Eit tja-menneske

Kari Stai (foto: Henning Lystad)

Ho har skrive bøkene om ja- og nei-menneska Jakob og Neikob, sjølv har ikkje Kari Stai eit klart svar på noko.

Som mottakar av ei lang rekke prisar og stipend har Kari Stai vorte ein av landets mest anerkjende biletbokforfattarar. Mest kjend er ho kanskje for bøkene om Jakob og Neikob som har fått eit moderne klassikarstempel. No kjem den sjuande og siste boka om dei to motsetnadsfylte kameratane.

Forfattar: Kari Stai

Aktuell med: Jakob og Neikob og tidsmaskinen (Samlaget)

Jakob og Neikob og tidsmaskinen. Kvifor ein tidsmaskin?

– Historia problematiserer tid, at tida både går for fort og kan stå heilt i ro. Og at vi mister ho. Jakob og Neikob får behov for å finne tapte år tilbake, så kva er vel meir naturleg enn å kjøpe tidsmaskin-utstyr i kiosken til Somlekob, som «har all verdas tid»?

– Jakob er eit ja-menneske og Neikob definitivt eit nei-menneske, men kva er du sjølv?

– Det burde eg sikkert hatt eit godt svar på. Men eg er nok rake motsettinga av dei begge – eg har ikkje eit klart og enkelt svar på noko! Så eg ser opp til dei begge like mykje, og blir imponert over kor klare dei er i sin sak, begge to.

 – Med den sjuande boka set du punktum for Jakob og Neikob, kvifor?

Det følast riktig å la dette bli den siste boka. Ulike ting har motivert alle bøkene, og den førre var veldig motivert av eit behov for å bidra med klimafilosofi. Eg følte derfor for å lage ei avrundande historie om Jakob og Neikob som var meir open og absurd (som den første var), og dermed følast ringen slutta, eller fullført på eit vis – eg har gått ein runde gjennom dei sju bøkene og følt eg har fått med både noko veldig «villet» og noko meir fritt.

 – Korleis ser arbeidsdagen din ut?

– Den kan variere veldig, men er alltid prega av tenking, skissering, notering, utforsking, gåtur og podkast/radio. Hovudet jobbar vel eigentleg alltid med idéutvikling, mykje kasting, mens nokre periodar er eg meir i utføring av tekst og/eller bilde. Eg føler alltid eg har mykje ugjort, og tenker ein arbeidsdag aldri blir lang nok. Det handlar jo mykje om å jobbe imot å ta gode val på kva for eit prosjekt ein skal gå djupt inn i, utifrå kva som kan vere viktig eller verdifullt for målgruppa. Kva brenn? Kva kan eg bidra med, som manglar? Eg har mindre formidling no under pandemien, men er ein del engasjert gjennom Den kulturelle skolesekken.

Har du ein favorittillustrasjon?

– Å, det blir heilt umogleg å velje berre ein! Eg har stor respekt for arbeida til Vanessa Baird (bilda hennar i You can’t keep a good rabbit down), Jockum Nordström og Kitty Crowther. Eg vel eit bilde frå Den lille mannen og Gud av Crowther.

Kva for barnebok fortener meir merksemd?

– Bøker som Elven av Anna Fiske og Smadra av Brynjulf Jung Tjønn. Bøker som går inn i vanskeleg problematikk blant barn og ungdom, som psykisk helse og vald, og som likevel bidrar med varme og håp. Er også glad over utgivingar som Gutteboka og 100 historier om gutter (eg har to gutar).

 – Kva for barnebok gjorde størst inntrykk på deg som barn?

Lek med Mons og Mari fra vår til vinter av Kaj Beckman. Den var ei fin verd å dykke inn i. Elles gjekk det veldig mykje i Donald-blad.

Kva må ei verkeleg god barnebok innehalde?

– Karakterar ein blir involvert i, ein knute som er vanskeleg å løyse, og ein uventa og fin utgang. Så må det helst gå over stokk og stein, i liten eller stor grad. Varme, undring, sjel og absurditet synest eg også er viktige element.

Kva for ein barnebokskikkelse ville du helst ha møtt?

– Eg skulle gjerne møtt Albert Åberg. Han har eg alltid vore så glad i, og eg trur han ville vore fin å filosofere med.

Og kven ville du helst ha vore?

– Kanskje Bud i Kurt-bøkene til Erlend Loe. Han verkar som ein fyr som berre køyrer på utan å bekymre seg noko særleg.

Merknad: Jakob og Neikob og tidsmaskinen er dessverre blitt ramma av papirmangelen, og er ikkje på lager før 14.februar, seier Samlaget.