Best på nynorsk for barn – og det er fakta

TI PÅ TYJUE ÅR: Desse er det viktigaste sidan år 2000, meiner juryen.

Ein jury har kåra dei ti beste faktabøkene for barn som er skrivne på nynorsk etter år 2000.

Som ein del av Bokåret 2019 har Nynorsksenteret, Pirion, Framtida.no og Framtidajunior.no tatt initiativ til å kåra dei beste faktabøkene på nynorsk etter 2000 for å vise breidda i den nyare, nynorske barnelitteraturen skrivne av norske forfattarar.

– Då vi skulle velje bøker i kategoriane barnebok, biletbok og ungdomsbok var ei av utfordringane at det var svært mange bøker vi ikkje fekk plass til på listene. I kategorien faktabøker, vart det tydeleg for juryen kor lite utvalet av nynorsk sakprosa for barn og ungdom er. Vi ser at det er få bøker for kvar aldersgruppe, innan kvart tema er det eit relativt lite utval og det er fleire tema vi ikkje finn bøker for. Men vi såg også at ein finn gode nynorske faktabøker om mange tema, bøker som er fine for høgtlesing, lese sjølv og til bruk i undervisning, seier høgskulelektor Liv Kristin Bjørlykke Øvereng ved Nynorsksenteret.

Ho har leia juryen saman med høgskulelærar Liv Astrid Skåre Langnes. Juryen har valt ut 10 bøker i dei fire kategoriane: barnebøker, biletbøker, ungdomsbøker og no til slutt faktabøker for barn og ungdom..

– Barn som les fagbøker, åleine eller saman med vaksne, kan utvikle større ordforråd og betre leseforståing. Dette kan igjen påverke evna til å formulere seg skriftleg. Sjølv om utvalet av nynorske fagbøker for barn er lite samanlikna med bokmål, er vi glade for at fleire av forlaga har tatt dette på alvor og kjem med stadig nye utgjevingar. Vi håpar å sitje med eit endå større utval neste gong vi skal gjere ei kåring, held Liv Kristin Bjørlykke Øvereng fram.

Berre éi bok per forfattar

Juryleiarane fortel at juryen har arbeidd etter tre prinsipp:

– Eit av prinsippa har vore at boka skal vera utgitt etter år 2000, boka skal heller ikkje skal vera omsett, men nynorsk originallitteratur. Det tredje prinsippet har vore at kvar forfattar berre kan vera representert med ei bok, seier Liv Kristin Bjørlykke Øvereng.

Troels Posselt frå Foreningen Les, kritikar og litteraturformidlar Janne Karin Støylen og lesegledar Trond Strand har òg vore med i juryen.

– Prinsippet om ei bok per forfattar inneber at fleire forfattarskapar blir representert i kåringa, dermed får me kasta lys over ein større del av den nynorske barnebokhylla gjennom den merksemda kåringa gjev. Ei tilsvarande liste med fleire titlar av færre forfattarar ville gi eit smalare og svakare bilde av den store litterære rikdommen som finst i dei nynorske barne- og ungdomsbøkene, seier jurymedlem Janne Karin Støylen.

Samlar bøkene i katalog

I etterkant av dette prosjektet vil Nynorsksenteret samla bøkene i ein katalog.

– I katalogen vil me gi ein fyldigare presentasjon av alle dei nominerte bøkene. Me vil i tillegg presentere fleire av bøkene til ein del av dei nominerte forfattarane. I tillegg vil me presentera nokre bøker som fell utanfor våre utvalsprinsipp, til dømes klassikarar før år 2000, bøker av utanlandske forfattarar og bøker i andre sjangrar som dikt og teikneseriar, fortel Liv Kristin Bjørlykke Øvereng.

Målet er at katalogen skal bli eit godt verktøy for barnehagelærarar, lærarar, bibliotekarar, foreldre og andre som skal hjelpe barn og ungdom å velje nynorske bøker, seier juryleiarane.

Her er lista over dei ti beste nynorske sakprosabøkene for barn:

Under ein stein

Erna Osland og Inger Lise Belsvik (illustrasjon)

Kjempefin og informativ bok om små dyr som lever liva sine under ein stein. Boka pirrar nysgjerrigheita til lesaren. Illustrasjonane er tydelege innhaldet blir formidla gjennom eit velklingande språk, tilpassa barn.Perfekt å ha med ut på tur.

Ida

Torstein Helleve og Jørn Hurum og Esther van Hulsen (ill.)

Ei fantastisk forteljing om fossilet Ida, med informative og realistiske illustrasjonar. Boka er delt i to, der den første delen fortel historia om livet til Ida, frå fødsel til død. I fagdelen av boka får vi kjennskap til korleis ho levde, og korleis forskarar arbeider for å hente fram slik kunnskap. Boka inviterer lesaren til varierte måtar å lese på.

Klara kan mykje rart om mat

Terese Grøtan og Ella Okstad (ill.)

Kunnskapsrik bok som tek historia bak maten på alvor, og som viser alt ein kan få til viss ein vil det nok. Klara er på sommarferie hos bestemor, og hjelper til i den vesle gardsbutikken hennar. Vi blir med dei på leit etter lokal mat å selje. Vi får lære om kortreist mat, korleis mat blir til og ulike eigenskapar maten har.

Viss eg hadde hale

Mats Eldøen og Sindre Goksøyr (ill)

Ei uvant, original og overskridande tilnærming til formidling av fakta. Boka handlar om kva dyra brukar dei ulike kroppsdelane sine til, sett inn i korleis det ville sett om vi hadde desse eigenskapane sjølve. Her får begge hjernehalvdelane vere i full sving. Fakta på ei side, leik med assosiasjonar og fantasi på den andre.

Ti ville ekspedisjonar

Pia Strømstad og Trond Bredesen (ill.)

Inspirerande forteljingar om kjende og mindre kjende ekspedisjonar. Oftast høyrer vi om dei vellykka ekspedisjonane, dei som lykkast i å kome heilt fram eller setje rekorden dei håpa på. Men mange når ikkje målet. I denne boka er også dei med. Dette er ei faktabok som gjev noko ekstra: Vi føler vi er med på ekspedisjonane.

Dyras beste sjekketriks

Malin Hellebø og Camilla Kuhn (ill.)

Energisk og humoristisk formidling av korleis dyr går fram når dei skal finne ein partnar. Malin Hellebø samanliknar flørting og kurtise i dyrelivet med våre eigne måtar å nærme oss kvarandre; dyra dansar, kysser og gjev kvarandre gåver. Ein underhaldande og kunnskapsrik inngang til den merkverdige dyreverda

Ørjans keeperskule

Ørjan Nyland og Eirik Ingebrigtsen

Personleg skildringar om korleis ein skikkeleg god keeper tenkjer og handlar i avgjerande situasjonar i ein kamp. Boka har ei rekkje tips om korleis ein kan bli ein god keeper. Innimellom avsnitta med treningstips, kjem forteljingar frå Ørjan Håskjold Nyland si fantastiske karriere. Boka er illustrert med mange store og gode bilete frå trening og kampar med fullsatte stadion.

Klimaboka

Sigri Sandberg Meløy

Ei bok om klimaproblem som gjer temaet levande og nært,som angrip det frå mange vinklar, og  oppmodar lesaren til å tenkje sjølv. Boka styrer innom brennaktuelle problemstillingar og sneiar borti både isbjørn, klimamodellar, satellittar, drivhuseffekten og ny forsking. Lettbeint og munnleg om store og vanskelege spørsmål.

Ordleiksboka

Olaf Husby og Stina Langlo Ørdal (ill)

Leiken, humoristisk og myldrande bok for språkinteresserte og dei som skal blir det. I denne boka kan du bli med på ei oppdagingsferd i språkverda og leike md ord, uttrykk, ordtak og dialektord. Kva bokstav har sitt eige kapittel. Der finn vi aktivitetar rim, regler, vitsar, rebusar og fakta. Ulike innfallsvinklar til bokstavleik. Bør stå i bokhylla både på lærarrommet og barnerommet.

Som ein bror

Alfred Fidjestøl

Velskriven forteljing på nynorsk om livet til sjimpansen Julius. Visuelt er boka lekker og innbydande, med mange foto frå kvardagen, både i dyreparken i Kristiansand og heime hjå menneskefamiliane der han vaks opp. Språket er lett og daglegdags, og historia rører ved og engasjerer lesarar i mange aldrar.

 

 

 

-- annonse --