Nynorsk Litteraturpris til Lillegraven

Ruth Lillegraven

Nynorsk Litteraturpris 2016 er i dag tildelt Ruth Lillegraven for diktsamlinga Sigd.

På sosiale medier skriver en stolt og glad Lillegraven at hun deler æren for prisen med Tiden-redaktør Mattis Øybø.  Lillegraven takker også sin far, Sverre, som gav henne ideen til boka.

Nynorsk litteraturpris, deles ut årlig av Noregs Mållag, Det norske Teatret og Samlaget for den beste boka på nynorsk eller dialekt. Prisen er på 30.000 kroner.

 

Dette sier juryen:

«Nynorsk litteraturpris 2016 går til ei uvanleg vakker diktsamling som fører saman fortid og notid, kultur og natur, og som skildrar korleis eit menneskes blod, slit og tårer blir meisla inn i omgjevnadene rundt, og blir verande der til evig tid. Diktsamlinga utmerker seg med si særeigne rytme og sterke bilete. Individ og fellesskap, identitet og enkeltmenneskets desperate ønske om å ikkje skuffe dei som har vore der før er blant dei tema diktsamlinga tar opp. Samstundes er dette ei bok som er full av overraskingar og humor. Midtvegs tar historia plutseleg ei heilt uventa vending, noko som opnar auga til både hovudperson og lesar på ein slik måte at ein nesten kjenner det som ein oppdagar verda på nytt. Dette er ei sterk og fascinerande diktsamling som på originalt vis teiknar opp ein lagnad, og viser oss korleis kvar og ein av oss er ein del av noko større, samstundes som ein aldri kan bli noko anna enn den ein vart.»

Ruth Lillegraven, Sigd (Tiden, 2016)
Foto: Pål Audestad