Lagar nytt litteraturhus

SAMTALAR PÅ TUR: Kristin Fridtun, Randi Fuglehaug og Kristina L. Iversen i samtale på Ivar Aasen-tunet. No får fylket omreiande litteraturformidling. Foro: Svein Olav Humberset

Møre og Romsdal får eit omreisande litteraturhus neste år. Nynorsk kultursentrum og Bjørnsonfestivalen samarbeider.

Møre og Romsdal har ikkje noko litteraturhus, men mange hus som kan fyllast av litteratur. Bibliotek, forsamlingshus og andre lokale der folk kan samlast, skal verte fylt med arrangement for barn, skjønnlitterære forfattarar som fortel om bøkene sine og interessante sakprosaforfattarar som kan gi ny innsikt om ulike emne. Dette er eit prosjekt for 2021–2023 med mål om å verte ei fast ordning.

– Som to sterke litteraturformidlarar går vi i hop for å gi sunnmøringar, romsdalingar og nordmøringar arrangement og opplevingar der dei bur, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum og festivalsjef Johild Kosberg Bredin ved Bjørnsonfestivalen i ei pressemelding. Ordninga skal vere organisert frå Aasen-tunet i Ørsta og kulturhuset Plassen i Molde.

Bjørnsonfestivalen har god erfaring frå prosjektet SamLesLITT, som har skapt fleire litteraturopplevingar saman med biblioteka i Romsdal. Nynorsk kultursentrum har drive formidling på bibliotek og turnear i heile landet, og styrkjer no verksemda.

– Vi vil vere der folk er. Det er viktig at folk ser nynorsk språk og litteratur der dei bur og lever liva sine. Derfor er vi svært glade for dette samarbeidet, seier direktør Sandsmark.

Får 700.000 kroner

Den 1. september vedtok fleirtalet i kultur-, nærings- og folkehelseutvalet, med røystene til Senterpartiet, Framstegspartiet og Miljøpartiet Dei Grøne, å løyve 700 000 kr kvar år i tre år til prosjektet. Mindretalet talte også for å støtte prosjektet, men med ein mindre sum.

Sparebank1 Søre Sunnmøre bidreg med 75 000 kroner kvart år i prosjektperioden.

– Vi er veldig glade for å støtte dette prosjektet. Eit omreisande litteraturhus vil skape gode møteplassar og vere eit viktig ledd i å styrke nynorsk og litteraturen. Dette bidreg til å gjere det betre å bu og virke i regionen vår, seier Stig Brautaset, administrerande direktør i SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Frå før av har næringslivet i Romsdal og på Nordmøre løyvd 300 000 kr.

Kvar kommune ved folkebiblioteka har fått tilbod om å vere med. Dei fleste kommunane i fylket har takka ja til å bidra med 15 000 kr i året, eller meir om dei vil ha arrangement fleire stader i kommunen. Kvar kommune får om lag fem arrangement i året med forfattarar og litteraturformidlarar frå heile landet.

– Vi har von om at alle kommunane melder interesse i haust. Dette gir innbyggjarane store opplevingar for små pengar for kvar kommune, seier Sandsmark.