HJEMMEKONTORET: I dag er vi i Bergen. Forfatter Eli Fossdal Vaage er også kontorfullmektig på Skrivekunstakademiet i byen, men i høst tar hun seg permisjon. Da skal hun bare skrive.
Eli Fossdal Vaage (f. 1984) er født på i Leirvik på Stord, men er oppvokst i Bjørsvik ved den vakre Osterfjorden, rett nord for Bergen. Nå bor hun i byen. Før hun fikk jobb på Skrivekunstakademiet, gikk hun der selv. Vaage var representert i Cappelen Damms debutantantologi Signaler allerede i 2010. Diktsamlinga Hekla myter kom på samme forlag i 2014, mens samlinga Estalåni utkom på Tiden i fjor.
Samlinga dreier rundt temaet graviditet, og fikk gode anmeldelser. Dikta skriv fram eit imponerande mangfaldig knippe med motiv. – Vaages dikt gir ei innsikt, men òg, merkeleg nok, ei kjensle av velvære, skrev eksempelvis Sindre Ekrheim i Dag og Tid.
– Hvor er ditt hjemmekontor?
Heimekontoret mitt er stort sett ved kjøkkenbordet, av og til i vindaugskarmen eller sofaen eller golvet. No under korona har det variert meir enn vanleg, er ein berre inne hjå seg sjølv over såpass lang tid, må rastløuysa i det minste få utløp i å gå omkring i sin eigen heim og sitje seg på litt uvante stader.
– Hva jobber du med akkurat nå?
Eg har akkurat fått full permisjon frå jobben som kontorfullmektig frå hausten av for å skrive, så no driv eg mest og førebur meg mentalt og praktisk på korleis det skal bli å for første gong ha forfattervirket som fulltidssyssel. Eg gler meg. Og kjenner nok på ei større takksemd i denne tida enn vanleg, ettersom så mange kollegaer, både skrivande og andre utøvande kunstnarar, går så usikre tider i møte.
– Hva bruker du den innsparte reisetiden til?
Eg trur ikkje eg har eit så avgrensa, skjematisk forhold til mi eiga tid at eg kan seie at denne ekstra tida brukar eg til dette eller dette konkrete føremålet. Men eg merkar at ein del av meg trivst stort med å ha rolegare morgonar, som glir meir frå å vakne og drikke kaffi over i arbeid på naturleg vis, utan å gå etter klokka. Eg likar godt det uttrykket, å gå etter klokka. Det opnar liksom for at et finst ei alternativ tid ein heller kan gå etter enn klokketida, og det passar meg fint.
– Hvilken bok leser du?
Eg opna nokså nyleg Pow wow, debuten til amerikanske Tommy Orange, som er cheyenne-indianar busett i Oakland. Som veldig mange andre har eg sverma for ei slags romantisert utgåve av den tragiske historia til dei amerikanske urfolka sidan eg var barn, og kanskje derfor er eg stadig interessert i å få utvida det biletet gjennom særleg musikk og litteratur. Stort sett les eg mest norske bøker, så ein amerikansk debutroman er ikkje veldig typisk i mi bokhylle, men nett no er det den det går i.
– En varm anbefaling blant bøkene du har lest de siste månedene?
Det er lenge sidan eg har hatt så lita tid til å lese bøker, faktisk. Men eg las Dorthe Nors Kart over Canada nyleg, og den fortener mange fleire lesarar. Sjølv om det ikkje nødvendigvis er eit absolutt kvalitetskrav, set eg utruleg stor pris på litteratur som overraskar. Dessutan er det smart, vittig og litt skakk, og har eit kort format som passar ypparleg til heimekontor i koronaens tid.
Men, den boka eg har lese det siste året som eg absolutt må anbefale overalt der eg får høve til det, er noko ganske anna: Snille Djevel befri meg – en mixteip av kanadiske Mary MacLane, utvalgt og oversatt av Siri Katinka Valdez. Valdez er medlem i det ritualistiske skrivebyrået Blomster og bureau, der eg også er med, og arbeidet hennar med å omsetje den kontroversielle og dessverre nokså forgløymde MacLane er storveges. Boka er ein fryd å lese, og til stor inspirasjon for alle som skriv, vil eg påstå! «Jeg begynte å bli kvinne i tolvårsalderen, eller rettere sagt et geni», skreiv Mary MacLane då ho var nitten år gamal. Whats not to love?
– Godt skrevet: En setning eller avsnitt i en bok, eller diktstrofe, som du setter spesielt stor pris på?
Eg har fleire linjer eller opningar av bøker som eg har gått rundt og hatt med meg, omtrent som ein har ein song på hjernen, i årevis. Ei av dei er slutten på diktet Hva er igjen frå diktsamlinga Salt på øyet av Hanne Bramness:
/ alt fantes og fantes ikkje og tok lett til tårene
I barndommen sat eg på trappa i kortbukser og prøvde å knyte skorne.
– Hva savner du aller mest i disse corona-tider?
Trudde aldri eg skulle seie det, men eg saknar faktisk klemming. Og å sutalaust vandre omkring blant andre menneske, utan tankar om avstandar som må haldast bortsett frå der slike naturleg oppstår mellom menneske ein ikkje utan vidare slepper innpå livet. Elles saknar eg å gå på konsert og å generelt gå ut, på kafe og den slags, utan å lure på om det eigentleg er ok.
– Hvem i bok-Norge vil du sende stafettpinnen videre til?
Vel, det må kanskje bli Aina Villanger. Tusen takk for meg!
– Vent litt. Vi må også få gratulere med fødselsdagen i morgen!
Tusen takk.