Brage til Anna Fiske

Anna Fiske (Foto: Maja Hattvang)

Brageprisen i kategorien barn og ungdom går til Anna Fiske for romanen "Elven".

Ved prisutdelingen sa kulturminister Trine Skei Grande: – Det kan vel ikke finnes noe mer meningsfullt og viktig enn å skrive for barn. Og om prisvinneren sa hun: – Bøkene til årets prisvinner er av gjennomgående god kvalitet. Dette er noe så sjeldent som en poetisk pageturner.

Anna Fiske var rlrt og glad over å få prisen og sa: Jeg er så stolt over å gi de tidlige leseopplevelsene dampende matjord. Takk til alle mednominerte og alle barn- og ungdomsforfattere.

Fiskes selvillustrerte roman er kommet ut på Cappelen Damm, og i begrunnelsen for å gi henne prisen skriver juryen:

«Årets vinnar av Brageprisen i kategorien barn og ungdom har dei siste åra produsert eit mylder av ulike bøker i mange sjangrar. Det er mogleg å peike på kvar og ein av bøkene og slå fast at det er årets prisvinnar som har laga dei – og at bøkene er av gjennomgåande høg kvalitet. Prisvinnaren har ei eiga evne til å skape litteratur som inkluderer og involverer eit breitt spenn av lesarar. Årets vinnarbok har eit dirrande plot som nærast tvingar historia vidare, der kanskje dei viktigaste tinga i livet står på spel. Forteljinga formidlar sterke indre og ytre krefter som lesaren kan kjenne på kroppen. Den kriblande og ofte unemnelege uroa som tenåra fører med seg vert i boka gitt ei form som ikkje liknar noko anna i barne- og ungdomslitteraturen av i dag. Ungdomstida viser seg både som skjør og svært dramatisk, men også som ei vakker vårløysing i dette verket, som innbyr til ei usedvanleg rik estetisk oppleving. Dette er noko så sjeldan som ein poetisk pageturner. Her kjem nyansar og temperatursvingingar i hovudpersonens utvikling fram like mykje gjennom det visuelle som det verbale formspråket, og det kraftfulle samspelet mellom tekst og bilde skaper ei emosjonelt intens og tankevekkande lesaroppleving.

Det er ei glede å kunne meddele at årets Bragepris i kategorien barn og ungdom går til Anna Fiske for Elven

De nominerte

Øvrige nominerte i klassen for barn og ungdom var

Kaia Dahle Nyhus: Verden sa ja, Cappelen Damm

Kristin Roskifte: Alle sammen teller,Magikon

Arne Svingen: En himmel full av skyer,Gyldendal