Fiffig kulturelite-krim

Svært underhaldande når Agnes Ravatn snur ein øvre middelklasseroman om øvre middelklasseproblem til ein krim for folk som ikkje les krim.

Ein roman som opnar med at Bergen kommune har eit endeleg vedtak på at det skal byggjast bybane? Da veit du i det minste at det er ei fiksjonsbok du har i hendene. Resten vil forfattaren halde skjult for deg lengst mogleg.

Mads Glaser er byråd i Bergen og har nettopp fått vedtatt ein trasé som gjer at kona sin barndomsheim skal rivast. Mads og kona Nina Wisløff bur i dette huset, men dei er generasjon grånande gull og har all verdas moglegheiter når huset er rive og erstatninga


Agnes Ravatn:
Dei sju dørene
Skjønnlitteratur
Samlaget
250 sider

strøymer inn på konto. Så dei feirar. Paret har også eit arva rekkehus etter ei tante og dei har ei dotter med halvanna barn som har fått skjeggkre, panikk og treng meir plass når babyen kjem. Leigebuaren i det arva rekkehuset, åleinemora Mari Nilsen, ringer og seier opp kontrakten sin rett etter at mor Nina og dottera har vore litt for ivrige på besøk. Så forsvinn leigebuaren frå barndomsheimen sin utanfor Bergen. Kvifor? Kven er ho? Kva er det med foreldra?

Blues for litteraturvitaren

Nina, som er professor i litteratur, er såpass i ulage at når ho kort tid etter er i ein scenedebatt, busar ho ut med ei erklæring som får stort oppslag i Bergens Tidende, åtgaum og latter og får kulturfolk til å ryste på hovuda.

Kva skal me med litteraturvitarane? er spørsmålet.

Nina Wisløff let tunga løpe framfor seg og leverer ein rant om at litteraturvitarane bør jobba i politiet. At ein ikkje kan overlata noko så viktig som politiarbeid til politiet, men heller la litteraturvitarane, som avdekker tekst, ser samanhengar og les mellom alle linjer, gjere jobben.

Aukar tempoet

Det går troll i ord. Nina Wisløff trivs ikkje særleg godt på universitetet desse dagane og stikk nasen sin bort i saker ho ikkje har noko med, men likevel har så altfor mykje med. Dermed har jo starta ei jakt på ein eller fleire skuldige? Men kva er brotsverket? Ting kjem for dagen og denne «krimmen» er ikkje så vanskeleg å løyse. Sjølv eg klarte å finna den personen romanplottet skal gå ut over det før boka var halvvegs, men sjølvsagt ikkje kva som var brotsverket. Den sakte utrullinga av noko dystert minnar om Fugletribunalet (2013), men det er stort skifte av miljø og landskap derifrå. Og så aukar ho tempoet og konfliktene kraftig i andre halvdel. Eg hadde tenkt å sove klokka 2230 sist laurdag og la meg 0135. Ravatn har kanskje funne seg ein litterær stil og måte i sin andre og tredje roman?

Agnes Ravatn er ein luring. Romanen startar som ein middelklasseroman om middelklasseproblem som ho sakte snur til ein krim på liv og død blant universitetsfolk og kulturtoppar og det er svært underhaldande. Ravatn er smart også. Ho legg tidleg spor og trådar i eventyra Nina les for barnebarnet, gamle fablar og anna ho underviser i og med. Tittelen Dei sju dørene treng ei lang utgreiing, men han passar svært godt, skal det vise seg.

Er dette den nye krimmen?

Så kvifor ser ikkje boka ut som ein krim? Kvifor såg ikkje Jan Kjærstads Berge, eller visse tidlegare bøker av Kjærstad ut som ei bloddryppande krimbok?

Eg trur kanskje det er her «den litterære krimmen» kjem frå dei neste åra. Skjønnlitterært sterke forfattarar som nyttar kriminalmysterier i staden for at tradisjonelle krimforfattarar som plutseleg blir «litterære». Døme på først nemnte gruppe: Friedrich von Schirac, Aksel Sandemose, Kristian Lundberg, Paul Auster, Arthur Omre og mange, mange andre. Ein kan få det beste av to forteljingar som tradisjonelt ikkje står kvarandre nær, anna enn at dei har forlag, omslag og er til sals som bøker.

Dette vil eg tru gler (krim)forfattar og Aftenposten-meldar Pål Gerhard Olsen, ein av dei som oftast og høgast har ropt etter ei slik utvikling.

Agnes Ravatn sit vel der borte i Valevåg og gliser no. Det kan ho halde fram med, heilt til jul og inn i pocketsesongen. Dette svingar og er krim for dei som ikkje les krim – truleg også folk i kultureliten ho skriv om i Dei sju dørene. 

VIDAR KVALSHAUG