Audhild Solberg til Samlaget

A. Audhild Solberg (Foto: Privat)

A. Audhild Solberg er tilsett i eit vikariat i Samlaget.

– Vi er svært glade for å få ein så kompetent redaktør som Audhild med på laget, med si redaktørbakgrunn og lange erfaring som anerkjent barnebokforfattar, sier forlagssjef i Samlaget, Håkon Kolmannskog.

Audhild Solberger tilsett i eit 40 %-vikariat som forlagsredaktør for barne- og ungdomsbøker i Samlaget. Solberg er cand.philol. i nordisk språk og litteratur og har vore tilknytt forlagsbransjen i ei årrekke som redaktør, språkvaskar og manuskonsulent. Ho har skrive seks bøker for barn og unge, m.a. serien Superbitchene. Ho jobbar også som omsettar, hovudsakleg av barne- og ungdomslitteratur.

 

 

767 Delinger