivilisasjon.

Om du fekk vere kulturminister for ein haust – kva er det første du ville gjort?
Eg ville ha tredobla innkjøpsordninga for sakprosa. Donald Trump er president i USA, internett florerer av konspirasjonsteoriar og Noreg har ein kulturpolitikk som systematisk motarbeider og undergrev ein av boksjangrane berre fordi det som står i dei bøkene tilfeldigvis er sant. Forstå det den som kan!

– Kva saknar du mest i desse corona-tider?
Eg saknar å stå tett i store folkemengder, å handhelse og klemme folk utan å tenke på virus. Og eg saknar fotball-EM.

– Kva spørsmål burde vi ha stilt deg? (Og kva ville du ha svart?)
Du kjem i haust med biografi om Drillo, kor kjekt har det vore å skrive den boka på ein skala frå ein til ti?
-10!