Triller sekser til seg selv

Hva gjør en barne- og ungdomsbokforfatter når media ikke tar seg bryet med å anmelde boken? Anmelder den selv.

Barne- og ungdomsbokforfattere har gjennom årene kjempet en kamp for å gi sjangeren bedre plass i media. Forfatter Tor Arve Røssland angriper problemet med egen anmeldelse og glimt i øyet.

«Verken aviser eller media generelt tar seg bryet med å anmelde barne- og ungdomsbøker, derfor blir forfattarane nøydd til å vurdere seg sjølv. Sidan det er ubehageleg å dømme kollegaene sine bøker, har eg starta serien: Forfattar trillar terning på seg sjølv. Denne gongen den dystopiske Soledad.» Slik lyder introen til Tor Arve Røsslands lille stunt på hans egen hjemmeside. I fravær av andre kritikere, anmeldte han like godt boken sin selv.

 

-Mange fantastiske bøker

-Jeg sitter i Det litterære rådet til Norske barne- og ungdomsbokforfattare (NBU) og leser alle bøkene som blir utgitt, så jeg vet hvor mange fantastiske bøker for barn og unge som er der ute og at mange av disse får absolutt null oppmerksomhet i media eller i bokhandelen. Media liker å skrive om kjente forfattere, gjerne etablerte voksenbokforfattere som «også skriver for barn». Det finnes mange gode forfattere som får til dette, men også en del middelmådige bøker som kanskje ikkje fortjener den enorme oppmerksomheten disse får. Spesielt synlig blir dette for oss som leser alt.

 

Ikke «viktige nok»?

-Jeg har inntrykk av at barne- og ungdomsbøker ikke blir vurdert som viktige nok for den voksne leseren av litteraturbilagene i avisene. Selvsagt finnes det unntak, men det er en lang vei å gå før omtaler og forfatterportrett av rene barne- og ungdomsbokforfattere dominerer. Et hederlig unntak er kanskje nettsiden www.barnebokkritikk.no. De anmelder ikke alt og jeg er ofte uenig, men de tar barne- og ungdomslitteraturen på alvor.

 

333 opplesninger

«Frå våren 2011 og fram til no har eg besøkt 197 skular, bibliotek, bokhandlarar eller kulturhus, hatt 333 opplesingar og lese for 14390 publikummarar,» står det å lese på Røsslands nettside.

Det røper en aktiv forfatter?

– Ja, jeg reiser mye rundt, spesielt i regi av Den kulturelle skolesekken (DKS). For meg er dette helt nødvendig for å kunne leve av forfatterjobben. Jeg skulle gjerne vært mindre på turné og heller vært hjemme med skrivingen, men så langt er det ikke mulig for meg.

Du har vel ikke blitt fristet til å gi en sekser til hva som er en «femmer-bok»?

– Terningen triller seg selv, det er lite jeg kan gjøre med det. Ikke min feil at den bare har 5 og 6. Fra spøk til litt mindre spøk: Jeg slakter ikke mine egne bøker. Det er slike bøker jeg liker å lese, og eventuelle svake sider hopper jeg over.

 

Og så til anmeldelsen …

Her følger anmeldelsen i sin helhet – Tor Arve Røssland anmeldt av Tor Arve Røssland:

 

Tor Arve Røssland: Soledad

Aschehoug

Kva har kanadisk progrock og Utsira til felles? Les vidare og finn det ut. 

Denne boka går rett på sak. Før vi i det heile tatt blir kjent med hovudpersonen får vi vite at ho er heilt åleine på den forblåste øya Utsira, utanfor rogalandskysten. Eit lite tilbakeblikk fortel oss at Soledad var komen til øya saman med den spanske kunstnarfaren sin, og at ho eigentleg trivst godt på ferie ute i havgapet.

Men raskt blir lesaren kasta ut i einsemda. Alle menneska på øya er borte, og eit vanvittig uvêr går til angrep på alt som rører seg inne på fastlandet. Vi får eit hint tidleg om at det er fleire overlevande, blant anna ei gamal hjelpelaus kvinne frå eldresenteret, og eit helikopter som ser ut som det skal kome og redde Soledad – berre for å bli truffen av lynet og synke i havet.

Soledad blir verande åleine vinteren over, og vi må kjenne på angst og desperat tvil hos den unge jenta. Kva har skjedd og kor er alle saman? Då plyndrarar frå fastlandet tar all maten hennar står ho i tillegg i fare for å svelte i hjel. Ho kjem seg over til fastlandet og møter ulike samfunnsstrukturar der inne. Berre for å sjå det eine systemet etter det andre spele fallitt. Menneska kan ikkje lenger leve slik dei gjorde før katastrofen. Og kva var så denne katastrofen? Røssland viser oss ei særs dyster framtid for menneslekta. Vi kan berre gløyme alt vi har av moderne hjelpemiddel, og alt som blir driven av bensin eller straum. Vi blir kasta tilbake til tida før den industrielle revolusjon, og Moder Jord passer på at vi held oss der.

Soledad er ein sterk hovudperson. Ho våger å gjere det som gjerast må, og ho handlar ut frå kjenslene og det som ho meiner er rett. Men ho er og ein av dei få som innser kva grusom hemn naturen har planlagt for oss menneske, og eit snev av kynisme kjem også inn i henne. Forfattaren lar ho vere helten, men av og til treng til og med ein helt hjelp. Denne balansegongen mellom Soledad og guten Asle gir boka ein styrke.

 

Tor Arve Røssland.  Soledad_riss.indd

Tor Arve Røssland anmelder sin egen bok Soledad.

 

Dette er først og fremst ei intens spenningsbok, som i tillegg har ein klår og tydeleg bodskap: vi må passe på jorda vår, det er den einaste vi har. Ein filosofi som ikkje overskuggar handlinga, forholdet ho etter kvart får til guten Asle eller dei spennande situasjonane ho hamnar i, men bodskapen ligg og ulmar i bakgrunnen som ei ubehageleg sanning.

Forfattaren har røpt at boka er delvis inspirert av hans eigne misforståingar av tekstane til rockebandet SAGA, spesielt songane i den meir eller mindre ukjente Chapter-serien, der dei song om den unge Albert Einstein. Denne Einstein-koblinga hadde ikkje Røssland fått med seg og han tolka tekstane litt vel post-apokalyptisk. Då han i tillegg var på tur til Utsira og opplevde einsemda og dei folketomme vegane, var ideen planta i hovudet hans.

Nokre har fått det for seg at dette skal vere første boka i ein trilogi, noko forfattaren sjølv nektar på. Med mindre folk går mann av huse og handlar inn førsteboka, då, vel og merke. Så kynisk har han blitt denne vestlendingen, som nok ein gong syndar og nyttar sidemålet for å tekkast lesaren, og si eiga lommebok.

Soledad hamnar fint inn i trenden av dystopiske ungdomsbøker som prøver å fortelje oss noko. Den er spennande, intens og smertefull. Det gjer vondt for oss menneske når vi må sjå oss sjølve i spegelen på denne måten. Held vi fram slik vi gjer no, vil det ikkje vere nok plass til oss på denne jorda. Nokon må gå. Og dei som blir igjen blir kyniske undertrykkarar.

 

(Foto: Aschehoug)

 

0 Delinger