Små linjer av storheit

TRILOGI. Per Helge Genberg har skrive tre bøker med sjølvbiografi, men dette handlar om oss alle. Foto: Eigil Korsager

Dette har du ikkje høyrt om. Dette må du lese: Per Helge Genberg har fullført ein usedvanleg sjølvbiografi i tre bøker.

For to år sidan høyrde eg Per Helge Genberg på radioen. Tolererar Gud dei homofile? spurde NRK. Forfattaren, byråkraten, sauebonden og den opne homofile Per Helge Genberg frå einsame Lierne i Nord-Trøndelag, no busett på Levanger, imponerte meg slik at eg straks kontakta forlaget og fekk tak i dei to tynne bøkene hans. Seinare blei han intervjua i Åpen Bok i NRK. Da måtte eg lesa dei to bøkene Finna kyrkjedøra i meg (2018) og Å bera nakne nyklar (2019). Gjennom eit nøye destillert språk, rissa han opp sin sjølvbiografi med sauer, utdanning, folk, jobb og natur og det var så vakkert, så skjørt, ømt og samtidig brutalt. Dei små bøkene dirra.


Per Helge Genberg:
Og prosjekta skal bleikne
Sakprosa
Vigmostad & Bjørke
67 sider

No har Genberg fullført sin sjølvbiografiske trilogi med boka Og prosjekta skal bleikne. Boka startar i yrkeslivet, i livet som byråkrat, i ei ungdomsforelsking i landbrukskontoret, ei tilknyting i verda utanfor som kunne verke skummel, som han har skrive om tidlegare.

Genberg hintar til Forkynnaren i Bibelen, som The Byrds også henta teksten til Turn Turn Turn frå. Han nemner alle sauene sine med namn som om dei var familiemedlemmar med sin sjølvsagte plass i eit liv. Jammen trur eg ikkje at eg finn ei helsing til Artur Rimbaud når han skriv om sauene sine: Kvelden kring oss er rik og tom, tida oppheva. Grjotgard held hovudet lågt, sjukdomen har senka kroppen, øyra, rørslene, han er ein annan no, Beatrix og Faten ber framtid i den stille energien sin, i ulla, og eg står på kne og femner alle, andletet heilt nær. 

Alle som berre har høyrt om James Reebanks bok Sauebondens liv, trur ho handlar mest om sauer. Reebanks bok handlar mest om klassereiser, men ho er på sitt mest sanselege når han sankar dyra sine. Genbergs prosjekt er litt i slekt med Reebanks, men likevel noko heilt anna.

Skrivaren sit på jobb og ser rundt seg, ser ut og ser at:

Dei store trea trøystar, står mellom blokkene og held lauvet heilt til november, gjevmildt, eller kan hende trassig. Eg sit på møte og teier, nederlag byrjar å brenne seg inn i meg som tjøre på stavkyrkjeveggar. 

Per Helge Genberg skriv nedanfrå fordi det opnar for undring og dei enkle, og farlege, spørsmåla, dei som barn brukar stille: Kan ein bli meir glad i dyr enn menneske? Vi skal bli med forfattaren i den diskusjonen. Han skriv indeleg, biletrikt og gjer akkurat kva han vil. Under dirrar det:

Nokon må vera ei røyst av visdom i ei verd som har gløymt kvar med kom frå, gløymt ei nedsigen utløe, ein halvrotna fiskehjell, ein støvut fabrikkhall. 

Einkvan må trasse draumen fram, om det så berre blir i tømmeret i stoveveggen, i nemningane som blir brukte, i fara etter kyrkjeveg

sjå voner kverve, reise seg i kveldsdisen over fjorden, strekkje hugen, strekkje krafta, opne, gje

vera eit menneske; leikande fargar inn i mørkret / berande ei bru over djupaste gjela i oss ( halde ein spegel opp mot morgonen. 

Slå den! Linjeskifta blir ikkje heilt rett her, men du får ein idé om kva denne særeigne prosaisten driv med. No set eg Og prosjekta skal bleikne saman med dei to andre på lett synleg plass i bokhylla. Dei får halde saman, halde kvarandre synlege i all si slankheit. Desse bøkene kjem eg til å hente fram igjen.

Les Genberg og lytt på radio!

VIDAR KVALSHAUG