Innkjøpsdebatt: – Einsidig framstilling

SAMLAGET: Edmund Austigard.

DEBATT: Vi må heller sjå på kva suksessen innkjøpsordninga betyr, skriv forlagssjef og Forleggerforeiningas styrleiar Edmund Austigard som svar på at Anne Oterholm i Kulturrådet gir forlaga skulda for at kassa er tom.

Det er godt at innkjøpsordninga blir evaluert og diskutert. Eg sa på jubileumsseminaret til Forleggerforeininga 19. juni at vi gjerne blir med på den øvinga med konstruktive innspel. Målet må vere at innkjøpsordninga skal gjere ein minst like god jobb for litteraturen, lesarane og det norske samfunnet i dei neste femti åra. Mitt inntrykk var at kulturpolitikarane på seminaret delte dette synet. Det er eit godt utgangpunkt for vidare ordskifte.

Les intervjuet med Anne Oterholm i Kulturrådet: – Forlagene melder på for mye

For einsidig framstilling

Eg tolkar Kulturrådet som at ansvaret for budsjettetsprekken ligg på forlaga. Det er sikkert rett. Men eg synes kanskje det blir ei einsidig framstilling som gir lite rom for å sjå kva suksessen ordninga har ført med seg faktisk betyr. For det må jo vere vitsen (med ordninga)?

På 60-talet var norsk skjønnlitteratur i krise, i 2020 er norsk litteratur stor både heime og ute. Den større verdien av 2020-posisjonen er vonleg noko som Høgskulen i Volda vil meine noko om i sin evalueringsrapport. Min påstand er at innkjøpsordninga er eit av dei beste kulturpolitiske grepa som er tekne. Det er berre å tenke seg kor vi ville vore utan. Kulturrådet som har administrert ordninga kan med rette vere stolte av resultatet, og ein kvar kulturminister burde nytte høve til snakke ordninga opp. Her er moglegheita for applaus svært stor for begge partar.

Både sterk og skjør

Eit rikt tilbod av norsk skjønnlitteratur er avhengig av ein stor nok forfattarstand, og slitesterke forlag som har vilje og rom til å tenke i tiår i staden for kvartal. For sjølv om norsk skjønnlitteratur for tida er sterk, er den også skjør. Bak ein debut ligg som regel 2 – 5 års samarbeid mellom forlag og forfattar. Når eit forlag tar fram ein debutant tar ein også eit langsiktig ansvar for utviklinga av forfattarskapen. Dette er krevjande både fagleg og økonomisk. Bak ei kvar utgiving ligg det eit stort nettverk av fagarbeidarar, på og utanfor forlaget. Ingen stad i landet blir det arbeidd så djupt og grundig med det norske språket som i prosessen med å ta fram ny litteratur. Det er kvalitet i kvart ledd i verdikjeda. Aldri før har norsk litteratur stått så sterkt, aldri før har det kome ut meir litteratur. Eg vil tenke at det er ein samanheng her, og håpar at Høgskulen i Volda ser på kva forskjellen på 200 titlar i året og 400 titlar betyr i denne samanhengen.

Er det slik at fleire titlar har stimulert til meir lesing slik vi har sett av leseutviklinga dei siste tiåra? Er det slik at fleire titlar gir oss eit betre og breiare utval av lyrikk, novellar og essaysamlingar. Er det slik at fleire titlar gir oss eit større meinings-og uttrykkspenn? Betyr fleire titlar noko for ytringsfridomen? Betyr fleire titlar noko for den språklege sjølvtilliten til ein og kvar av oss? Ville stort sett alle skjønnlitterære forlag kunna gi ut nynorsk i alle sjangrar om innkjøpsordninga ikkje garanterte for eit økonomisk golv? Aukar sannsynet for ein ny Nesbø, Fosse eller Ullmann om forlaga har sjansen til å satse på fleire debutantar? Betyr fleire titlar noko for danninga av vår? Samfunnsutviklinga? Kva betyr litteraturens eigenverdi for det norske samfunnet? Kor mange titlar i året er mange nok?

Må bruke meir pengar

Eg har ikkje svaret på desse spørsmåla, men eg er overtydd av at verdien som blir skapt gjennom innkjøpsordninga er mykje større for det norske samfunnet enn vi vanlegvis bryr oss med å tenke på. Håpet er at Høgskulen i Volda har fått i oppdrag å svare på dette. Deretter kan vi snakke meir presist om kor viktig litteraturen er for det norske samfunnet, og eventuelt korfor og korleis vi skal gjere innkjøpsordninga endå betre i åra framover. Korleis den skal tilpassast og støtte under det faktum at vi blir digitale, at vi i veksande grad er avhengig av god lesedugleik for å styrke og gjere oss nytte av mangfaldet og ytringsfridomen, og livslang læring , eller den avgjerande rolla dei norske språka spelar i utviklinga av betre helsetenester. Svaret blir kanskje at verdien av det vi har fått til gjennom innkjøpsordninga, ikkje berre gjer det naturleg å investere meir, men naudsynt å bruke meir pengar. Mellom anna for å realisere ambisjonane i kulturmeldinga, språklova og i utdanningssektoren.

Kvar er kulturministeren?

Mot denne bakgrunnen er det ekstra beklageleg at vi i 2020 får ei avkorting på 45%. Det betyr ingenting for haustbøkene i år. Timane forfattarane har brukt ligg bak oss, forlaga sine kostnader er tekne, bøkene kjem. Men avkortinga får fort langsiktige konsekvensar. Både for titteltal og for sjangerbreidda. Det undrar meg derfor at Kulturministeren denne våren har vore fråverande i denne viktige kulturpolitiske saka. Det kan vere at covid-19 har teke all merksemda, og det kan vere at vi som bransje har gjort ein for dårleg jobb med å forklare alvoret i det som blir gjort. Men faktum er at innkjøpsordninga er sjølve berebjelken for eit breitt lesetilbod av norsk skjønnlitteratur.

EDMUND AUSTIGARD