– Snart kjem det ein tsunami av kvalitet

KRIMNOMINERT: Ny roman frå Agnes Ravatn kan få Rivertonprisen. Det hadde ho ikkje sett for seg. Ikkje det, heller. Foto: Vidar Kvalshaug

I dag blei Agnes Ravatn nominert til Rivertonprisen for sin litterære krim. Ho trur fleire forfattarar no vil inn i rommet mellom middelklasseromanen og krimmen.

– Det er jo kjempekjekt. Redaktøren ringte på eit rart tidspunkt for henne. Ho veit eg jobbar på dette tidspunktet om føremiddagen, men eg høyrde ho skulle seie noko kjekt. Ho nemnde ordet nominert. Kritikarprisen og Nordisk råd sveva i hovudet mitt. Same dag blei eg også nominert til Bokbloggerprisen, kjekt, det også. Redaktøren snakka og eg var innom Bokhandlarprisen. Lesarprisar, det er kjekt, da føler eg meg omfavna. Og så var det Rivertonprisen. Den hadde eg ikkje tenkt på.

– Har du nådd krimpublikum no?

– Eg føler eg har nådd ein haug med folk som ellers ikkje les krim.

– Kva er boka, ein krim?

– Ingen stereotyp krim. Like mykje familiedrama som krim, og som eg har hevda nokre gonger, ein moderne gresk tragedie. Viktig, medrivande historie. Ho er relevant for folk. Kvifor skal krimfolk få lesa om spenning og forbrytelsar når vi andre sit igjen med midelklassas sine samlivsproblem? Kan ein ikkje ha både samlivsproblem OG drap?

«Eg skjønte det ganske fort»

Agnes Ravatn kneggar lågt i resepsjonen på Bondeheimen, nynorskhotellet i Oslo. Meldarar, inkludert meldaren i BOK365, peikte på at ho har skrive ein litterær krim som når folk som ikkje ellers les krim og ho veit ho må svare for slike ting dei neste dagane

– Eg er ikke så godt orientert i eller så interessert i sjangeren, fortel ho.

– Mi bok skil seg klart frå den gjengse krimroman. For det første er det lenge uklart om det har skjedd noko kriminelt. Etterforskaren er heller ikke veldig flink. Ho har gode hjelparar og litt flaks, stikk nasen i ting ho ikkje har noko med for å reinvaske seg sjølv. Ikkje noko nobelt motiv, nei. Eg ville jo berre skriva om overføringsteorien til Freud i romanform.

– Kva seier garva krimlesarar?

– Mi erfaring er at dei som les krim, seier «eg skjønte det ganske fort». Mens dei som ikkje les krim, trekkjer pusten og dei ikkje klarer legga frå seg boka og ikkje klarer legga seg. Om eg får til å skriva slik at folk gløymer å sjekke facebook anna kvart minutt, er det kanskje ei vellukka bok? Forlaget har gjort lite for å marknadsføra dette som krimroman. Det var vi enige om.

Kjøpt av TV

Opsjonen til å lage tv-serie av Dei sju dørene, er kjøpt av eit bergensk produksjonsselskap, True West. Boka skal vere er sesong 1. Hvis det blir serie med fleire sesongar, er ho kanskje forplikta til nok ein roman?

– Eller dei gjer det sjølve, men det hadde vore kult ein gong å skriva noko for tv. Eg skal ikkje jobbe så tett på dei no, heller gi dei frie tøyler.

–Er det for lite rom for hybridbøker mellom skjønnlitteraturen og krimmen?

– Det er forbausande at folk er så opptatt av sjangrar. Eg trur eg har funnet eit stort, tomt rom mellom romanen og krimmen som eg kan boltra meg i. Eg har ei kjensle av at forfattarar snart følgjer lysta og tenkjer «fanden, la meg prøve»,  at også «seriøse» romanforfattarar byrjar å trø i dette graset. Det kan bli farleg. Snart kjem det ein tsunami av kvalitet. Som forfattar er eg meir opptatt av det handverksmessige. Å segle med lik i lasta er jo ibsensk, og han er jo stuerein? Og når Ruth Lillegraven skreiv krim: Når ein nynorskpoet kan skriva krim på Kagge, da er vel alle barrierar brotne?

Agnes Ravatn ler igjen.

– Kva med utlandet?

– Tyskland og England. Dei sju dørene ser meir ut som krim i Tyskland enn Fugletribunalet, som var lansert som psykologisk thriller. Og omslaget var brutalt dramatisk og ganske misvisande. Boka gjorde det ganske dårleg. Omslaget var litt meir sobert i England der boka gjorde det veldig godt. Alle utanlandske forlag verkar interesserte i scandi noir etter Nesbø og andre. Mitt inntrykk at dei kjøper nesten usett og marknadsfører som krim, men så er det ikkje krim likevel.

–  Kva skriv du no?

– Eg ser konturar av ein ny roman. Ikkje krim, men like spennande som krim.

–  Akkurat som Dei sju dørene?

– Mhmm. Og det skal ikkje gå seks år mellom romanane no.

Fekk kreft

– Når veit du at du har ein roman?

– Nokre forfattarar seier «etter side 20» eller «etter side 67», men eg kjenner heller etter min eigen entusiasme. Er eg nysgjerrig nok på dette – eller ikkje? Ofte startar eg blankt eller berre med noko eg er nysgjerrig på. Fugletribunalet var slik: Ei dame har tatt jobb som hushjelp hos ein framand mann: Kvifor har ho det? Og kven er han?

– Har du nokre famous last words som krimsjangeren som du no er ein del av?

– Nei. Eg har ikkje noko mot krim. Men eg har mykje mot dårleg litteratur.