Dei to første norske trykte bøkene skal ut på reise i Noreg, og dei 500 år gamle bøkene blir frakta i ein spesialbygd koffert.
– Så vidt vi kjenner til har ikkje bøkene vore utanfor granittveggane her på Solli plass i Oslo sidan dei kom hit for meir enn hundre år sidan, seier avdelingdirektør ved Nasjonalbiblioteket Hege Stensrud Høsøien.
I høve Bokåret 2019 tek Nasjonalbiblioteket dei to første norske trykte bøkene med på reise til utvalde stadar i Noreg. Dei 500 år gamle bøkene blir frakta i ein spesialbygd koffert til framsyningar i Rana, Sarpsborg, Bergen og Ørsta, før dei blir del av den bokhistoriske utstillinga som opnar i Nasjonalbiblioteket til hausten.
Stor interesse for bøkene
I samband med 500-årsjubileet har det vore stor interesse for bøkene, og Nasjonalbiblioteket har forsøkt å finne ei løysing slik at fleire skal få sjå dei.
– Med hjelp frå konservatorane våre har vi fått laga ein spesialbygd koffert som sikrar dei sårbare bøkene mot temperatursvingingar og andre ting som kan skade dei under transporten. Kofferten er den første i sitt slag her i landet, og vi håpar å kunne bruke den til liknande turnear i framtida, fortel Hege Stensrud Høsøien.
Det er Nasjonalbibliotekets fagpersonar Chiara Palandri, Bente Lavold, Siv Frøydis Berg og Nina Korbu som skal syne fram bøkene rundt omkring i Noreg.
Her stopper bøkene
Her er stoppestadane som er planlagde til no:
Rana folkebibliotek, onsdag 15. mai
Borgarsyssel museum i Sarpsborg, måndag 27. mai
Bergen offentlege bibliotek, tysdag 28. mai
Nynorsk kultursentrum i Ørsta, onsdag 28. august
Frå 19. september kan du sjå bøkene på Nasjonalbiblioteket på Solli plass i Oslo, i utstillinga Lause typar og stramme bind. Norske trykte bøker i 500 år.