Leiker seg i sandkassa

Den etablerte poeten Finn Øglænd går igjen til topps i Diktkammeret. Les vinnardiktet, intervju og Helge Torvunds grunngjeving.

Det er heile tolv år sidan den etablerte forfattaren Finn Øglænd første gang avslørte at han leika seg på Diktkammeret, då han blei kåra til månadens poet under pseudonymet Anders Richardsen. Det er bare eit av mange nick Øglænd har nytta på kammeret. Antipoet, som han går til topps under denne gangen, er eit anna. Vinnardiktet har fått tittelen ”Ei kvinne spreier armane sine”.

 

– Korleis blei det til?

–  Som dei fleste gode dikt sat dette med ein gong. I ein lang periode har eg ikkje hatt lyst til å skrive og utgi dikt – i fleire år, faktisk – det har verka umuleg med tanke på at responsen på ei diktbok er lik null. Ein kan jo trøyste seg med gleda ved å skrive bra – når ein får det til. Det er sjeldan. Men på nyåret 2016 kjende eg ein liten spire av lyst og tok til att, i det små, fortel Øglænd.

 
Blir bok

– Eg gjorde ein deal med ei Facebook-veninne om å sende henne eit dikt per dag, for at eg skulle skjerpe meg. I løpet av kort tid skreiv eg ein del dikt som kanskje utgjer 1/3 av den nye boka mi. Den kjem i mai/juni på Wigestrand forlag i Stavanger. Tittelen er Ingentings barrikadar.

Også finalediktet hans frå førre månad, ”Søvnen min sa”, blir etter planen med i boka.

 

– Igjen skriv du som antipoet. Tidligare har du forklara antipoesi som ”eit forsøk på å gi orda gyldigheit igjen etter at dei er døde. Poesien kan berre skrivast når det er heilt umuleg.» Var orda igjen døde denne gangen? 

– Eg synest framleis den definisjonen du viser til på antipoesi er god, endå eg ikkje kan hugse å ha sagt eller skrive dette. Men dei mest radikale antidikta har eg lagt til side og satsar på å skrive ei meir reindyrka antidikt-bok neste gong, arbeidstittel er Antipoesiar i utval.

 

Oglaend_Samlaget
Foto: Samlaget

 

Identitetslek i sandkassa

Øglænd har fortalt at han nyttar Diktkammeret ”som ei sandkasse for uferdige dikt.” Der inne møter han lesarar på ein annan måte enn han kan gjennom bøkene sine.
– Det er gøy at du er med over i nye (og mellombelse) Diktkammeret. Vil du seie litt om kvifor du stadig er med?

 

– Det er vel ein vane, eg brukar ofte å «kladde» dikta mine der. Og venlege menneske – ikkje minst Helge Torvund – kan av og til gi ein merknader og lyst til å halde fram med det som i Norge er ein umuleg profesjon i 2016: å skrive og gi ut diktbøker. Eg ser at Helges bok kjem i nytt opplag, men han har ein «menighet» og eg er «anti-menighet»…

 

– Kven er kvinna i diktet ditt? Personane du skriv om har ofte ein viss avstand til verden rundt seg, synest eg. I eit dikt skriv du blant anna «Kjølig som du alltid er tenker du: Ja vel”. Kan eg være så frekk og påstå at dette er litt beskrivande for menneska du skriv om? At dei har ein avstand, eit kjølig og avmålt forhold til omverda – og kanskje også til seg sjølve?

 

– Når det gjeld sjølve februardiktet trur eg ikkje eg kan seie kven denne kvinna er. Ingen som kjenner meg vil heller oppfatte meg som «kjøleg og avmålt». Men som poet opererer ein ofte med det som kallast ein persona – ei slag sosial rolle eller karakter, eller om ein vil: ei skodespelarmaske. Dermed kan ein spele med mange «identitetar», forklarar Øglænd:
– Det er kanskje ein framand tanke her på det pietistiske Sørvestlandet, men for meg som internasjonalt orientert poet ein sjølvsagt ting. Eg er like heime på Balkan som på Jæren både i natur og poesi.

Juryen gratulerer!

 

 

Les månedens dikt:
Ei kvinne spreier armane sine

Skrive av antipoet

Ei kvinne spreier armane sine for å likne på ein meridian.
Ho seier: Eg er heile verden. Alt byrjar med meg.
Eg interesserer meg mest for den blå skuggen rundt henne.
Og det ho ikkje seier når ho insisterer.
Ja, eg er også ein Narcissos, men det går for det meste i grått.
Eg kunne tenkje meg å suspendere orda og bli ein globus.
Eg ville velje ein lenestol framfor dei fleste kvinner.
Dei fleste kvinner ville kunne spele roller i svært lange filmar.
Eg ville ønske at filmane stivna og blei kornete.
Mystikk interesserer meg ikkje, det er berre dekor.
Dine store bryst, dei kunne ha interessert meg.
Men i dag har eg nok med lysglimt og uklåre lydar
og alt anna som finst i periferien.

 

Oglaend2_Privat
Månedens vinner: Foto: Privat

 

Les juryens kommentar:

 Eit og anna lysglimt

Det altomfamnande biletet av mytisk karakter i dei to opningslinjene i månadens dikt er som ein storarta invitasjon:

 

Ei kvinne spreier armane sine for å likne på ein meridian.
Ho seier: Eg er heile verden. Alt byrjar med meg.
– både som eit Gaia-bilete i diktet, men òg til lesaren: ”Kom her, kom med, kom og les!”

 

Men òg i større grad, kanskje, enn me er vane med frå signaturen ”antipoet” på Diktkammeret, ein invitasjon til å tolka, til å lesa inn i – og ut av – teksten meir enn det som nett står der ordrett eller ord for ord, bokstavleg eller ”in so many words”, som det heiter på engelsk.
Linjene i diktet vert meridianar som vil ha med alt, men både avslutninga og linjer inne i diktet viser oss eit talande eg som ikkje vil fokusera på det iaugefallande, som heller er oppteken av den blå skuggen enn på orda ”Eg er heile verden”. Han kan, innrømmer dette eg-et, nok interessera seg meir for hennar bryst, enn for det ho seier. Men det ho seier, kan godt også peike i retning av dei same brysta: ”Alt byrjar med meg”.
Diktet avslører på ein måte her ein som nektar å innsjå det uomgjengelege. Eller ein som trekkjer seg attende frå forpliktande og krevjande relasjonar, han vil heller ha ein komfortabel lenestol. Kanskje er det bare bitter erfaring som tilseier at den slags relasjonar ikkje innfrir lovnadane dei gir?
I staden for den påtrengjande mystikken kring fødsel, amming og byrjinga for oss alle, vil diktet si røyst nøya seg med eit og anna lysglimt, med grå kvardagar, ein globus og uklåre lydar i periferien.  Unngå samanhengar, konsekvensar og halda ting litt på avstand. Diktaren er anten medviten om dette, eller så er diktet kan hende litt klokare enn diktaren, og fortel oss om denne motsetjinga, noko som uansett skapar ei opplevd spenning i diktet.
Og når ein les fleire gonger, vert her avdekka andre meiningslag, bak linjene: At det kanskje er nettopp forsøket på å koma unna mystikken, som endar opp som dekor i grått? At den blå skuggen avteiknar tydeleg konturane av det som diktet eigentleg har oppfatta, men som me så lett vil prøva å flykte frå?

For juryen,
Helge Torvund

 

TorvundBild
Juryleder Helge Torvund

 

Fakta om Diktkammeret

* Diktkammeret har sidan 8. februar 2001 vore eit forum for dikt. Det er ope kvar dag, heile døgnet.
* Diktlærar Helge Torvund kommenterer utvalde dikt, og kvar månad kårar juryen eit utval finaledikt og ein månadens poet. Med atterhald om lengde blir finaledikta prenta i Dagbladet og presentert påBOK365. I juryen sit Helge Torvund, Kristian Rishøi og Maria Børja.

* Fram til 1. april 2015 var Diktkammeret drive av Dagbladet, som fram til 31. august låg på Dagbladet.no. No lever Diktkammeret som ein sjølvstendig nettstad på Diktkammeret.no og på BOK365.

* Meir enn 40 poetar har debutert som forfattar etter å ha starta skrivinga på Diktkammeret. Det har òg vore publisert fleire diktkammerbøker, sist jubileumsutgåva Å våga seg ut i ord på Samlaget i 2011.
Les også: Et naturbarn blant forfattere: Lars Haga Raavand er månedens poet for januar