Litteratursymposiet i Odda går av stabelen

Sentralbadet Litteraturhus i Odda

I kveld brakar det laus i Odda. Symposiet varar til 9. oktober. I år er temaet A4.

Litteratursymposiet i Odda har sidan den spede starten i 2005 utvikla seg til å bli ein av landets mest særeigne litteraturfestivalar: eit fem dagar langt gilde med litterære samtalar, debattar, opplesingar, konsertar, vandringar og overraskingar.

Festivalleiar Ingvild Ystanes er klar for ein deilig festival. (Foto: Sigrid Hallanger / Hardanger Folkeblad)

I ein pressemelding skriv Litteratursymposiet sin festivalleiar Ingvild Ystanes:

A4 er i utgangspunktet det perfekte format ingen andre format kan måle seg med: Dersom du brettar eit A-format får du det neste A-formatet, identisk, berre halvparten så stort. Det er standarden. I overført betydning er A4 kjedeleg eller konvensjonell. Med årets tema ville vi utforske kven vi er, i forhold til andre. Kva er innafor og kva er utafor? Kven kan definere det? Dette er og vår tolking av Skeivt kulturår, med utstillinga Skeive Ikoner (samarbeid med Fotogalleriet) og ulike programposter som utforsker skeivhet og utanforskap.

«Hva er det med Odda, dette nitriste stedet innerst i Sørfjorden, knuget av høye fjell, som er i stand til å få frem slike dyktige forfattere?»

Dette spørsmålet stilte Arvid Bryne i Dagbladet hausten 2001. Frå det vaks arrangementet «Ka e det med Odda?», som sette fokus på forfattarar og skribentar frå Odda, og som inspirerte til fleire litteraturarrangement, og kanskje også til at fleire blei forfattarar? Litteratursymposiet i Odda står i ei særstilling fordi litteraturen og staden er så tett knytta saman. Den lokale forankringa i alle ledd gir arrangementet ein heilt spesiell energi og atmosfære.

Vi er stolte av at det gror godt i Oddas litterære underskog, og kan by på to Oddadebutantar på programmet: Biletkunstnar Leander Djønne romandebuterte i haust med Oskespiralen, til stor jubel frå kritikarane, og pensjonert keeper Håkon Opdal debuterte i haust med Den ellevte mann. Både dei, og veteran Lars Ove Seljestad som med årets roman Eitranes sluttar sirkelen hans om bøker om klasse og arbeidarkultur, skal feirast på symposiet.

Her finn du festivalprogrammet.