Brit Bildøen var denne helga årets festspilldikter i Bergen.
Ikke bare er hun å regne blant våre aller fremste forfattere, hun har også i en årrekke hatt virke som konsulent for Samlaget, hun har sittet i styret for norske PEN, jobba i «Leser søker bok» og engasjert seg i Forfatternes klimaaksjon.
Bildøen debuterte i 1991 med diktsamlingen Bilde av menn – etter dette har det kommet romaner, dikt, essays og barnebøker. Hun har to ganger mottatt Nynorsk Litteraturpris, vunnet P2-lytternes romanpris og vært nominert til Brage.
BOK365s Bergens-kontor måtte denne helgen dessverre stenge døren, pakke snippesken og reise på bryllup i Hurum. Vi fikk med dette ikke dekket festivitasen, men er så heldige at vi får tak i Bildøen i ferd med å pakke kofferten i Bergen.
– Du har nylig erklært at du nå har til hensikt å være uforutsigbar og umulig. Hvordan har dagene forløpt?
– Det har vore eventyrlege dagar, med kollegaer som har gitt jernet på scena, og eit varmt og entusiastisk publikum. Ein kan ikkje vere umuleg i slikt selskap!
– Hvilke arrangement deltok du på, kom det noen?
– Det var stappfullt hus på fredagens program, Gullrekka. Ikkje rart kanskje, med ein slik line-up! Eg samtalte med Marit Eikemo, Ruth Lillegraven og Agnes Ravatn, og Kari Harneshaug runda det av med å framføre Patti Smith-låtar som Ragnar Hovland, Agnes og eg har gjendikta. Laurdagen blei eg dybdeintervjua av den beste Kaja Schjerven Mollerin.
På kvelden var det Boksjov, leia av Linda Eide. Her fekk både Ragnar Hovland, Mona Høvring og eg utfalde oss fritt på scenen. Kanskje var dette det mest uføreseielege av programpostane! Sjølv framførte eg eit nyskrive dikt, til blokkfløyteakkompagnement ved Linda og Ragnar. Her hadde vi også med musikk, Rune Klakegg, Nina Gromstad og Cecilie Schilling framførte utdrag av kabareten som Rune og eg har skrive saman, basert på livet til dei eksentriske damene Gertrude Stein og Alice B. Toklas. Masse publikum på alt ihop!
– Ble du tvunget til å improvisere, eller gikk alt på skinner?
– Improvisasjon var liksom ein del av opplegget, så eg trur eg kan seie at alt gjekk på skinner.
– Et gyllent øyeblikk?
– Det var fint å avrunde det heile med ein halv-improvisert opptreden på Logen Bar etter at det offisielle festspelprogrammet var slutt. Rune Klakegg på trekkspel og eg med nokre tekstar frå bøkene mine. Etterpå snurra Marit Eikemo plater, og både artistar, forfattarar og publikum dansa seg inn i mainatta.
– Råd til fremtidige festspilldiktere:
– Planlegg godt på førehand, og ha det gøy mens det står på!