Tjuv stjal nynorsk pris

VINNAR 2019: Marianne Gretteberg Engedal

Marianne Gretteberg Engedal er tildelt Nynorsk barnelitteraturpris 2019 for debutboka Pølsetjuven.

Noregs Mållag har delt ut prisen sidan 1968. Nynorsk barnelitteraturpris er eit diplom og 30 000 kroner.

Juryen har vore Kristine Thorkildsen, bibliotekarmedarbeidar hjå Stord folkebibliotek, Per Roger Sandvik, språkkonsulent, Nesodden og Rita Mundal, bibliotekleiar hjå Lom folkebibliotek. Dei skriv:

«Fronten skapar forventning om ei historie som handlar om ein gut som har gjort noko gale. Juryen var einig om at dette er ei bok som barn vil sjå og dermed ønskja å lesa. Me trur jamvel den vaksne også vil sjå at denne skil seg ut frå andre bøker.

Illustrasjonane har noko sart, humoristisk, naivistisk og samtidig noko slitesterkt ved seg. Du kan lesa boka 10 gongar og du vil enno finna noko nytt når du les den dei neste gongane. […]

Sjølve historia er også slitesterk og eit viktig tema alle foreldre bør snakka med barne sine om. Det å finna ut kven ein er og ikkje vera redd for å leva som ein vil. Boka gjev rom for mange filosofiske samtaler. Ho har også ei morosam side som kan gje rom for humring og latter.»

Les også: Ut å stjæle pølser