Klangfull ettertanke

Edvard Hoem (Foto: Paal Audestad)

LYRISK: Edvard Hoem har skrevet årets rikeste og mest formfullendte diktsamling.

En av våre aller største forfattere, vinneren av Brages hederspris i 2019, Edvard Hoem (f. 1949) debutere 20-år gammel som lyriker. I 1982 utkom hans seneste diktsamling – om vi nå ikke regner inn Den fattige Gud – Salmar og balladar fra 2003.

Men dikt, det har han skrevet under hele sin karriere som romanforfatter, gjendikter, dramatiker og biograf.  Så sent som i sommer skrev han et nydelig dikt til gravferden for en kjær venn: Livet og døden flettar seg saman Ved Kolbein Falkeids båre 2. juli 2021.

Senere i sommeren kom han på at han ikke hadde samlet sine nyere dikt. At den tanken fant ham, skal vi være glade for. Sist uke kom samlingen Ute, langt der ute. Dikt 1967–2021. I boka har han med åtte dikt fra debutsamlingen Som grønne musikantar. Åtte dikt er fra Du er blitt glad i dette landet (1979/1982). Av resterende rundt 40 dikt, er mange tidligere upubliserte.


Edvard Hoem:
Ute, langt der ute. Dikt 1967-2021
Lyrikk
Oktober
123 sider
Akvarell på framsida: Atle Færøy

Mye av dagens mest populære poesi er skrevet av såkalte Insta-poeter. Disse skriver helst kort og slående, med åpenbare poeng. Form og klangbunn er de på langt nær like opptatt av. Hoems dikt står i klar kontrast. Han er inne på noe av dette selv nå han i innledningen til samlingen skriver:

I sommar gjekk det opp for meg at tida var inne til å samle dei beste dikta, og at tida kanskje var lydhøyr for å ta imot dei. Modernismen i norsk lyrikk har gitt oss mange viktige innsikter og strålande dikt, men kløfta mellom det store lesande publikum og det meste av lyrikken er blitt større. No stikk den poesien som også bruker rim og rytme når det trengst, hovudet fram, og eg innbiller meg at det finst folk som ventar på den lyrikken og songlyrikken som talar rett til lesaren.

Ordkunstneren Hoem – som blant annet har stått for flere gjendiktninger av Shakespeare – behersker versefoten til det fulle. Diktene har rik klangbunn, noe som innbefatter både rim og rytme. De er malende fryd å lese. Intet mindre.

I et klokt, velformulert og personlig etterord skriver Kolbein Falkeids datter, professor Unn Falkeid:

 Edvard Hoem er ikke bare dikter. Han er også sanger. Ja, sangen er kanskje den mest karakteristiske egenskapen ved diktene hans, og på mange måter uløselig knyttet til den profetiske talen. Rim og rytme gir budskapet en særegen tyngde. Alvoret befestes med tydelige slag.

Vi gjengir to av diktene fra samlingen til å kranse denne søndagens lyriske. Ett fra debutsamlingen, og ett nyskrevet – som nevnt ovenfor.

SOMMARHUSET

No er det tid for å tenke på overvintring.
November er ikkje staden for meiningslaus tvil.
Slepp ikkje lengsel frå deg. La ikkje draumen døy.
Med tida skal alt bli betre. Med tida skal alt bli godt.

For ein morgon skal du vakne i eit sommarhus
på andre sida av mørkret og glatte fortau.
Du skal vakne til ei reinare luft enn her,
og høyre barns morgonlatter gjennom lyse rom.

Du skal vakne til ei solblank vik med mange kvite båtar,
til ein søndagsmorgons flaum av lys igjennom opne glas.
Du skal springe ut på doggvåte, grøne plener,
utan smaken av dagen før i din munn.

Med tida skal alt bli betre.
Du tenker berre på dette og blir sikrare for kvar dag:
Det er eit sommarhus som ventar på deg der.
Bortanfor alt vondt.
Der ingen har aning om
anna enn sommar.

 

***

 

LIVET OG DØDEN FLETTAR SEG SAMAN

Ved Kolbein Falkeids båre 2. juli 2021

Kolbein er død, men Kolbein er ikkje borte.
Aldri har vi sett klarare enn no,
kven han var, og kva han ville oss.
Livet og døden flettar seg saman
og blir ramme for eit stort skilderi,
der døden er brotstykke av ein spegel
som slenger alle gode stunder tilbake.
Dei bryt igjennom, som sol i havskodde.
Ansiktet hans lyser, auga får glans.
Iveren hans etter å forstå meir
sit i albogane hans, og i handrørslene,
stemma hans klatrar til nye høgder
når han undrar seg over alt som er.
Varmen hans osar, latteren
spring ungdommeleg i trappene.
Så går han frå oss
utan å seia kvar han skal.

Vi som var vennene hans kjende ikkje
det han kalla vranglynnet sitt,
men vi visste at det var der,
og at det stundom innebar smerte
for dei som var hans inste krins.
Vi ante berre på ei munntrekning
at ingen ting ville gå hans veg.

Somme gonger sleit han med
å få dagane på rett kjøl,
men kom seg på land
med språket som livbøye.
Så veksla han mellom
frie, slentrande vers og rim
snart hadde diktet klang av shanty,
snart av skillingsviser og fyndord,
havbølgjer, sus av vind og regn.

Vi, dei aningslause vennene,
levde på smil og haukande gjensyn,
og festen som følgde med han.
For oss la han etter seg ei poetisk verd
med fjelltoppar og ørkenlundar,
stillferdige rop, varsam klokkelyd
ungjentehender, barnesmil.
Stemningane hans spegla seg i kvarandre,
den glade latteren braut laus ein festkveld,
men ettertanken hans tok alt ståk bort,
som om vi sat ved eit fjellvatn langt frå folk.

Lærde innsikter slo seg ned hos han
som ørnar på vestnorske fjelltoppar.
Framfor alt sansa han, snusa han, drog pusten,
med forundring, så nikka han,
førte det nye innfallet til protokolls
med jubel i røysta:
God tur, skolepike!
Det er langt mellom venner.

Barn og olding på same tid,
lett å såre, lett å glede. Han fann fram
fordi han var på leiting overalt,
i det kjende og ukjende.
Han gjekk ut og inn
svingdøra mellom detaljane
og det største, det som vi ikkje fattar.

Sorga over hans død og gleda over
at vi fekk kjenne han, står og dirrar.
Minna stryk over oss som fugletrekket,
med blomsterangane, med årstidsluktene,
med havbruset, med lerkesong,
med solnedgangar på fjerne kystar.

Her var han heime, men også ein gjest
i eige liv, ein framand fugl løynd
i vennleg prat og glade talemåtar.
Her levde han med dei levande,
her kviskra han med dei døde,
medan han tok på seg jakke og lue,
knytte på seg solide skor,
ergra seg over toskne påstandar,
frå folk som ikkje ville innsjå korleis alt var.
Han fryda seg over småfuglane i Haraldsgata,
pusta djupt i havlufta på kaien.
Her var han nattevak og på veg mot dagen,
på veg mot døden, men ikkje mot forsvinninga.
Her var han for oss, og vi har sett det:

Døden og livet møtest.
Livet trassar døden,
døden gir livet meining
og taper slik sin brodd.

Eg ser Kolbein Falkeid trø
med høgtid og sjenanse
over den siste grensa.
Der står han og speidar etter dottera Helga
med sitt uutgrundelege smil.

 

***

 

 

 

35 Delinger