Diktkammerets redningsmann

Her fortel oktoberpoet Øyvind Rangøy om korleis han redda Diktkammeret – og om vinnardiktet.

 
Månadens poet i Diktkammeret er ingen ringare enn Øyvind Rangøy, mannen som i vår tok på seg den avgjerande oppgåva å byggje opp eit mellombels diktkammer – eit som skulle fungere frå Dagbladet fjerna Diktkammeret frå sine nettsider, til ein ny eigar overtar og bygger opp eit flunkande nytt og funksjonelt diktforum.

 

Det har han gjort med bravur. På Diktkammeret.no skriv poetane som aldri før, og diktlæraren fortel om god konsentrasjon i skriverommet.

Etter eit slikt kraftarbeid finn altså poeten Rangøy tid til å skrive et dikt som ”Det eg vil nokon skal forstå” (les det nedst i saken, saman med Helge Torvunds jurykommentar), som juryen ikkje kan anna enn kåre til månadens dikt.

Resignasjon og repetisjon

– Før eg spør deg meir om arbeidet med Diktkammeret, vil du fortelje litt om korleis diktet vart til?

– Frå ungdommen av har eg grubla på ting, prøvd å forstå dei. Men etter kvart har eg innsett at ein del kjensler kanskje ikkje er der for å bli forstått, men for å finne eit uttrykk og dermed ei forsoning. Eg bar altså på ei grunnstemning, ei kjensle, som famla etter ord. Det som sette bileta i gang var den korte vegen frå å vere redd og gøyme seg, vende det innover, til å vende det utover og bli aggressiv eller berre ufordrageleg. Og det slo meg at dette kan vere uttrykk for det same. Men kor mykje alt dette enn har å seie, så er det så mykje meir med tilværet. Det er ein knivsegg å gå på, men knivseggen er ikkje alt. Derifrå rulla det.

 

– Diktet er ganske langt til deg å vere. Korleis jobba du med det? Har du redigert mykje, eller skreiv det seg fram som ein stri foss?

– Eg skreiv det eigentleg i ei slags stemning av resignasjon. Eg har lyst å sitere noko Diktlæraren ein gong sa på Diktkammeret: «Tvilen er ikkje den største fienden. Tvilen er din gode følgesvenn som får deg til å ha eit kritisk blikk. Resignasjonen er også ein venn. Når du resignerer og ikkje anstrenger deg, vil du frigjera krefter som kjem inn frå ein annan kant, og setja igang spontane og naturlege prosesser som fører til nye og annleise dikt der det resignerte vert ein berande vakker tematikk som formgjev dikt som me sjeldan har sett før.» Slik opplever eg det. Dei spontane prosessane har truleg med seg prosessar som har gått føre seg over lang tid, men sjølve skrivinga tek ikkje lang tid. Det kjem som ein uregjerleg foss, det er berre om å greie å få det ned. For då finn det ein veg å gå, slik vatn gjer.

– Den første linja er sentral, korleis jobba du med repetisjonen av denne?

– Repetisjon er eit grunnleggjande verkemiddel. Det er eg sjølvsagt klar over, men samstundes er det ikkje med ein slik tanke eg bruker det. Eg bruker det ut frå ei kjensle, ein trong, som ein melodi som vil ut, for det kjennest som ein slags musikk. Noko av det fascinerande med å skrive dikt er at det i tillegg til å ha lyd også ber meining i seg, denotasjon og konnotasjon. Det er nesten overveldande i seg sjølv, at desse tinga kan kombinerast. Men kort sagt, repetisjonen vil seg sjølv.

 

rangøy_profilbilete
Øyvind Rangøy er Diktkammerets redningsmann og oktoberpoeten 2015. Foto: Privat

 

 

Noko som vil ut

– ”Det eg vil at nokon skal forstå” kan fort lesast som et klimadikt, der “paletten”, tolka som kloden, ligg tilsynelatande i balanse før ein nært foreståande apokalypse. Eller er eg på jordet?

– For meg finst det ikkje éi rett lesing av desse litt meir ordrike mellomspela i diktet. Det skildrar ulike stemningar, utsikter, frå den staden der ein står mellom den eine og den andre sida. Det finst ein lengt etter harmoni i dette, men samanhengen let ikkje denne vere heilt i fred. I den forstand er det noko som er nært foreståande, men om det er inni eitt menneske eller i ei heil verd, får kvar lesar avgjere om det finst skilnad på.

 

Estisk-filolog på diktjakt

Det er ti år sidan Øyvind Rangøy vart kåra til månadens poet for første gang. Då som nå lever han livet sitt i to land:

– Eg kjenner meg som eit kulturelt amfibium, fortel han. – I Noreg bur eg på Rangøya i Averøy kommune,  der eg kjem ifrå. Der er eg kvalitetsleiar ved Pure Norwegian Seafood AS. Samtidig har kona og eg ein heim med eigen hage i småbyen Põltsamaa i Estland, der vi oppheld oss så mykje vi kan.

– Eg er truleg den einaste estisk-filologen med mastergrad i nynorsk skriftkultur som driv med akkurat dette. Samstundes er eg statsautorisert translatør og driv med omsetning mellom estisk og norsk gjennom mitt eige firma.

 

Redningsmannen

Diktkammeret frå 2001 var laga med det som seinare vart kalla ”steinalderfunksjonalitet”. Mange sakna funksjonar som søk etter gamle innlegg og enklare måtar å finne fram på, og i 2011 bestemte Øyvind seg for å gjere ein innsats:

– Målet mitt var at det skulle likne mest mogleg på det gamle med omsyn til funksjonalitet, slik at brukarane kunne kjenne seg heime, fortel Øyvind.

Det lykkast han godt med. Diktkammeret.no liknar det gamle kammeret. Øyvind har sørgt for fleire utbetringar, men dei er ”gøymt” i det enkle og brukarvennlege grensesnittet, slik at brukarane ikkje vert avspora:

– Samstundes er det ein masse idear eg framleis ikkje har fått realisert. Kanskje den største utfordringa har vore å setje grenser for kva eg kunne få gjort i eitt rykk, og dermed kome i hamn med noko som gjorde det mogleg for kammeret å segle vidare, seier Øyvind Rangøy.
Vi gratulerer både oktoberpoeten og redningsmannen Rangøy med basunar og stortrommar og Helge Torvunds jurykommentar, som følgjer rett etter oktoberdiktet:

 

oyvind-fjell
Oktoberpoeten er òg estisk-filolog, kvalitetsleiar ved eit lakseanlegg og translatør som driv med omsetning mellom estisk og norsk gjennom eige firma. Foto: Privat

 

Det eg vil nokon skal forstå

På den eine sida er eg redd.
På den andre ufordrageleg.

Av og til ligg dis på ufatteleg blanke morgonkulpar. Paletten er i balanse. Eg ber ein stol materialisere seg, og han gjer det, så eg skal vite eg drøymer.

På den eine sida er eg redd.
På den andre ein tyrann.

Skogane er arbitrære biologiske maskinkonstruksjonar, ligg der som skraphaugar etter ein tåpeleg smell, innsett i nokre milliardar år gamle epifenomen i eit idiotisk univers.

På den eine sida er eg redd
På den andre i ekstase.

Eg har aldri vore i utlandet. Det er magisk. Eg vil reise over ei grense. Ingen skal skyte meg i ryggen. Og kanskje, ved ein heilt tilfeldig garasje i eit heilt anna land, skal eg endeleg smake ein transcendental agurk.

På den eine sida er eg redd.
På den andre er eg òg redd.

Resten av sidene er blanke

Øyvind Rangøy


Juryens kommentar: Mektigt og draumeaktig

Det juryen vil nokon skal forstå er at dei tykkjer dette er eit mektigt dikt som opnar seg gåtefullt og gir få svar. Det er, slik det så ofte er, uklart kven ’eg’ er her. Men det er òg uklart om det som skjer i diktet, skjer i vaken tilstand eller i ein draum. Dei sjølvavslørande elementa som finst her, er det lett å tenkja høyrer til det vakne medvitet, men det å få ein stol til å materialsera seg, er magisk og draumeaktig.
I diktet ”Milk debt” skriv Ariana Reines: ”Det er ikkje lett å vere ærleg, for det er umuleg å vere heilskapleg.”

Og diktet til Rangøy understreker ei slik oppfatning. Diktet opnar seg, og opnar eit ”eg”. Men i det opne indre og ytre landskapet som vert skildra, innser me; dette er fragmentarisk og dobbelt. På den eine sida er det ein måte, men på den andre sida er det ikkje motsett, men noko heilt anna.

Den amerikanske presidenten Truman ønska seg ein gong ein einarma økonom, ein som ikkje heile tida sa: ”On the one hand, on the other hand.” For poesien er målet oftare å klara å framstå med tekstlinjer som tilsynelatande enkelt fangar inn noko ekstremt komplekst og samansett, noko som ligg utanfor språket og begrepa. Korleis i all verda kan ein få det til?

Rangøy sitt dikt er eit godt døme på at det går an.
For juryen,
Diktlærar Helge Torvund

 

Fakta om Diktkammeret

* Diktkammeret har sidan 8. februar 2001 vore eit forum for dikt. Det er ope kvar dag, heile døgnet.
* Diktlærar Helge Torvund kommenterer utvalde dikt, og kvar månad kårar juryen eit utval finaledikt og ein månadens poet. Med atterhald om lengde blir finaledikta prenta i Dagbladet og presentert på BOK365. I juryen sit Helge Torvund, Kristian Rishøi og Maria Børja.

* Fram til 1. april 2015 var Diktkammeret drive av Dagbladet, som fram til 31. august låg på Dagbladet.no. No lever Diktkammeret som ein sjølvstendig nettstad på Diktkammeret.no og på BOK365.

* Meir enn 40 poetar har debutert som forfattar etter å ha starta skrivinga på Diktkammeret. Det har òg vore publisert fleire diktkammerbøker, sist jubileumsutgåva Å våga seg ut i ord på Samlaget i 2011.

 

Les også: Bilhavari førte til månedens dikt