Anna Kleiva

Anna Kleiva (Foto: Yngvild Gotaas Torvik)

Den upålitelege våren

Ukens forfatter tar lange dansepausar når ho jobbar. Og drar gjerne på stevnemøte med Heatcliff i Stormfulle høyder. Viss han gidd.

 

Forfatter:  Anna Kleiva (29)

 

Aktuell med: Vårar seinare, Oktober Forlag

Boka handlar om menneske og landskap i ei bygd som opplever fleire dødsfall; om det som skjer etterpå. Korleis redsla sit att i kroppen så mange år seinare, korleis våren spirer på nytt og løyser ut minne om død.

 

Hvorfor skrev du akkurat denne boken? Våren er merkeleg – lys og håpefull, men også upåliteleg, drastisk. Han blir alltid assosiert med liv, men har også døden i seg. Det syntest eg var ein spennande motsetnad å jobbe med. Og så har eg hatt denne minnande skrekken i kroppen sjølv.

 

Vårar seinare_forside

 

Tre favoritter:

  • Sara Stridsberg: Drömfakulteten. Dette er slik eg drøymer om at romanar skal vere: eit presist og poetisk språk, fantastisk gode, nesten mytologiske karakterar, ei ikkje-lineær, subjektiv form.

 

  • Ariana Reines: Cœur de Lion. Reines er så smart og fryktlaus; tittelen viser til kjærleikstematikken i dikta – men også til osten med same namn, og til Rikard Løvehjarte; ho er med andre ord overalt, men ikkje på den tomme referanse-måten.

 

  • Virginia Woolf: Mrs Dalloway. Eg elskar motstanden i bøkene til Woolf, og så sentrifugalkrafta; korleis ho tøyer tidsperspektivet og setningane, den krasse klokskapen.

 

Uslipt diamant:

  • Asta Olivia Nordenhof: Det nemme og det ensomme. Eg veit ikkje om ho kan kallast uslipt, men sidan ho berre har gitt ut to bøker og ikkje er oversett til norsk, er ho ihvertfall nokså ny: dikt som slentrar, svevar, slår til deg. Nordenhof skriv om klasse og identitet på strålande vis.

 

Sist leste bok:

  • Charles Bukowski: Ham on rye. Vittig, klok, trist – og fucka, mest på den bra måten. Setningane er så uanstrengte og gode!

 

Hvordan jobber du?

  • Eg jobbar på fleire måtar, men oftast startar det med ein uklar idé, eit par notat over lang tid. Så ei periode der eg kanskje noterer litt til, og elles går og tenkjer mykje på kor dårleg eg er som ikkje set meg ned og skriv. Når eg endeleg ryddar plass til å skrive, ligg det som regel ganske mykje tekst på lur, eg skriv og kjenner meg glad. Men eg misliker at arbeidet er så stillesitjande; i redigeringsfasen tek eg særleg mange dansepausar med høg musikk, det hjelper.

 

Hvilken litterær skikkelse ville du helst hatt stevnemøte med? Eg las Wuthering Heights då eg var 14 – og sidan, det er sikkert den romanen eg har lese flest gongar. Så det må bli Heathcliff! Viss ikkje han gidd, ville eg gjerne hatt ein prat med Cathy i staden.

 

Hvem blir neste norske nobelprisvinner i litteratur? Eg blir veldig glad viss Fosse får prisen, han er vel den mest nærliggande kandidaten, og eg synest han har skrive fantastisk teater.

 

Facebook og sosiale medier – fest eller kolera? Eg var utmeld av facebook i nesten eit år, det var nydeleg. Så kom abstinensa over natta, og no er eg der igjen; eg gjer ingenting, berre sit og glor eller får noia. Det er kolera.

 

Et jordbærsted utenom det vanlige på nettet: Eg er eigentleg heilt amatør på nettet, bruker berre dei vanlege sidene, fortaper meg på nrk (!) eller imdb. Når eg lengtar etter Los Angeles, les eg av og til om byutvikling og lokalpolitikk på nettsidene til LA Times …

 

På bar med Knausgård eller middag med Dag Solstad? Det må bli bar med Knausgård, mest fordi eg synest middagssettingen er så klein.

 

(Forfatterfoto: Yngvild Gotaas Torvik)