Tjue år med døgnopen poesiverkstad

Juryesamling i Diktkammeret: Helge Torvund, Maria Børja og Kristian Rishøi

LYRISK: I tjue år har folk valfarta til den virtuelle verseverkstaden Diktkammeret.

«Men det er ikke lett», sa Brumm for seg selv, mens han stod og kikket på det som en gang hadde vært huset til Ugla. «For dikt og sanger er ikke ting du kan gripe, det er noe som griper deg. Alt du kan gjøre, er å gå dit hvor det har en mulighet for å finne deg.»
(Frå Huset på Bjørnehjørnet av A. A. Milne.)

Og i tjue år nå har folk valfarta til den virtuelle verseverkstaden Diktkammeret. Fordi det har vist seg å vera nett ein stad som den Ole Brumm snakkar om. Ein stad der dikt kan gripe deg. Og inspirera deg. Og der du kan leggja ut dine eigne poesiforsøk, og sjå kva som skjer.

Poesi er ein møtestad

Unn Conradi Andersen

Då Unn Conradi Andersen utvikla skriveverkstaden Diktkammeret for Dagbladet i 2001, visste ho ikkje kor populær møtestaden ho var i ferd med å leggja grunnsteinen til, ville bli. Håvard Rem, som var mest engasjert i oppbygginga av Diktarkivet til Dagbladet, tipsa henne om ein poet på Jæren som kanskje kunne blir ein brukbar lærar på denne møtestaden. Andre som vart involverte i juryarbeid var Niels Nagelhus Schia og Kristian Rishøi. Den sistnemnde dreiv i årevis Skolekammeret for skuleelevar. Og ikkje minst, nei, snarare aller mest; Maria Børja, som vart heilt sentral i dei fleste av dei åra Diktkammeret har eksistert, som juryleiar, intervjuar av månadens diktar og altmoglegkvinne i Diktkammeret si teneste.

Då Unn Conradi Andersen og underteikna, etter nokre interne forsøk, lanserte Diktkammeret på det opne nettet den 6. februar 2001, var det med sitrande spenning og glede. Me starta opp noko nytt. Kor stor ville interessa vera? Eg fekk som Diktlærar god løn av Dagbladet i prøveperioden, som var på eit halvt år. Forprosjektet Poetikon hadde fått inn kring 800 innlegg i månaden, og det var noko slikt me håpa på nå òg.

Ein levande landsby med diktet i sentrum

Etter at eg hadde kommentert innkomande dikt i eit par månadar, var me opp i ufattelege 8000 innlegg i månaden! Engasjementet var enormt. Eg vart hekta og brukte mykje meir tid på Diktkammeret enn det kontrakten tilsa. Folk fann saman og skapte eit interaktivt nettsamfunn som dei opplevde som ein levande landsby med diktet i sentrum. Ei rik og fin og kreativ tid. Sjølvsagt med dei utfordringane som eit ope nettforum har, med krangling og krøll. Men først og fremst fann folk ein stad for kreativt mangfald, der ein kunne utveksla eigne tekstar og tipse om gode poetar og artiklar om poesi.

Etter eit år samla Samlaget diktleksjonane mine og saman med Dagbladet gav dei desse ut i bokform i 2002.

Norsk Forfattarsentrum gav Dagbladet sin formidlingspris Wergelands Åre i 2003.
I 2011 jubilerte Diktkammeret, og Samlaget gav i dette høvet ut den massive dokumentasjonen «Å våga seg ut i ord», og det var festleg samankomst, foredrag og opplesing på Litteraturhuset i Oslo.

Dagbladet ville leggja ned

Då Dagbladet første gongen ville leggja ned nettstaden av økonomiske omsyn, var deltakarane opprørte, og eg tilbaud meg å halda fram for halve løna, og slik vart det. Fram til 1. april, 2015. Då avslutta Dagbladet sitt finansielle engasjement. Og Diktkammeret sin eigen Øyvind Rangøy, utvikla ein nettstad som likna mest mogleg på gamle Diktkammeret, men som òg hadde nye funksjonar.

Frå 1. september 2015, har Diktkammeret vore drive av innsamla midlar og av Rangøy ved roret, når det gjeld alt det tekniske arbeidet. Eg har halde fram som Diktlærar. Til vår glede tok BOK365 over publiseringa av Månadens dikt og intervjuet med månadens diktar. Noko som var viktig for å nå ut til folk med desse høgdepunkta på Diktkammeret. Seinare overtok Klassekampens Bokmagasin denne funksjonen, og held fram med det. Hilde Susan Jægtnes, som mellom mykje anna skreiv manus til TV-serien «Okkupert», 3. serie, har vorte med i juryen, og har med sin vitalitet og vide kunnskapshorisont, tilført ein viktig energi i juryarbeidet, som kvar månad kårar eit dikt som er verdt å løfta fram.

Femti bokdebutantar

Me veit at kring 50 av dei som forsiktig har starta med dikt på Diktkammeret, seinare har debutert i bokform. I 2020 var til dømes poeten Karoline Brændjord innom på Diktkammeret og takka for den inspirasjonen ho hadde fått der, og debuterte så like etter med diktsamlinga «Jeg vil våkne til verden». Ei bok NRK kalla «en lysende debutbok», og Klassekampen omtalte som «en åpenbaring av en bok», og som nå er nominert både til Kritikarprisen og Veaas’ debutantpris. Slik markerer diktkammeret sin aktualitet når det gjeld påverknad for mange av dei som står fram som bokpoetar, medan den viktigaste sida ved Diktkammeret framleis er den døgnopne drifta der skrivande folk kan finne ein møtestad. Ein av dei sjeldne møtestadane der poesien står i sentrum.

… og to nye

Det er ikkje planlagt noko tilstelling i koronaprega 2021, men me gler oss over at Diktkammeret framleis er i dagleg drift og at til dømes følgjande to av Diktkammeret sine trufaste deltakarar vil debutera: Vibeke Rosenberg, som første gong vart månadens diktar i 2016, ganske fersk på poesifronten, i vår debuterer ho på Tiden forlag med diktsamlinga «Den som bor ved et juv» og til hausten debuterer Øyvind Rangøy, vår drivande datamann, som rett nok alt har gitt ut ei diktsamling i Estland, på estisk, men nå altså med dikt på norsk, «Dødsbu», på Aschehoug forlag.

Diktkammeret.no er 20 år. Det er ufatteleg. Det er ei bragd som mange har vore med på. Og det er først og fremst ei glede å kunne konstatera at det var uvanlege mange fine dikt blant dei nominerte til månadens dikt januar, 2021.

 LES DIKTKAMMERET: her